E39 over Gartnerløkka
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Avisinnlegg
Tale/innlegg | Dato: 30.01.2006
Tatt inn i Fædrelandsvennen 16.01.06
E39 over Gartnerløkka
Av samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Fædrelandssvennen har i det siste hatt fleire oppslag der det
blir gitt eit inntrykk av at eg alt har gjort meg opp ei endeleg
meining når det gjeld val av bru eller tunnel som løysing for ny
E18 over Gartnerløkka i Kristiansand. Avisa skriv mellom anna at
samferdselsministeren ”vil helst at nye E39 skal gå i bro” og at
”samferdselsministeren har blandet seg inn, og ikke vil gi opp
broalternativet”.
Dette er ei uriktig framstilling, og eg vil difor nytte høvet til å gjere merksam på følgjande:
- Eg har ikkje gjort meg opp ei endeleg meining i denne saka.
- Miljøverndepartementet har no til endeleg handsaming saka som gjeld E39 over Gartnerløkka. I tråd med vanleg praksis i slike saker vil Miljøverndepartementet få eit innspel frå Samferdselsdepartementet. Som ein del av arbeidet med denne saka i Samferdselsdepartementet har eg henta inn synspunkt og faglege vurderingar frå Statens vegvesen. På grunnlaget av materialet frå Statens vegvesen og eit stort tilfang av synspunkt og informasjon frå anna hald – vil eg så komme med mi tilråding til Miljøverndepartementet.
- Den 10. februar kjem eg til Kristiansand, der eg mellom skal på synfaring på Gartnerløkka. Eg vil i samband med dette be om meir informasjon frå Kristiansand kommune om vegløysing over Gartnerløkka. Eg har i samband med dette avtalt eit møte med Kristiansand kommune og fylkeskommunane Aust-Agder og Vest-Agder for å drøfte saka.