Ein raudgrøn jernbanepolitikk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Artikkel av samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Tale/innlegg | Dato: 27.07.2006
Ein raudgrøn jernbanepolitikk
Av samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp)
Publisert i Jernbanemagasinet nr 6 - 2006
Etter fleire år med nedgang i persontrafikken på jernbanen, er det svært triveleg at vi i dei to siste åra har hatt ei positiv utvikling. Eg registrerer òg at kundane i 2005 var meir nøgde med jernbana, mellom anna på grunn av meir punktelege tog og meir nytt togmateriell. Det er viktig å byggje vidare på denne positive utviklinga.
Denne regjeringa ønskjer å byggje landet, og ta heile landet i bruk. Samferdsel er ein viktig føresetnad for busetjing, næringsutvikling og ressursutnytting. Ein samferdselspolitikk for framtida inneber auka satsing på kollektive transportløysingar både for menneske og gods. I og rundt dei største byane må kollektivtilbodet vere så godt at fleire vel å reise kollektivt, og her spelar jernbana ei nøkkelrolle. Erfaringane med Trängselsskatten i Stockholm viser at overgangen til kollektive alternativ ikkje kom på det tidspunktet då kollektivtilbodet vart utvida, men først fire månader seinare då rushtidsavgifta på biltrafikken blei innført. Det viktige for næringsliv og folk er ikkje at det vert bygd fleire vegar, men at vi i sum gjennomfører tiltak som gjer at folk og gods faktisk kjem raskare og tryggare fram.
Vinterberedskap
Togtrafikken sist vinter var ikkje punkteleg nok og
regulariteten var for dårleg. Store snømengder og ein ikkje god nok
beredskap førte til store forseinkingar i togtrafikken mellom anna
på Austlandet. Dette kan lett føre til at den positive
trafikkutviklinga stopper opp og jernbana får eit dårlegare
omdøme. Vinteren er no over, men vi kan ikkje lukke auga og
stole på at ein slik vinter ikkje kjem igjen. Det er viktig å vere
godt førebudd til neste vinter og gjennomføre tiltak og betre
rutinar for å handtere ein liknande situasjon.
Omstillingsarbeidet i Jernbaneverket
Regjeringa har i tråd med Soria Moria-erklæringa
stoppa privatiseringa og konkurranseutsetjinga av drifts- og
vedlikehaldsoppgåvene i Jernbaneverket. Eg er ikkje berre skeptisk
til den omfattande konkurranseutsettinga den førre Regjeringa sette
i gang i høve til Jernbaneverket. Eg synest også måten endringane
vart gjennomførde på, var problematiske. Den omfattande bruken av
sluttpakker har vore ressurskrevjande og medverka til at mange
dyktige medarbeidarar har slutta. Eg har bedt om at Jernbaneverket
sjølv utviklar ein plan for korleis verksemda kan effektiviserast.
Stans i konkurranseutsetjing betyr ikkje stans i
effektiviseringa.
Prosjektfinansiering
For ein togoperatør er det viktig med ei
føreseieleg utvikling av jernbanenettet. På grunn av det norske
statsbudsjettsystemet kan det vere vanskeleg å føreseie framdrift
for det einskilde prosjekt. Det er òg viktig for oss å vurdere ein
meir heilskapleg utbyggingsstrategi, der heile strekningar, i
staden for enkeltparsellar og enkeltprosjekt, blir vurderte samla
for gjennomføring. Dette vil regjeringa gjere noko med, og er vi i
ferd med å utgreie prosjektfinansiering som eit alternativ til
dagens form for finansiering.
Utfordringar framover
Etter åtte-ni månader i stolen som
samferdselsminister er det nokre utfordringar i jernbanepolitikken
som blir tydelegare for meg ettersom tida har gått. Det er viktig å
vere merksam på at ei oppfylling av den ramma Stortinget har
vedteke, og som er på line med Soria Moria-erklæringa, byggjer på
ein strategi der berre 10 prosent av banenettet vil bli opprusta i
nær framtid. Likevel vil det ta svært mange år før vi når ein
standard med samanhengjande dobbeltspor. Dersom vi vel å prioritere
ei meir samanhengjande utbygging, vil dette føre til ei
konsentrering av ressursane. Dette står i kontrast til dagens
røyndom der både lokale styresmakter og ulike krefter på Stortinget
stadig kjempar om planmidlar og oppstartsløyvingar til ”sitt
prosjekt” i von om å binde opp framtidig ressursbruk.
Ei utfordring knytt til eventuelle høgfartsbaner (i tillegg til dei enorme kostnadane) er at så høg fart krev lange og rette strekningar og få stopp. Det vil truleg bli krevjande å kombinere svært høg fart med fullt trafikktilbod for alle dei viktigaste byane og knutepunkta. Samferdselsdepartementet skal saman med Jernbaneverket, greie ut potensialet for høgfartstog i Noreg. Så langt har dei fleste jernbaneutbyggingar ikkje hatt som utgangspunkt at det skal drivast høgfartstrafikk over 200 km/t. Mellom anna basert på resultata av det arbeidet som er sett i gang, tek departementet sikte på å omtale potensialet for eventuell utbygging av høgfartsbaner (over 200 km/t) overfor Stortinget i samband med neste revisjon av Nasjonal transportplan, som etter planen skal leggjast fram i 2008.
For å få til ei auka satsing på jernbana i åra som kjem, er eg avhengig av god støtte frå aktørane i jernbanesektoren.