Historisk arkiv

Eit godt tilbod for heile landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Eit godt tilbod for heile landet

Leserinnlegg publisert i blant annet Fædrelandsvennen og Østlandsposten uke 28 2006

Av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Ein del oppslag i presse og kringkasting i det siste kan gi inntrykk av at Samferdselsdepartementet har avgjort saka som gjeld framtidig tenestetilbod og struktur for nettet av trafikkstasjonar.

Dette er ikkje riktig og eg vil difor gjere merksam på følgjande:

I 2004 gjennomførte Statens vegvesen, på oppdrag frå Bondevik regjeringa, eit arbeid med effektivisering av tenestetilbod og tenestestruktur innanfor trafikant- og køyretyområdet. Resultatet vart nedskjeringar og sentralisering i tenestetilbodet og tenestestrukturen. Nokre av desse endringane vart gjennomførte i 2004 og 2005.

I oktober 2005, straks etter regjeringsskiftet, bad eg Statens vegvesen stanse vidare endringar inntil etaten har kome med ein heilskapleg plan for tenestetilbodet. Statens vegvesen har etter dette ikkje gjennomført endringar i tenestetilbodet.

Statens vegvesen har no fremja forslag til ein heilskapleg plan for tenestetilbodet. Forslaget er sendt på høyring til lokale og sentrale interessentar, og høyringsfristen er 15. september i år. Det synest å vere dette høyringsutkastet det no vert reagert på, men dette utkastet har ikkje vore politisk handsama.

Eg ynskjer at brukarane av trafikkstasjonane skal få eit godt og tilgjengeleg tilbod i heile Noreg. Eg er glad for det store engasjementet hos folk for å behalde ein forsvarleg desentralisert struktur på trafikkstasjonane. Det vil ikkje bli gjort endringar i tenestetilbodet før høyringa er ferdig og Vegdirektoratet har kome med ei tilråding. Fyrst etter dette vil eg ta ei endeleg avgjerd i denne saka.