Historisk arkiv

Eit hår i suppa til Jacques Barrot

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Innlegg i Nationen av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Innlegg i Nationen av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Eit hår i suppa til Jacques Barrot

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Publisert i Nationen 30.08.06

Ei av dei første oppgåvene for ein fersk statsråd,er å fly til Brussel for å gjere hosene sine grøne. Jubelbrusen etter valnatta hadde så vidt stilna, og blekket i Soria Moria-erklæringa hadde så vidt tørka med visjonane for Noreg dei neste fire åra, då billetten vart bestilt. For når visjonane for Norge skal setjast ut i livet, ja då må vi godprate med EU-kommisjonen.

EØS-avtalen ligg fast som grunnlag for regjeringas arbeid. Det er eit naudsynt kompromiss. Eg vil ikkje gå så langt som å seie at eg lever godt med den. Men eg lever med den, og den gir meg tross alt mykje større handlingsrom som samferdselsminister enn eit EU-medlemskap ville gjort!

Vi har lovt at Noreg skal ha ein meir offensiv Europa-politikk. Vi har lovt at Noreg ikkje skal stå med lua i handa i korridorane til Kommisjonen. Men sjølv om vi ikkje tek av oss lua risikerer vi at det hamnar nokre hår i suppa. Akkurat slik kjende eg meg fyrste gong eg reiste til Brussel. Då møtte eg Jacques Barrot, visepresidenten for Kommisjonen og ansvarleg for transportpolitikken. Vi drøfta kryssubsidiering av kortdistanseflyplassar. På godt norsk tyder det at flytrafikken i sentrale strøk er med å betale for at vi kan ha eit nett av flyplassar i heile landet, også på mindre stader. Det vil seie at vi kan velje det samfunnsøkonomiske rette, sjølv om det isolert sett ikkje er bedriftsøkonomisk lønsamt. Denne solidariteten meiner eg er grunnplanken i norsk distriktspolitikk. Det kostar litt i kroner og øre med breiband, flyplassar og gode vegar over heile landet. Men det ville kosta så mykje meir om norske distrikt skulle spikra igjen døra og flytta til byen. Det var denne logikken eg ville forklare Monsieur Barrot. Eg stod ikkje med lua i handa. Men eg kjende meg definitivt som eit hår i suppa.

La meg kort summere grunnlaget for regjeringas offensive Europa-politikk: Vi er ikkje urolege for å vere eit hår i suppa til EU dersom situasjonen tilseier det. Vi torer å insistere når vi ser at norske interesser er truga. Heile ideen med EU sin indre marknad er å straumlinjeforme regelverket slik at varer og tenester kan flyte fritt over grensene. Det seier seg sjølv at dette går på kostnad av lokal tilpassing. Denne logikken totalkrasjar med grunnsynet til Senterpartiet om at dei beste løysingane finst lokalt. I møtet med EØS-direktiv tilseier derfor sunn fornuft i blant at vi må setje foten ned, sjølv om det lettaste kunne vere å lene seg tilbake og si: vi har ikkje noko val – EU tvingar oss!

Regjeringa Bondevik fekk til dømes vedteke å avvikle den såkalla eineretten til Posten Noreg AS. Det gjorde dei fordi ein i fleire år har venta på eit EU-direktiv som påbyr full liberalisering av postmarknaden i Europa. Bondevik ville altså vere føre var – eller flinkaste guten i klassa. Den som gjer som EU ønskjer til og med før EU ber oss om det. Situasjonen i Noreg er slik at store delar av postmarknaden allereie er omfatta av fri konkurranse. Den striden stod om var om den siste delen av eineretten til Posten skulle falle, det vil seie for brevpost under 50 gram. Noko av det fyrste eg gjorde som statsråd var å stoppe denne liberaliseringa. Eg meiner det er naudsynt for Posten å behalde eineretten fordi den finansierer at alle distrikt har postombering seks dagar i veka, og at prisen på porto er lik i heile landet. Lik porto og postombering i heile landet heile veka kunne stått for fall. Medan regjeringa Bondevik valde å liberalisere før EU gjorde det sjølv, valde vi å ha ei offensiv haldning overfor EU-kommisjonen. Samferdselsdepartementet har hatt mange møte med Brussel om dette. Og vi merker faktisk at Kommisjonen høyrer på oss! Det viser seg at fleire medlemsland har samanfallande interesser med oss når det gjeld mellom anna postombering. Liberaliseringa i fleire land har bremsa opp. Sjølv i Nederland, med ein geografi som gjer det enklare med frislepp av postmarknaden, har ein utsett liberaliseringa. I Estland har ein snudd og vurderer å gjeninnføre einerett. Det er slett ikkje sikkert at Post-direktivet som Bondevik prøvde å kome i forkjøpet av blir så ille som frykta.

Sakene står i kø i månadene som kjem. Tekst til nytt post-direktiv vil venteleg kome neste år, og vi veit ikkje kva dette vil innebere. Ei anna viktig sak Samferdselsdepartementet jobbar med er EUkrava om kor lange vogntog kan vere. Mange norske vogntog er ein halv meter for lange. Det gjer dei enklare å manøvrere på svingete norske vegar. Dette er ei svært viktig sak for norsk transportnæring, og for trafikktryggleiken. Kanskje er direktivet fornuftig for å forhindre forbikøyringsulukker på tyske motorvegar, men ein tenkte nok ikkje på norske vestlandsvegar når ein skreiv direktivet! Noregs Lastebileigarforbund fryktar at 8000 norske vogntog må parkerast dersom ikkje vi finn ei løysing med EU. Eg skal jobbe hardt for at vi får eit varig norsk unnatak. Og det bryr meg ikkje nemneverdig om transportkommisær Barrot synest eg er eit hår i suppa!

For når sant skal seiast: EØS-avtalen er jammen eit hår i suppa mi også. Men eg lever med det. Derfor har eg invitert kommissær Jacques Barrot til Noreg. Då skal eg vise han svingete vestlandsvegar og små øysamfunn med postombering kvar dag.