Historisk arkiv

Etnemarknaden – opningstale

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Steinulf Tungesvik, statssekretær Samferdsledepartementet

Etne, Hordaland, 5. august 2006

Gode etnesbuar og anna godtfolk!

Dette er kjempekjekt! Endå meir som skåneviksbu enn som statssekretær og regjeringstalsmann. Tenk å få stå her – midt i etnesbygdo og snakka for alle dykk. Eg er stolt og takksam. I mi tid på smågutelag og slikt var nok Skånevik noko dårlegare enn Etne, og eg har ikkje berre gode stunder med meg frå banen her. Men i dag vil eg ikkje ha motstand!

For eg har slikt eit godt føremål:

Å opna Etnemarknaden, som er ei messe verd! Her er musikk. Tivoli, dans og moro. Spel, konsertar og forteljing. Tidtrøyte og underhaldning. Landbruksmesse og alle andre slags messer, til og med høgmesse. Og mykje meir sett saman med kjerneverdien i marknaden:

Å gripa fatt i det som er Etne, det som er identiteten her, og løfta det fram som det bygda er stolt av. Seminar om kva som skjer når landbrukspolitikken har blitt endra mykje siste åra, kalvamønstring, ljåslått, trekkhesttevling, traktorterkktevling, fesjå og mykje meir. Mellom anna vandreutstillinga til Noregs Mållag i jubileumsåret til denne 100-årsjubilanten for organisert arbeid for nynorsk og dialektane.

Dette fortel om ei stolt bygd og stolte arrangørar, deltakarar og publikummarar.

Bygde-Noreg og landbruket spesielt er under press i vår tid. Frå sentraliseringskrefter på alle nivå. Frå marknadskrefter, og frå ein populærkultur som dyrkar det urbane livet. Dét er vel og bra, men det er altså også livet på bygda. Mykje her er til og med betre. Med utforminga av marknaden får de fortalt det til alle besøkande utanfrå, og – kanskje aller viktigast – til dykk sjølve!

Marknaden er blitt ein institusjon, ei viktig hending i Hordaland og vidare. Det er jo vanleg med Dagsrevydekning, slik eg hugsar frå i fjor.

Eg har sett at folk som Erna Solberg og sist statsministeren, Jens Stoltenberg, har vore opnarar tidlegare. Eg skal helsa frå statsministeren og sei det var ”en stor opplevelse for meg å være der i fjor”, slik han nett sa det i ein sms.

Når de i år ikkje har gått over bekken, men berre over næraste fjellet må eg få opphalda meg litt meir med granneskapen.

Eg sa eg var stolt og takksam for å stå her, som skåneviksbu. Som i alle grannebygder er det kiving mellom Etne og Skånevik. Ein gamal skåneviksmann – eg nemner ikkje namn – sa på Hordalandssendinga for ein god del år sidan at: ”Etne, jo, eg hadde måtta reisa gjøno nokre gonger når eg måtte til Haugesund. Men då blinda eg att augo!”

Det seier noko, i alle fall om ein tone, om enn oftast spøkefullt. Men sjølvsagt er det reelle debattar om sjukeheimsplassering, om kulturhus kontra skule i alle krinsar – og dei er det ei oppgåve for alle i ivareta på beste vis.

No høyrer me i alle fall at arbeid er sett i gang for å skaffa klåre liner ein gong for alle, når somme ønskjer tunnel gjennom fjellet! Dét er i ein tidleg fase, og eg seier lukke til.

Eg er altså òg medarbeidaren til samferdsleministeren, og kan ikkje heilt gå utanom det. Ein god del har heldigvis skjedd i distriktet på vårt felt. Og det er rett, for vegstandarden var ”noko tilbake å ønske”.

Åkrafjordvegen opna endeleg i 2000 – like etter Bondevik var i etne. Rullestadjuvet opna i juni, klypt opp av Liv Signe Navarsete. Før det løyvde me pengar til utviding av prosjektet, slik at dei stygge svingane ved Vintertun også vert tekne.

Så har me lova å gjera meir enn dei før oss, og då er det mykje meir me ser nøye på: Snøggbåttilbodet gjennom styrka fylkesøkonomi, vegen i Stordalen, og så må det skje noko med svingane nærast Skånevik. Eller kva?

Me er vestlendingar, og eg trur med har blitt flinkare til å leggja oss frampå no. Likevel er det evige sanningar og i alle fall sterk gjenkjenning i Ingvar Moe sin udøyelege:

Vestlandet i meg  

Gje aldri uttrykk for ka du føle, trur og meina
D’e så toskje, vettu, å meine ting åleina,
Så ser eg noko løye og får så løst å le
Så ser eg føsst på andre før eg våga la det skje.
Det e Vestlandet i meg.
Det e Vestlandet i meg det.

Snakk adle itte munnen, å skryt di opp i veret,
og smisk og smil og nikka – iallfall te di fere.
Eg stryke folk med håro te di snur ryggjen te,
Då kan eg leggja ut om kor søndige di e.
Det e Vestlandet i meg.
Det e Vestlandet i meg det.

Det venta alltid straff nå’ du ha det kjekt og løye
og knirka litt med sengjo elle hoppa litt i høyet.
Viss eg ein gong imjødlo bli nødde te å gle
Meg øve livet, så vett’ eg eg må him og be.
Det e Vestlandet i meg.
Det e Vestlandet i meg det.

Forsyn deg mens du kan, for du vett ’kje om det vare
og kjeme flasko fram, då bør du lukte fare.
Nå’ andre tar seg éin, som di sete lengje med,
Då hiv eg innpå fira’ og lar di renna ned.
Det e Vestlandet i meg.
Det e Vestlandet i meg det.

Terje Tysland står klar. Eg skal ikkje gli over i hans låt ”Politikernes klagesang” og overlet heller scena til ”Mytji arti”!

God Etnemarknad – som med dette er opna offisielt òg!