Historisk arkiv

Korleis styresmaktene legg til rette for transport og logistikk for norsk næringsliv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Statssekretær Steinulf Tungesvik

Korleis styresmaktene legg til rette for transport og logistikk for norsk næringsliv

Statssekretær Steinulf Tungesvik, Samferdselsdepartementet
DHL og Geelmuylden-Kiese sitt Transport- og logistikkseminar 22. juni 2006.

Denne regjeringa (Senterpartiet) ønskjer å byggje landet og ta landet i bruk.

Samferdsel er ein viktig føresetnad for busetjing, næringsutvikling og ressursutnytting. Transportpolitikken er eit verkemiddel for å skape vekstkraftige og attraktive bu- og arbeidsmarknadsregionar. Regjeringa legg stor vekt på utvikle ein transportpolitikk som dekkjer næringslivets transportbehov i alle delar av landet.

Norsk næringsliv har store utfordringar med lange transportavstandar til marknadene. Transportkostnadene – som me kallar avstandskostnadene – er høge samanlikna med mange andre land, særleg for næringslivet i distrikta. Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for rimelege, pålitelege og effektive transportar. Dette vil vere med på å gjere næringslivet meir tevleført. Dette er ei stor utfordring fordi Noreg er eit langt og spreiddbygt land. Kostnadene ved å leggje til rette for billege og effektive transportar er difor høge.

Regjeringa ønskjer difor å satse meir på samferdsel. Me er særleg opptekne av å prioritere tiltak som vil betre rammevilkåra for næringslivet. Regjeringa har difor auka løyvingane til samferdsel både i statsbudsjettet for 2006 og revidert nasjonalbudsjett. Til saman ein auke på 835 mill kr, av eit budsjett på 21 mrd kr (altså 4 % vekst på toppen av Bondevik II. Meir på vegsida). Styrkinga av kommuneøkonomien vil óg gje rom for meir satsing på samferdselstiltak (fylkesvegar, kollektivtrafikk, kommunale vegar).

Regjeringa sin ambisiøse transportpolitikk skal også gje seg utslag i nivået på samferdselsinvesteringane.i tida framover. Veginvesteringane er viktige, særleg i distrikta. Vi står difor framfor store utfordringar i vegsektoren. På riksvegnettet er det store behov når det gjeld løyvingar både til investeringar og vedlikehald. Stamvegane skal vere effektive transportkorridorar mellom landsdelane og til resten av Europa. Regjeringspartia har i Soria Moria-erklæringa framheva behovet for å styrkje det sekundære riksvegnettet og også fylkesvegane, for å utløyse større verdiskaping.

Transportmønstra nasjonalt og internasjonal endrar seg over tid

  • Større del av importen kjem frå lågkostland særleg i Asia, og importen veks raskare enn eksporten. Dette heng saman med næringsutviklinga og ein meir globalisert økonomi.
  • Sentraliseringa av lager og produksjon, også på tvers av landegrenser, aukar transportavstandane.
  • I nasjonale transportar ventar ein høgare frekvens og mindre sendingar.
  • Godstransporten er effektivisert og venta å verte endå meir effektiv og billegare. IKT er ein viktig faktor bak denne utviklinga.

Desse endringane påverkar godsvolum, varetype, transportform og transportkorridor. Desse utviklingstrekka kan ventast å halde fram, og vi må ta omsyn til dei når vi utformar transportpolitikken for perioden fram til 2019 i neste nasjonale transportplan.

Utfordringane nasjonalt varierer mellom by og land
I byane er problema for godstransporten nært knytt til trafikkflyt, effektive terminalar og gode tilknytingar mellom hamner og terminalar. Å auke kollektivtilbodet er viktig for folk i område med miljø- og køproblem. Dette vil føre til at både folk og gods kjem raskare fram. At godstransporten ikkje blir forseinka gjennom dei store byane er viktig for heile landet. I og rundt store byområde, til dømes Oslo, gjer vi mykje mellom anna for å løyse kapasitetsproblema på jernbane, som er vel så store som på veg.

Som eg nemnde i innleiinga er alle delar av infrastrukturen viktige. I område med mindre kø er standarden på infrastrukturen ei større utfordring enn kapasitet. Det inneber at sjølv om stamvegar og korridorar er viktige, er det ikkje alltid slik at stamvegnettet er det svakaste leddet i transportkjeda. Andre riksvegar og fylkesvegar er svært viktige for mange næringar. Dette gjeld mellom anna fiskerinæringa og dei store industriverksemdene, t.d. på Vestlandet men også andre landsdelar. Gode tilknytingsvegar til stamnettet er naudsynt for å få ei rask og effektiv avvikling av transporten. Bransjeorganisasjonane gjev oss også klåre meldingar om at det er riksvegnettet utover i landet – utanom det sentrale austlandsområdet, som no får dei desidert største investeringane – som har størst behov. Regjeringa legg difor stor vekt på å prioritere ”andre riksvegar”.

Regjeringa satsar stort på rassikring. Dette har mykje å seie for opne vegar vinterstid, for framtidstrua og dermed næringsutvikling i distrikta. Transportkvaliteten er ein faktor som har aukande betydning over tid.

Utfordringar for godstransporten
Hovudansvaret for å få til betre konsentrasjon av godsstraumar ligg på næringslivet ut frå lønnsemdprinsipp. Den geografiske utstrekninga i Noreg med spreidd produksjon fører til tynne konsentrasjonar av gods. Biltransport er den mest fleksible og tidseffektive transportform for dei fleste innanlandske transportstrekningane. Det er difor naudsynt å styrkje både vegtransporten og intermodal transport. Å leggje til rette gjennom å styrke infrastrukturen eller stimulere til samarbeid på IKT-området kan styrke dei intermodale transportane. Val av transportløysning må gjerast av transportbrukar og transportør i samarbeid.

Tiltak som medverkar til å effektivisere godstransporten:

  • Betre infrastruktur
  • Konsentrasjon av godsstraumar til korridorar og auka bruk av einskapslaster som gir grunnlag for å opprette nye konteinerruter.
  • Effektivisere terminalane gjennom betre terminalstyring og integrasjon mellom IKT-systema til aktørane. Ein meir effektiv terminalstruktur kan gi betre tenestetilbod og lågare prisar.

Å auke kapasiteten på jernbanenettet vil leggje til rette for auka transportvolum med jernbane. Investeringane som nå blir gjort i Osloområdet vil medverke til å auke jernbanens konkurransekraft. Det blir gjort utbetringar i infrastrukturen på fleire andre viktige strekningar.

Godsterminal for bil/jernbane i Ganddal i Rogaland og ombygging av godsterminalen på Alnabru vil medverke til ein meir effektiv og fleksibel godshandtering. Cargonet har utvikla eit tilbod for containertransport på jernbane og transportvolum er aukande.

Det er eit mål å overføre gods frå veg til sjø og bane der dette er ønskjeleg ut frå omsynet til miljø, tryggleik og framkomst. Det er særleg på dei lange avstandane at sjø og bane kan konkurrere med vegtransport. Her har allereie sjø og bane monalege prosentdelar av transportarbeidet, men vegtransportens del er aukande. Også i høve til manglande kapasitet i transportnettet i Europa kan styrking av sjøtransporten vere viktig. I norsk utanrikshandel har sjøtransporten allereie ein dominerande posisjon. Vi står difor overfor store utfordringar når vi ønskjer å føre ein politikk som skal gje ei anna og meir miljøvennleg samansetjing av transporten.

Eit verkemiddel i samband med dette har vore norsk deltaking i EU sitt Marco Polo-program som har som hovudmål å fremje eit meir miljøvenleg transportsystem gjennom finansiell oppstartsstøtte til transportløysingar som bidrar til overføring av godstransport frå veg til sjø og bane. Gjennom Marco Polo kan det bli gjeve stønad til å opprette nye transportruter, noko som sjølvsagt fører med seg auka risiko og kan gje auka kostnader. Programmet er no utvida både når det gjeld verkeområde og budsjett. Vi har no til vurdering om Noreg skal delta i dette nye utvida programmet frå 2007.

Hamnepolitikken er eit viktig element for å styrke godstransporten på sjø. Som kjent er det Fiskeri- og kystdepartementet som forvaltar staten sin politikk på dette området. Eg kan forsikre om at vi har eit nært samarbeid med Fiskeri- og kystdepartementet for å sikre at vi får eit transportsystem der alle transportformer fungerar godt saman.

Ved å utnytte fortrinna til dei enkelte transportformene og samstundes betre samspelet mellom transportformene vil ein kunne auke effektiviteten og redusere kostnadane ved transport. Vår monalege satsing på IKT og forsking er viktig for å få dette til jf. forskingsprogramma LOGITRANS og PULS.

Vi finansierer no eit prosjekt ved SINTEF og TØI om IKT i transport som både vil sjå på:

  • Kva vi kan lære av tidlegare erfaringar nasjonalt og internasjonalt
  • Moglegheiter framover for å ta i bruk IKT for å effektivisere transportsektoren
  • Kva for verkemiddel kan styresmaktene ta i bruk for å legge til rette for bruk av IKT i transportsektoren for å transportpolitiske mål.

Vi vil i haust utlyse eit nytt forskingsprogram i NFR-regi om næringslivets transportar der IKT i transport er ein sentral faktor. Dette er mellom anna ei oppfølging av departementet sin forskingsstrategi, der kunnskap om og for næringslivets transporter er gitt høg prioritet.

Arbeid framover med Nasjonal transportplan 2010-2019
Nasjonal transportplanarbeidet er heilt sentralt for å styrkje næringslivets transportar, herunder godstransport. Viktige milepælar i dette arbeidet er:

  • Retningslinene for SVV/JBV/KV/Avinor sine arbeid vart sendt ut i januar i år.
  • Etatane sine planforslag skal leggjast fram i januar 2008.
  • Stortingsmeldinga om NTP skal leggjast fram i desember 2008.

Hovuddelen av arbeidet pågår no i transportetatane både på regionalt og sentralt nivå. Det er oppretta regionale kontaktutval. Det er eit monaleg fokus på godstransportarbeidet. Det er viktig at alle partar som har interesser på dette området, engasjerer seg for å få til gode løysningar i sine regionar. Gjennom ein open og inkluderande planprosess kan alle medverke til ein transportplan som best mogeleg svarar på utfordringane i transportsektoren.

Etatane arbeider med å utvikle og presentere den kunnskap som finst om tiltak og verkemiddel for å styrkje intermodal transport og effektive terminalar som eit grunnlag for å overføre gods frå veg til sjø og bane. Utgreiinga skal innehalde generelle vurderingar av konkurranseflatane mellom transportformer og potensial for å overføre gods frå veg til sjø og bane med dei verkemidla og tiltak som er mogeleg å ta i bruk.

Effektive terminalar er sentrale for å få styrkje godstransporten, spesielt den intermodale godstransporten. Terminalane er også viktig for å få til betre konsolidering av godset, betre kapasitetsutnytting og dermed lågare kostnader for godstransport. Det pågår mykje utgreiingsarbeid på dette området for å vurdere mogelege offentlege tiltak for å få til betre løysingar.

Rammevilkår for dei ulike transportformene omfattar mellom anna avgifter, brukarbetalingar og ulike reguleringar som set rammer for transportaktiviteten. Det pågår nå et arbeid for å vurdere om rammevilkår for godstransport byggjer opp under dei transportpolitiske måla.

Etatane har sett i gang eit arbeid ved Møreforsking der viktige godstransport­straumar og godstransportkorridorar analyserast. Parallelt arbeider etatane med stamnettsutgreiingar. Disse vert ferdige i oktober. Stamnettsutgreiingane vil gje oppdatert informasjon om behova for å vidareutvikle infrastrukturen. I den samanheng vil det bli vurdert stamvegtilknyting til alle nasjonale hamner. Dette vil være viktige bidrag til arbeidet med korridorutgreiingane som skal startast opp til hausten. I korridorutgreiingane vil dei ulike transportsektorane bli sett i samanheng.

Samarbeid med næringslivet er ein viktig del av NTP-arbeidet. Det er oppretta ei referansegruppe for det førebuande arbeidet i transportetatane, der næringslivet er representert.

Transportbrukernes fellesorganisajon (TF) skal arrangere ein Transportbrukerkonferanse 11.-12. oktober om næringslivets transportbehov. Det har vore ein god dialog mellom transportetatane og TF og til dels med departementet om planlegging av denne konferansen.

Følgjande tema vil være sentrale:

  • Transportpolitikk generelt
  • Logistikk
  • Forsking
  • Internasjonale problemstillingar
  • NTP 2010-2019.

Det kan vere aktuelt for næringslivet å lage ei ”Kvitbok” om transport.

Avslutning
Eg vil gjerne takke for meg og håper at eg har synleggjort at næringslivets transportar er viktig for oss. Politikken vert utarbeidd i nært samarbeid med næringslivet. Omsynet til næringslivet må og avvegast i forhold til andre omsyn og interesser.