Historisk arkiv

Markering av 50 årsdagen for opning av fylkesvegen mellom Hafslo og Veitastrond i Sogn og Fjordane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Markering av 50 årsdagen for opning av fylkesvegen mellom Hafslo og Veitastrond i Sogn og Fjordane

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
20.10.06

Godtfolk,

Takk for innbydinga til markeringa av 50-årsdagen for opninga av vegen mellom Hafslo og Veitastrond. Det er kjekt å koma heim att og møta sogningar. Spesielt kjekt å koma på ”Strondi” som me sa heime. Som nokre av dykk veit var bestemor mi frå Strondi, noko ho snakka ofte om. Og det er viktig for meg å koma ut or kontora og Oslo-sentrum og ut i ”det verkelege livet”, som eg brukar seie når eg reiser heim i helgane.

Skal eg gjera ein god jobb som samferdselsminister må eg aldri gløyma kvar eg kjem frå – og at arbeidet mitt handlar om å gjera kvardagen litt enklare for folk rundt om i landet. Redusere avstandskostnader, bedre og tryggare veg, smartare kollektiv-løysingar og gode post- og teletilbod i heile landet.

Men attende til Veitastrondsvegen!

Historia for vegen går langt tilbake i tid. Eg har frå Statens vegvesen, fått ei oversikt over historiske moment som Per Birger Lomheim har laga tidlegare. Oversikta viser at ein heilt tilbake til 1864 søkte kommunestyret om midlar til veg mellom Hafslo og Kvam. Den gong blei det avslag, men etter fleire rundar og byggestart i 1936, stod Veitastrondvegen ferdig 20. oktober 1956. Da var det offisiell opning på Stølsneset med fylkesmann og snorklypping og bygdefest på Veitastrond. Kostnadene for vegen var nesten 2,2 millionar kroner.

Då var det 92 år sidan bøndene i Kvam første gong søkte kommunestyret om midler til vegen Hafslo-Kvam. Men ein gav aldri opp. Og det er gjenkjenneleg frå vegkampar i andre bygder. Der ein evnar å samle seg og stå på krava i tålmod og seig kamp vil arbeidet før eller sidan kronast med siger.

Men sjølv om vegen var komen var ikkje kampen over. Sikring av dei mest rasutsette områda vart neste kampsak.

Og i perioden 1982 til 1989 fekk Veitastrondvegen rassikring med fire tunnelar og overbygg, samt nokre tiltak i terrenget. Arbeidet hadde ei samansett finansiering, der mellom anna statlege rassikringsmidlar låg inne. Og kampen held fram. Seinast før festen i kveld har det vore møte om vidare rassikring av vegen. Så det er berre å stå på til de vert høyrde igjen. Eg veit at Veitastrondvegen no er høgt prioritert på rassikringsplanen for fylkesvegar.

For mange her er nok frykt for ras eit velkjent og daglegdags problem. Sikring av rasutsette område er også høgt prioritert av den raud-grøne Regjeringa, og vi ønskjer eit sterkare fokus på rassikring. Ingen som ikkje sjølv har prøvd det anar korleis det kjennest å køyre til og frå jobb med otten for ras – eller sende born på skulebussen og vite at dei sender dei gjennom utrygge vegar. Her trengs vaksenopplæring til dei som lever livet sitt på flate landskap austafjells. I budsjettforslaget som blei lagt fram for to veker siden, har Regjeringa gått inn for at det i 2007 skal brukast i alt om lag 560 millionar kroner til prosjekt og tiltak som er med på å sikre mot ras på vegnettet.

I Sogn og Fjordane er mellom anna rassikringsprosjekta Stedjeberget og Fatlaberget på rv 55 og rv 5 langs Kjøsnesfjorden prioritert.

Samferdsel er ein viktig føresetnad for busetjing, næringsutvikling og ressursutnytting. Ikkje mist i distrikta er gode og trygge vegar avgjerande for arbeidsplassar og bulyst. Åslaug Haga har nedsett ei gruppe ungdomar i eit ”bulyst-råd” som kal gje kommunalministeren gode innspel om kva som må til for at ungdom skal ynskje å busetje seg i distrikta. Det skulle ikkje overraske meg om samferdsle, inkludert mobil- og breibandtilbod, kjem høgt på deira liste over viktige bulyst-tiltak. Eg ønskjer sterkare fokus på samferdsle. Eg er derfor glad for og synest det er eit flott initiativ av ungdomslaget å markere 50-årsdagen for opninga av Veitastrondsvegen. Det er fint å bli minna om korleis det var før vegen kom, og dei endringane som den nye vegen førte med seg. Og som ungdomslaget skreiv i invitasjonen til meg er det også godt å bli minna om at det ligg mange arbeidstimar og sveittedråpar bak denne vegen. Det er mange som bør ærast for det vellukka resultatet, og eg vil gratulere alle dei som var med i arbeidet med vegprosjektet.

Det er både nødvendig og riktig at enkeltpersonar og komitéar engasjerer seg i samband med bygging av nye vegar og utbetring av eksisterande vegar. Lokalt initiativ og støtte er viktige bidrag i arbeidet med å gjennomføre vegprosjekt. Eg vil derfor takke for at de interesserer dykk for samferdsel og ”pressar på”. Folkestyret treng ivrige folk som ”bryr seg”!

Til slutt vil eg gratulere alle saman med dagen!