Historisk arkiv

Minnemarkeringa ”Lys til ettertanke” for trafikkofre i Vestfold

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

E18 ved Undrumsdal kyrkje i Re kommune

Minnemarkeringa ”Lys til ettertanke” for trafikkofre i Vestfold på E18 i og ved Undrumsdal kyrkje i Re kommune

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
8. januar 2006

Kjære etterlatne og pårørande,
Kjære de som har vore råka av trafikkulukker,
Kjære alle de som har møtt fram her i dag for å vise omsorg og medkjensle,

Vi er samla her i dag for å minnast dei som mista livet i trafikken i Vestfold i året som gjekk, for å vise medkjensle med dei etterlatne, og for å tenkje på og stø dei som er blitt skadde i vegtrafikken.

Trafikkulukker er eit alvorleg samfunnsproblem. Dei rammar uventa, hardt og ofte vilkårleg, og trafikkulukkene er mange. For mange framstår det likevel som fjernt og uverkeleg å bli utsett for ei alvorleg trafikkulukke. Vi har lett for å bli sløva av statistikken og tenkje: ”Dette hender ikkje meg”. Det er ofte først når vi sjølve, eller nokon som står oss nær, vert utsett for ei ulukke at vi skjønar at dette er noko som kan ramme oss alle.

11 personar mista livet på Vestfoldvegane i 2005. Dei fleste av desse var unge menneske som hadde det meste av livet framfor seg.

51 personar opplevde å få livssituasjonen snudd på hovudet etter at ei trafikkulukke påførde dei uoppretteleg skade. I alt vart 583 menneske drepne eller skadd på vegane i Vestfold i fjor. Dette er altfor mange.

Trafikkulukker rammar ikkje berre dei som er direkte innblanda. Dei pårørande vert også påførde varige sår. Å brått og brutalt miste eit familiemedlem eller ein kjær venn er noko av det tyngste og vanskelegaste vi kan oppleve. Også dei pårørande til ein person som blir livsvarig eller alvorleg skadd kan verte hardt ramma.

Det er svært viktig at vi som ikkje har vore utsette for følgjene av ei alvorleg trafikkulukke forstår og tar til oss dei menneskelege konsekvensane slike ulukker kan ha. Vi må vise at vi bryr oss og ta med oss lærdom når det gjeld vår eiga framferd i trafikken.

Ei minnestund som denne kan vere med på å skifte fokus ifrå sløvande statistikk ved å synleggjere både omfanget av lagnader og dei einskilde personane bak tala. Håpet er at dette kan gjere oss som trafikantar meir medvitne og skape ei framferd som gjer at vi alle kan ferdast tryggare i trafikken. Vi kan alle gjere vårt for å redusere farane for ulukker. Vi må vere medvitne på at vi ved handlingane våre og framferda vår i trafikken kan hjelpe til med å unngå fleire fatale trafikkulukker. Følg trafikkreglane, nytta sikringsutstyr og bruk refleks! Det er ofte ikkje dei store grepa som skal til for å unngå ulukker og skilje mellom liv og død når dei fyrst inntreff.

Vi som politikarar, og særleg eg som samferdselsminister, har eit særskilt ansvar i arbeidet med å betre trafikktryggleiken. Trafikktryggleik har høgaste prioritet i vegpolitikken. Vi jobbar etter ein klar visjon, nullvisjonen, som seier at det ikkje skal skje ulukker med drepne eller livsvarig skadde i trafikken. Visjonen betyr at regjeringa har eit sterkt fokus på verkemiddel som kan redusere dei alvorlegaste ulukkene. Sentralt i trafikktryggleiksarbeidet til styresmaktene i tida framover står derfor ein reduksjon i talet på møteulukker, utforkøyringsulukker og ulukker med mjuke trafikantar.

Vegstyresmaktene og politiet arbeider med nullvisjonen for auget, i form av målretta tiltak over eit breitt felt. Dette inneber mellom anna å styrkje bruken av verkemiddel som viser seg å gi positive resultat, til dømes bruk av bilbelte, betre sikring i bil og buss, bygging av nye og meir trafikksikre vegar, utstrekt kontroll- og informasjonsverksemd og god trafikkopplæring.

I tillegg er det ei rekkje andre aktørar, mange av dei er med oss her i dag, som tek del, og må ta del, i dette viktige arbeidet. Men vi kan ikkje oppnå dette aleine. Det er difor målet vårt at også framferda til den einskilde trafikanten skal styrast av same visjon om ingen dødsulukker eller ulukker med livsvarig skadde.

Trass i den omfattande innsatsen, skjer det likevel dessverre altfor mange trafikkulukker. Heldigvis ser vi også fleire lyspunkt. Dei siste åra har vi på landsbasis sett ein gledeleg nedgang i dei alvorlegaste ulukkene, både i talet på drepne og dei mest alvorlege skadane.

I 2005 var det 402 ulukker med personskade i Vestfold. Det er det lågaste talet på ni år. Aldri før er færre vorte drepne på E18 enn i fjor. Likevel såg vi ein liten oppgang i talet på dødsulukker i Vestfold samanlikna med 2004. Det må vi arbeide for å rette opp att.

Eg trur at ved å halde eit framleis sterkt og vedvarande fokus på trafikktryggleik, vil vi kunne halde dødstala og ulukkestala nede.

Mitt håp, og leiestjerne, er at færre i framtida skal oppleve å miste nokon av sine kjære i vegtrafikken. Ei markering som denne her i Undrumsdal utgjer eit viktig bidrag ved å setje eit tydeleg fokus på omfanget av trafikkulukkene og at dette er noko som kan ramme alle og einkvar - heilt tilfeldig.

Til slutt vil eg uttrykkje den djupaste respekt for dei som miste livet sitt på norske vegar og mi største medkjensle for dei skadde, etterlatne og pårørande.