Historisk arkiv

Møre og Romsdal i samferdsels-Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselskonferansen 2006

Møre og Romsdal i samferdsels-Noreg

Statssekretær Steinulf Tungesvik
Samferdselskonferansen 2006
28. mars 2006, Kristiansund i Møre og Romsdal

Eg vil takke for invitasjonen til Samferdselskonferansen 2006.

Innlegget:

  • Kort om nokre av Regjeringa sine satsingsområde innafor samferdselspolitikken. Fokus på vegsektoren.
  • Igangsette og planlagte vegprosjekt i Møre og Romsdal
  • Kort om E6 i Gudbrandsdalen, E6 sør for Hamar og Østfoldpakka
  • Kort om luftfart og breiband

Samferdsel er ein viktig føresetnad for busetjing, næringsutvikling og ressursutnytting. Spreidd busetnad og store avstandar stiller store krav til transportsystement. Derfor ønskjer Regjeringa å satse meir på samferdsel – og vi har ein ambisiøs transportpolitikk. Eg minner om at regjeringspartia i 2004 la inn heile 22 mrd meir i NTP over tiårsperioden enn det Bondevik II gjorde, og fekk fleirtal for det.

Regjeringa ønskjer å gje heile transportsystemet eit løft. Kvaliteten på infrastrukturen er ikkje tilfredsstillande, kanskje særleg i distrikta. Dette er ei utfordring for næringsliv, alle reisande og heile samfunnet – som Regjeringa tek.

Politisk leiing sine prioriteringar

Veg

Trafikktryggleik

  • Trafikktryggleik skal vere ein overordna målsetnad i alle transportsektorane. Vi ønskjer ei fortsatt målretta satsing på tiltak som kan betre trafikktryggleiken, jf. Soria Moria-erklæringa.
  • Nullvisjonen er den berande fana for trafikktryggleiksarbeidet. Det vert gjort mykje på ulike felt for å sikre vegane. Det har vore ein nedadgående trend som viser at det arbeidet ein gjer, både med å sikre teknisk i bil og buss, med å betre førarkortopplæringa og sjølvsagt med å byggje nye vegar og utbetre dei eksisterande vegane til å bli meir trafikksikre, er eit arbeid som ber frukter.
  • Nasjonal handlingsplan for trafikktryggleik på veg 2006-2009. Arbeidet har vore leia av Statens vegvesen i samarbeid med Trygg Trafikk, Politidirektoratet og Sosial- og helsedirektoratet. Ei slik samordning av trafikktryggleiksarbeidet er eineståande i internasjonal samanheng. Handlingsplanen er eit godt grunnlag for ei målretta og sterkt satsing for å oppnå reduksjon i talet på omkomne og hardt skadde i vegtrafikken.

Styrkje samferdsla
Som sagt ønskjer vi å utvikle og styrkje samferdsla i heile landet.

Veg i distrikta

  • I distrikta prioriterer vi utbygging og vedlikehald av vegnettet. Vi skal betra standarden på stamvegane – men også andre riksvegar. Vi skal oppretthalde eit godt riksvegferjetilbod og hamner og farleier skal utbedrast.
  • Prioritere tiltak som vil betre rammevilkåra for næringslivet. Norsk næringsliv er transportkrevjande og har, som ein følgje av store avstandar og eit vegnett med stadvis dårleg standard, store transportkostnader samanlikna med andre land. Kor store er rekna ut i siste NTP på s 17: (ikkje noggrant sitat) ”Prioriterte tiltak i planperioden rekna til å redusera samfunnet sine transportkostnader m over 51 mrd kr, drygt 36 mrd på veg, 15 mrd på bane. 9 mrd av reduksjonen på veg er rekna å koma som tilgjenge- og avstandsvinstar i dei delar av landet som er omfatta av det distriktspolitiske verkeområdet. Dei verksemdsøkonomiske kostnadene for næringslivet er rekna å verta redusert med ca 22 mrd kr.” (dette er i st meld – før auke med kr 22 mrd i satsing).
  • For å styrkje næringslivet si konkurranseevne må det skapast utviklingskraftige bu- og arbeidsmaknadsregionar gjennom gode samferdselsløysingar.
  • Det er gode grunnar til at betre samferdsel er mellom våre viktigaste næringspolitiske reiskapar, jf at næringslivet ofte gjev uttrykk for dette.
  • Satse meir offensivt på det sekundære riksvegnettet. Det er og behov for opprusting av fylkesvegane.
  • Det er eit etterslep når det gjeld løyvingar, både til investeringar, men og til vedlikehald. På vedlikehaldssida har Statens vegvesen rekna det samla vedlikehaldsetterslepet til om lag 12 milliardar kroner – altså ca 1 ½ gong det me nyttar på vedlikehald og drift på eitt år. Midlane må nyttast til drift og vedlikehald, ikkje berre til nyinvesteringar.
  • Riksvegferjene er å rekne som ein del av vegnettet. Regjeringa vil redusere utgiftene for dei som nyttar desse. I tilleggsbudsjettet la vi inn 28 millionar kroner for å betre rabattordningane for sonekort og verdikort, slik at rabatten nå er auka frå 40 til 45 prosent. Statsråd Navarsete har sett i gang utgreiing av om enkelte strekningar kan bli gratis. I utgreiinga vil ein kartlegge mogelege modellar med gratis ferjer i riks- og fylkesvegsamband, kva ein bør leggje vekt på når ein eventuelt skal velje ut gratissamband og om ein bør gjennomføre forsøk med gratisferjer og i så fall korleis ein bør innrette forsøka. Utgreiinga vil liggja føre rundt årsskiftet.
  • Gassferjer har vesentlege miljøgevinstar samanlikna med dieselferjer. Gassferjer skal bli brukt der det ligg til rette for dette. Vise til ferjesambandet Molde – Vestnes, der regjeringa stiller krav om gassferjer i utbodskonkurransen. I tillegg vert det frå 1.1.07 sett inn gassferjer i to store samband lengre sør på Vestlandet (Halhjem – Sandvikvåg og Arsvågen – Mortavika).

Kollektiv i by

  • I og rundt dei store byområda vil Regjeringa særleg styrkje kollektivtrafikken for å løyse utfordringane knytt til å skape eit godt bymiljø og ei trygg trafikkavvikling. Jernbana vil her spele ei nøkkelrolle. Det er ikkje mogeleg å byggje seg ut av trafikktoppane ved ny vegkapasitet, alle skal i rushtida inn til sentrum. Får vi fleire til å reise kollektivt – får vi og meir plass på vegen til næringstrafikken.
  • Kollektivtrafikken må bli eit reelt alternativ til privatbil og ein sentral del av transportsystemet. Det må og bli lønsamt å velje kollektive løysningar og det må satsast på godt utbygde knutepunkt. I samband med samferdselsinvesteringar i dei store byområda skal derfor framkommeligheit for kollektivtransporten bli prioritert. Å få fleire til å nytte kollektivtransport er og naudsynt for å redusere miljøproblema.
  • Insentivordninga for kollektivtrafikken. 150 mill. Aktivt verkemiddel for meir kollektiv og mindre privatbil i storby. 6 større byområde. Tildeling førre veke. Ikkje løysing etter storleik, men etter kvalitet på tiltaka.

Rassikring

  • Rassikring er eit anna prioritert område. Regjeringa auka løyvingane til rassikring med 50 millionar kroner i forhold til førre regjering. Møre og Romsdal fekk totalt 38 millionar til særskilde rassikringstiltak i 2006.
  • Uvéret og rasproblema på Vestlandet i haust viste behovet for å ha eit sterkt fokus på flom og rassikring. Vi har teke tak i dei utfordringane som endra klimatilhøve kan gje for samferdslesystema, og Statens vegvesen arbeider no med eit prosjekt for å vurdere om ein skal endre krava til skredsikring, nyanlegg, vedlikehald og drift av vegar, bruer og ferjekaier som følgje av endring i klimatiske tilhøve. Dette kjem inn i neste NTP som ein ny dimensjon.

Kalkulasjonsrenta

  • Regjeringa sette i vinter ned kalkulasjonsrenta for veginvesteringar frå 8 % til 4,5 %, slik at alle transportsektorane no har same sats. Det gjer at me får meir reelle lønsemdsvurderingar av prosjekta, noko som viser at mange fleire er lønsame og mange mykje meir lønsame. Det ligg ikkje lenger inne ei politisk styrt lønsemdsvurdering slik som under førre regjering, der vegar berre i sentrale strok med stor trafikkmengd var lønsame. Dette er eit godt og viktig utgangspunkt for å styrkja den naudsynte betringa av samferdsla i disktrikts-noreg.

Vegprosjekt i Møre og Romsdal

  • Bompengefinansiering er eit aktuelt tema. Innleiingsvis lat oss gjera klårt at det ikkje er eit gode i seg sjølv, men eit naudsynt tiltak for å få finansiert ei vegløysing når alternativet er at den ikkje kjem. Alle bompengeprosjekt kjem etter lokale initiativ og slik skal det framleis vera. Vestlendingane er langt meir viljuge enn nokon andre. Det er trist at spekulative politikarar kastar blår i augo på veljarar ved å markera ”prinsipiell motstand” på Stortinget, medan dei går inn for det som det susar lokalt. Det er ikkje truverdig politikk.
  • Møre og Romsdal får 222 millionar kroner av vel 1 900 millionar kroner til øvrig riksvegnett i 2006. Møre og Romsdal er det fylket som får mest til øvrige riksvegar i 2006. I tillegg kjem om lag 240 millionar frå bompengar til øvrige riksvegar, av totalt vel 1 900 millionar i bompengar til øvrige riksvegar.
  • Arbeida på E136 Horgheimseidet – Sogge bru i Rauma kommune starta opp i mai 2005 og er venta opna for trafikk i desember i år. Prosjektet vil gi betre trafikktryggleik.
  • Arbeida på rv 62 Fressvika – Jordalsgrenda starta nyleg opp, og skal bli ferdige i løpet av 2007. Prosjektet er et rassikringsprosjekt, som i tillegg til tunnel på ein svært rasutsattt strekning i Sunndal og Nesset kommunar vil gi innkorting av vegen.
  • Rv 653 Eiksundsambandet vil gje fast vegsamband mellom øykommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande. Prosjektet er venta opna for trafikk i desember 2007.
  • Rv 680 Imarsundprosjektet er eit anna stort prosjekt. Prosjektet vil gje fast vegsamband mellom kommunane Tustna og Aure på Nordmøre. Det har vore ein kostnadsauke i høve til opphavleg kostnadsoverslag. Kostnadsauken skal finansierast med bompenger, men bompengeperioden er framleis 10 år. Prosjektet er planlagt opna for trafikk til hausten.
  • Det vil bli sett i gang arbeid på rv 658 Ellingsøy og Valderøytunnelene til hausten for å etterkome brannvesenet sine pålegg.
  • Ferjeavløysingsprosjektet rv 64 Atlanterhavstunnelen blei handsama i Stortinget 20. desember i fjor. Prosjektet vil gje fast vegsamband mellom Averøy og Kristiansund kommunar. Prosjektet er venta opna for trafikk i 2008.

Handlingsprogrammet 2006-2009
Fleire prosjekt på E39 ligg inne i handlingsprogrammet.

  • Kvivsvegen ligg inne med oppstart i slutten av fireårsperioden, forutsatt tilslutning til delvis bompengefinansiering.
  • Gjemnesaksla er eit anna bompengeprosjekt. I handlingsprogrammet er det lagt til grunn at prosjektet kan fullførast i fireårsperioden.
  • Det er vidare lagt opp til at Renndalen – Staurset bru på grensa mellom Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag skal startast opp i slutten av fireårsperioden.
  • Monge – Marstein på E136 er eit anna prosjekt som det er lagt opp til å starte i slutten av fireårsperioden.
  • Det er vidare lagt opp til at rassikringprosjektet Røyr- Hellesylt på rv 60 kan starte i denne perioden.

Andre prosjekt som er aktuelle i perioden 2010-2015

  • Betna - Kleiva på E39 i Halsa kommune
  • Rv 651 Hjartåberga i Volda kommune
  • E136 Flatmark – Monge
  • E136 Breivika – Lerstad i Ålesund kommune
  • Rv 662 Haukebøen i Molde kommune
  • E136 Tresfjordbrua
  • Rv 64 Langfjordtunnelen
  • Rv 63 Oppland – Geiranger, rassikringsprosjekt
  • Rv 659 Nordøyvegen

Turistveg
Arbeidet med prosjektet Nasjonale turistvegar er viktig for å fremja Noreg som reisemål og for næringslivet langs desse vegane. Dette er ei viktig prioritering for regjeringa. Fort fram er viktig for næringslivet – annleis for mange av turistane, og for oss sjølve når me treng avkopling.

Det blir arbeidd for at Geiranger – Trollstigen får status som Nasjonal turistveg i 2008 og Atlanterhavsvegen i 2009. Atlanterhavsvegen blei kåra til århundrets byggverk i 2005. Det er markering av dette i slutten av mai. Statsråden skal som stolt samferdsleminister delta på markeringa.

Ferjesaker
I 2006 er det sett 3 nye ferjer i drift i Møre og Romsdal i samband med konkurranseutsettinga. Regjeringa sin politikk er at utbod må halda fram, men at me bør ta oss noko lengre tid, til beste for planlegginga, og dermed for ein betre fungerande marknad og ressursutnytting. Statens vegvesen vil i nær framtid lyse ut ei pakke med 4 riksvegferjesamband og 1 fylkesvegsamband på anbod.

Det vil bli stilt krav om at det skal setjast inn ferjer drivne med naturgass når ferjesambandet Molde-Vestnes blir lyst ut på anbod. Utlysninga vil venteleg skje til hausten.

Kort om E6 i Gudbrandsdalen, E6 sør for Hamar og Østfoldpakka

Trafikken vidare frå Møre og romsdal, dersom Austlandet/utlandet.

E6 Gudbrandsdalen

  • Strekninga på E6 gjennom Gudbrandsdalen er belasta med mange ulukker. I mange av ulukkene går dessverre liv tapt. E6 blir ofte i avisane framstilt som ”dødsvegen”. Han er ikkje åleine om det. Samstundes viktig å minna om at trafikktryggingstiltaka våre verkar svært godt. Med 223 omkomne hadde vi i 2005 dei lægste tala på noggrant 50 år.
  • I handlingsprogrammet for 2006-2009 ligg utbygging av strekninga Tingberg – Tretten på E6 nord for Hamar inne. E6 gjennom Gudbrandsdalen vil bli vurdert i samband med den neste revideringa av Nasjonal transportplan.

E6 Sør for Hamar

  • Strekninga på E6 sør for Hamar har, som strekninga i Gudbrandsdalen, tradisjonelt vore prega av mange møteulukker. Dette, i tillegg til at vegen har store kapasitetsproblem, er grunnen til at vi no planlegg ei utbygging til firefelts motorveg med midtdelar frå Gardermoen til Kolomoen like sør for Hamar. Planlegginga av nytt dobbelspor for jarnbana går parallelt.
  • Som ein del av det siste arbeidet før ei sak om bompengefinansiering kan fremjast for Stortinget, vil Samferdselsdepartementet om kort tid fastsetje planprogrammet for strekninga på E6 langs Mjøsa. Ved tilslutning til delvis bompengefinansiering vil ei utbygging vonleg kunne starte i 2008. Det er venta at ein ny veg vil gje reduksjon i antall drepne, lik erfaringa fra ny E18 gjennom Vestfold og Buskerud.

Østfoldpakka

  • Utbygging av E18 inngår i Østfoldpakka saman med E6 gjennom fylket. Pakka er behandla i Stortinget fleire gonger. Gjennom Stortingets behandling er det gjeve tilslutning til delvis bompengefinansiert utbygging av E6 og E18.
  • Det er og gjeve tilslutning til forsert utbygging av av E6 til 2008. Stortinget har og gjeve samtykke til forsert utbygging av einskilde prosjekt på E18, men det er ikkje avklart når E18 kan stå ferdig. Samferdselsdepartementet har varsla Stortinget om ein revisjon av E18-utbygginga no i vår.

Arbeidet med neste NTP

  • Tidsplan
  • Prioriteringar

Prosjektfinansiering
Regjeringa ser på prosjektfinansiering som eit alternativ til OPS og som eit alternativ til tradisjonell finansiering av vegutbygging. Regjeringa ynskjer difor å vurdere i kva grad det kan vere mogeleg med ei ordning med prosjektfinansiering. Ei slik løysing vil kunne vere eit betre alternativ enn OPS som eit supplement til tradisjonelle finansieringsordningar. Prosjektfinansiering vil kunne gi ei meir rasjonell anleggsdrift, billegare utbygging og vil etter kvart gjere det mogeleg for staten å finne rom for finansiering av fleire utbyggingsprosjekt. Fleire utformingar kan tenkjast, og vi utgreier no ulike modellar, mellom anna for å minske framtidige bindingar på dei årlege samferdselsbudsjetta mest mogleg. Regjeringa ynskjer å leggje fram ei slik vurdering i statsbudsjettet for 2007.

Samferdsel er ikkje berre veg

Luftfart

  • Luftfarten er svært viktig av omsyn til busetnad og næringsliv, både i sentrale strok og i distrikta. Mange steder er luftfart som kollektivtrafikk å rekne. Det er derfor like viktig å sikre eit godt flytilbod i distrikta, som å sikre gode togtilbod i meir sentrale strok. Ikkje minst er dette viktig for næringslivet si utvikling.
  • Regjeringa vil sikre at det framleis skal vere eit velfungerande regionalt flyrutenett i Noreg. Vi vil sikre eit godt tilbod på kortbanenettet og vil derfor halde fram med statleg kjøp av flyrutetenester på dei regionale lufthamnene.
  • Regjeringspartia har i Soria Moria-erklæringa slått fast at vi vil oppretthalde dagens flyplasstruktur, så framt det ikkje er eit uttrykt ønske lokalt om å leggje ned ein flyplass. Dette må i tilfelle skje etter ein grundig prosess der alle som er omfatta av endringane får høve til å leggje fram sitt syn. Det betyr ikkje at vi ikkje skal drøfte kva som er tenleg struktur, til dømes om ein region ønskjer å satse på å utvikle ein felles flyplass eller rullebaneforlenging. Men lokale og regionale styresmakter får ei nøkkelrolle i desse drøftingane.
  • Det er trygt å fly i Noreg, men vi må arbeide for å gjere tryggleiken enda betre. Luftfartstilsynet arbeider med revisjon av forskrift om utforminga av flyplassane. Men det er utfordringar i samband med å oppnå eit tilfredsstillande tryggleiksnivå etter dei nye flyplassforskriftene, særleg for somme flyplassar.
  • Det er ikkje sikkert at tilfredsstillande tryggleiksnivå krev full utbygging av flyplassane. Dette kan også oppnåast ved kompenserande operative tiltak. Vi skal, utan å gjere kompromiss med tryggleiken, finne løysingar som passer til Noreg og det regionale nettet og ikkje til dei store europeiske flyplassane.

Breiband

  • Breiband er ein viktig føresetnad for at vi framleis skal ta heile landet i bruk og gjere det mogeleg å vidareutvikle eit kunnskapsbasert næringsliv i alle delar av landet. Bruk av breiband reduserer avstadsulemper og sikrar aktivitet og busetting.
  • Regjeringa vil auke ambisjonsnivået for utbygging av breiband. Det er eit mål at alle husstandar og private og offentlege verksemder skal ha tilgong til eit framtidsretta høghastighetsnett til lik pris i heile landet. Vi har sett oss som mål at dette skal skje i 2007.
  • Kombinasjon av ulike aktørar og teknologiar. Statleg samhandling med desse, men IKKJE forstyrring av marknades utbygging. Ingen grunn til å venta, staten vil bidra berre der det elles ikkje er grunnlag for utbygging.

Avslutting

Som sagt i starten av innlegget, så ønskjer vi å ”løfte samferdsel”. Vi skal arbeide aktivt for å få meir midlar til viktige og nødvendige vegprosjekt, ikkje minst skal vi arbeide for auka trafikktryggleik.

Lukke til med konferansen.