Historisk arkiv

Opning av haldningskampanjen ”Stopp og sov”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Opning av haldningskampanjen ”Stopp og sov”


Samferdsdelsminister Liv Signe Navarsete

Rikshospitalet, Oslo

2. oktober 2006

Gode venner,

”Stopp og sov-kampanjen” som tar til i dag – for tredje år på rad – har ein dyster bakgrunn:

Trøtte sjåførar er eit stort og alvorleg problem. 65 prosent av dødsulykkene er møte- og utforkøyringsulykker – og trøtte sjåførar er årsaker til mange av desse ulykkene.

Når trøytte sjåførar sovnar og køyrer utfor vegen, blir ulykkene som oftast alvorlege, fordi sjåføren sjeldan får tid til å bremse opp skikkeleg.

Bygg nye og betre vegar – for å få ned ulykkestala i trafikken! Dette er ein bodskap eg høyrer ofte – og som eg gir min fulle tilslutnad. Og dei som følgjer med veit at det er nett det denne regjeringa gjer: Vi har auka vegsatsinga – og meir skal det bli! Vent – og sjå, budsjettet for 2007 kjem om få dagar!

Men: Vi kan ikkje vegbygge oss ut av alle problem som trafikken fører med seg. I tillegg til gode vegar – er det mellom anna heilt nødvendig med god og vakne bilførarar.

Den som sit bak eit ratt må ha kunnskap om kor farleg det er å køyre når ein er trøtt og uopplagt. Denne kunnskapen må setje seg fast og bli til haldningar - og til handlingar som gjer trafikken tryggare.

Kampanjen ”Stopp og sov” er ein viktig del av eit samla arbeid som spenner vidt: Utbygging av nye og meir trafikksikre vegar, tiltak langs eksisterande vegar, kontroll av trafikk og køyretøy, utarbeiding og handheving av regelverk, opplæring og informasjon. Tiltaka er mange – og slik må det vere når vi veit kor samansett biletet er når det gjeld årsakene til ulykkene.

Til Statens vegvesen og alle andre medhjelparar som har arbeidd med planlegging og utforming av ”Stopp og sov-kampanjen” vil eg seie:

Takk for stor iver og for at de har gjort eit så grundig arbeid med å få fram opplysningar om omfang og kjenneteikn for trafikkulukker der mangel på søvn er ein vesentleg årsaksfaktor. Takk og for arbeid med informasjons- og kampanjekopplegg og for fantasi og kløkt i utforminga av ein viktig bodskap.

Lykke til !