Historisk arkiv

Opning av ”Sambruksfelt"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg av smaferdselsminister Liv Signe Navarsete

Opning av ”Sambruksfelt”
Riksveg 22, Fetsund, 1. desember 2006 

Kjære alle saman!

I dag har eg gleda av å opne noko nytt og spennande. Sambruksfeltet her langs rv 22 blir det første på Austlandet – og det første som er opna, etter at ein fekk høve til å bruke eit eige vegtrafikkskilt for sambruksfelt.

Eit sambruksfelt er eit kollektivfelt, der bilar med fleire i kan kjøre saman med bussar, el-bilar og nullutsleppsbilar.  Sambruksfelt kan – slik som her på riksveg 22 – vere eit bra tiltak for å styrkje kollektivtransport, få betre flyt i trafikken og meir miljøvennleg personbiltrafikk.

Rv 22 er eit viktig vegsamband frå austre del av Akershus og inn til Lillestrøm og Oslo. Dei siste åra har trafikken auka på denne vegen, og dei som brukar vegen opplever å stå i kø om morgonen og ettermiddagen. Kollektivtiltaka langs denne vegen vil no venteleg hjelpe på dette, og sambruksfeltet kan føre til betre trafikkflyt og kortare køar. Sambruksfeltet skal oppmode til ”kompiskøyring” noko som vil gje færre bilar på vegen, til glede for både kollektivtrafikken og for annan trafikk på vegen.

Vegtrafikken fører med seg mange utfordringar, særlig knytt til trafikktryggleik, men òg til framkomst, miljø og forureining. For å møte desse utfordringane må vi sjå på mange ulike verkemidel og å evne og sjå korleis desse best kan utnyttast. Som samferdselsminister er eg oppteken av at vi må sjå samanhengar og finne dei best moglege løysingane.

Eg ynskjer at kommunar, lokale vegstyresmakter og politi saman gjer aktive vurderingar av kvar sambruksfelt kan nyttast – både på eksisterande og nye vegar. I ei slik vurdering er det mange omsyn som må takast – mellom anna omsynet til kollektivtrafikken, den generelle trafikkavviklinga, trafikktryggleiken og fysiske forhold ved vegen.

Vi har teljingar i dag som seier at berre 0,9 prosent av dagens køyretøy i morgonrushet har tre eller fleire personar. Det skal bli interessant å sjå om det nye sambruksfeltet fører til meir samkøyring slik at talet på bilar kan gå ned i morgonrushet. Eg vil spent følgje med på dei erfaringane ein gjer her i Fet.

Vi markerer i dag at det første skiltet for sambruksfelt vert teke i bruk her på Austlandet, men det er sjølvsagt og ein bit ny veg som blir opna i dag.

Eg vil difor rette ein takk til Statens vegvesen, Region Øst som har stått for utbygginga. Og til alle andre som har delteke i planlegging og gjennomføring av prosjektet. Takk for velgjort arbeid!

Eg vil ynskje alle som skal nytte vegen lukke til.

Bruk han med varsemd!