Historisk arkiv

Opning av utstillinga Omveg 5.10

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Utstillinga "Omveg. Arkitektur og design langs 18 Nasjonale turistvegar"

Opning av utstillinga Omveg 5.10

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Utstillinga "Omveg. Arkitektur og design langs 18 Nasjonale turistvegar" i regi av Norsk Design- og arkitektursenter, Norsk Form, Nasjonale Turistvegar og Statens vegvesen.

05.10.06, Norsk Forms lokaler, Oslo.

Fyrst vil eg takke for at eg får æra av å opne denne utstillinga. Det er flott at vi i lokala til Norsk Form i Oslo kan få skode inn i Statens Vegvesen sitt storslåtte prosjekt; Nasjonale Turistvegar, som smykkar vegar i distrikta våre: og som etter kvart vil strekkje seg frå Jæren i sør, til Varanger i nord. I utstillinga kan ein oppleve den norske naturen som om det var frå bilvindauget eller ved å rusle utanfor bilen på spennande stoppunkt langs dei 18 nasjonale turistvegane.

Eg gler meg til å trø inn på rampa her på utstillinga, den som er inspirert av den nye utsiktsrampa på Sohlbergplassen i Rondane, ein turistattraksjon som får strålande attendemeldingar frå vegfarande og fastbuande, lokale næringsdrivande og sentrale reiselivsarrangørar.

Reiseliv er eit viktig satsingsområde for Regjeringa. Noreg har enorme moglegheiter om vi evnar å nytte dei. Vi må ta vare på og utvikle den eineståande natur- og kulturarven vår, slik at vi kan få ei endå meir positiv utvikling av reiselivsnæringa i framtida. Regjeringa skal difor utvikle ein nasjonal reiselivstrategi som er bygd på nærleik til natur og norsk kultur, og som tek vare på satsinga på grønt reiseliv og reiselivsnæringa som distriktsnæring.

Turistvegprosjektet har slik sett treft godt – for på nettstaden til turistvegprosjektet står det nettopp at Nasjonale turistvegar skal vere ”ei reise langs fjordar, kyst, fjell og fossefall der tida står stille og notid og historie smeltar saman. Ei reise som famnar Noreg og norsk natur og byr turistar frå inn- og utland på naturopplevingar av verdsklasse”.

Denne regjeringa har varsla auka satsing på Nasjonale Turistvegar, og det blir det, budsjettet kjem i morgon!

Turistvegsatsinga er og eit spleiselag der kommunane og næringslivet deltek, og den gjev turistnæringa nye moglegheiter og sider ved deira totale ”produkt”.

Turistvegløyvingane på vegbudsjettet skal dekkje

prosjektutgiftene samt planlegging og gjennomføring

av turistvegtiltak, medan kommunane og aktørar i næringslivet må skaffe midlar for at strekningane skal få kvalitet og status

som Nasjonale turistveger, og dei må syte for at anlegga vert godt tekne vare på når dei er sett opp.

Prosjektet som vi kan sjå litt av her i utstillinga er eit godt døme på korleis vegar, turisme og næringsverksemd i distrikta heng saman. Den spanande satsinga på natur, kultur og arkitektur gjer det eineståande. Prosjektet syner oss kor gode resultat ein kan få når ein torer å tenkje nytt og når fleire trekkjer i lag. Vi må halde fram med slikt arbeid med auka kraft, og eg oppmodar lokale styresmakter og næringsliv til å ta eit felles tak.

Lat denne utstillinga, som eg med dette opnar, bli eit vindauge inn til det felles arbeidet som ligg framfor oss. Gratulerer med ei flott utstilling, og lykke til på vegen vidare!