Historisk arkiv

Opning av "Varderekkja" på Nasjonal turistveg Sognefjellet i Sogn og Fjordane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Tale av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Opning av ”Varderekkja” på Nasjonal turistveg Sognefjellet i Sogn og Fjordane

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
6. august 2006

Godtfolk,

Fyrst vil eg takke for invitasjonen til opninga av Varderekkja over Sognefjellet. Det er eit oppdrag som eg har tatt på meg med stor glede. Eg er svært glad i fjella våre, og deltek gjerne i aktivitetar som fremjar interesse hjå fleire til å oppsøke desse fantastiske områda.

Varderekkja over Sognefjellet har gjennom århundre bunde saman Austlandet og Vestlandet, sogningar og gudbrandsdøler. Mange handelsvarer har vorte frakta frå kysten i vest til fjell og dalstrøka i aust, og motsett. Steinvardane var vegvisarar og gav ferdafolket tryggleik for å finne vegen i all slags vêr. Dei står no som minnesmerke over tidlegare tiders slit og strev, og minner oss om kor viktig samferdsle er, og har vore for utviklinga av samfunnet vårt.

Dagens riksveg 55 Sognefjellsvegen har teke over for vardane. Vegen vart bygd av arbeidslaus ungdom frå begge sider av fjellet og vart opna for trafikk sommaren 1938. Sognefjellsvegen er den høgaste fjellovergangen i Nord-Europa, med høgaste punkt på 1434 meter over havet.

Sognfjellsvegen er ein av atten utvalde strekningar som inngår i det landsdekkjande prosjektet Nasjonale turistvegar. Arbeidet vert leia av Statens vegvesen. Turistvegane skal vere ein særskilt turistattraksjon med høg kvalitet der dei vegfarande blir presentert for det ypparste av norsk natur.

Sognefjellsvegen fekk status som Noregs fyrste turistveg i 1997 og stod ferdig opprusta som nasjonal turistveg i 2003.

Sognefjellsvegen vert som turistveg marknadsført som ei fantastisk reise over Noregs tak. Vegen går mellom innland og høgfjell og forbi verdas lengste fjord, Sognefjorden. Det er store natur- og klimakontrastar og mangfoldig flora og fauna i området. Vegen er også sentral i forhold til andre attraksjonar, som Jotunheimen nasjonalpark med sine høge toppar og Jostedalsbreen. Her er det er lagt til rette for ulike aktivitetstilbod, både turar på eigahand og med guide. Langs vegen er det opparbeida fleire flotte rasteplassar og utsiktspunkt. Eit eksempel er ved Jotunheimen fjellstue, eit anna er Mefjellet.

Reiseliv er eit viktig satsingsområde for Regjeringa – og har eit stort utviklingspotensiale. Vi må ta vare på og utvikle den eineståande natur- og kulturarven vår slik at vi kan få ei positiv utvikling av reiselivsnæringa i framtida. Regjeringa skal difor utvikle ein nasjonal reislivstrategi som er bygd på nærleik til natur og norsk kultur, og som ivaretek satsinga på grønt reiseliv og reiselivsnæringa som distriktsnæring.

Turistvegprosjektet har slik sett treft godt – for på nettstaden til turistvegprosjektet står det nettopp at Nasjonale turistvegar skal vere ”ei reise langs fjordar, kyst, fjell og fossefall der tida står stille og notid og historie smeltar saman. Ei reise som famnar Noreg og norsk natur og byr turistar frå inn- og utland på naturopplevingar av verdsklasse”.

Det er eit mål at utviklinga av dei einskilde vegstrekningane skal stimulere andre aktørar til å satse offensivt, slik at ein får ein god kvalitet på turistproduktet. Med varderekkja har vi fått ein flott attraksjon langs vegen. Eg er svært glad for at turistvegprosjektet har bidratt til at interessa for kulturhistoria i området har auka. Gjennom arbeidet med å registrere alle vardane har det kome fram ny kunnskap om menneskja og liva dei levde før i tida. Eg håper varderekkja vil bli aktivt brukt og at ho vil gi naturopplevingar til glede for mange i åra framover.

Eg vil nytte høvet til å takke alle som har vore med i arbeidet i samband med varderekkja. De kan med rette vere stolte av eit flott arbeid.