Samferdsel - ei utfordring for verdiskaping på Vestlandet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Samferdselsminister Liv Signe Navarsete, Gjensidige Vekterforum, Bergen
Tale/innlegg | Dato: 09.11.2006
Samferdsel – ei utfordring for verdiskaping på Vestlandet
Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Vekterforum, Bergen 9. november 2006
Denne regjeringa ønskjer å byggje landet og ta landet i bruk. Samferdsel er ein viktig føresetnad for busetting, næringsutvikling og ressursutnytting. Det er ei hovudutfordring å utvikle eit transportsystem med god framkomst, der det òg skal takast omsyn til miljø og trafikktryggleik. Transportpolitikken skal utformast i skjeringspunktet mellom lokale, regionale og nasjonale interesser.
Transportpolitikken har mykje å seie for lønnsemda i næringslivet. Den er og eit verkemiddel for å skape vekstkraftige regionar. Transport er viktig for næringslivet, både for å kunne tilby varer og tenester og for å sikre tilgang til godt kvalifisert arbeidskraft frå ein større region. Regjeringa legg vekt på å utvikle ein transportpolitikk som tek vare på næringslivet sitt transportbehov i alle delar av landet.
Norsk næringsliv har store utfordringar med lange transportavstandar til marknadene. Transportkostnadene er høge samanlikna med mange andre land, særleg for næringslivet i distrikta. Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for rimelege, pålitelege og effektive transportar.
Regjeringa sin ambisiøse transportpolitikk har alt gitt seg utslag i nivået på investeringane i infrastruktur. For første gong er vi no oppe på nivået til NTP-ramma.
I budsjettframlegget for 2007 foreslår regjeringa å løyve 23,6 milliardar kroner til samferdselsføremål. Dette er ein auke på om lag 2,1 milliardar kroner eller 9,7 prosent i 2007 og 2,5 milliardar meir enn forslaget til statsbudsjett for 2006 frå den førre regjeringa. Budsjettet gir eit kraftig løft for løyvingane til både veg og jernbane.
Regjeringa har prioritert vedlikehalds- og utbyggingstiltak som fører til tryggare, meir effektiv og miljøvennleg transport i heile landet. Vedlikehaldet av norske veger har vore forsømt i fleire år. Ved å auke vedlikehaldsbudsjettet med 25 prosent får vi no stopp i forfallet på norske veger. Vidare har regjeringa lagt vekt på å sikre rasjonell framdrift på allereie starta prosjekter. Desse to tiltaka gjer at ressursane i samfunnet verte utnytta på ein betre måte.
Med ein auke i løyvingane til samferdsel på om lag 10 prosent har regjeringa kunna prioritere tiltak som gjer betre framkomst i tettbygde strok og tiltak som reduserer avstandskostnader og betrar transporttilbodet for folk og næringsliv i distrikta. Det er mellom anna foreslått ein auke i midlane til rassikring på vegnettet.
Når vi ser lengre fram i tid er arbeidet med Nasjonal transportplan (NTP) 2010-2019 heilt sentralt for at vi òg i tida framover kan styrkje næringslivets transportar. Viktige milepælar i dette arbeidet er:
- Retningslinene for arbeidet til etatane vart send ut til etatane i januar i år
- Planforslaget til etatane skal leggjast fram i januar 2008
- Stortingsmeldinga om NTP skal leggjast fram i desember 2008
Hovuddelen av arbeidet går no føre seg i transportetatane både på regionalt og sentralt nivå. Det er oppretta regionale kontaktutval. Det er eit sterkt fokus på næringslivet sitt transportbehov, noko som sjølvsagt omfattar godstransport, men også persontransport. Det er viktig at alle partar som har interesser på dette området, engasjerer seg for å få til gode løysingar i sine regionar.
Gjennom ein open og inkluderande planprosess kan alle medverke til ein transportplan som best mogeleg svarar på utfordringane i transportsektoren. Eg har sjølv tatt initiativ til at dei såkalla stamnettutgreiingane frå dei statlege transportetatane skal vere offentlege for å sikre open og brei debatt.
Eg registrerer til dømes at vurderingane og prioriteringane frå fagetatane ikkje i alt og eitt fell saman med vurderingane frå politisk hald, til dømes i Vestlandsrådet.
Vestlandet speglar mangfaldet i transportutfordringane. Utfordringane kan kort omtalast slik:
- Lange transportavstandar
- Spreidd busetnad og dermed låg trafikkmengde for delar av transportnettet
- Samansett og til dels eksportretta næringsliv med ulike behov når det gjeld transportkvalitet både for veg-, sjø, fly- og banetransport
- Storbyproblematikk: Avvikling av arbeidsreiser fører til press på transportsystemet, samtidig som byane ofte er knutepunkt for godstransporten
- Kostnadskrevjande og forbetre infrastrukturen for transport
Det er eit mål å redusere transportkostnadane til næringslivet for å betre konkurranseevna. Korleis gjer vi det?
Gjennom mellom anna å betre samspelet mellom dei ulike transportane og gjere heilskaplege prioriteringar. Dette står sentralt i NTP-arbeidet.
Optimalisering av dei einskilde transportformer.
Gjennom ei brei tilnærming som både omfattar vareproduserande næringar, turisme, kunnskapsbaserte næringar o.a. kan ein leggje til rette for næringsutvikling.
Spesielt for distrikta er det viktig med trygge og pålitelege transportar. Auka innsats for rassikring og utbetring av flaskehalsar er ein del av dette.
Vi treng òg eit moderne regelverk som er fleksibelt nok for dagens utfordringar. Eg syner her til diskusjonen med EU om tillaten lengd for vogntog/avstand mellom trekkvogn og hengjar.
Vegtransporten er svært viktig for Vestlandet, men regionen har og relativt høg del innanlands sjøtransport. Flytransport har mykje å seie for næringslivet i regionen fordi marknadene for produkta ofte ligg langt vekk. Bergen lufthamn har hittil i år vært den lufthamna med størst trafikkvekst, med heile 14 prosent auke, samanlikna med same periode i fjor. Dette er eit teikn på det auka aktivitetsnivået i regionen. Effektiv og god marknadskommunikasjon er ein naudsynt del av det å lykkast på eksportmarknaden. Mange transportprosjekt er difor av vesentleg verdi for konkurranseevna til næringslivet.
Hamnepolitikken er eit viktig element for å styrke godstransporten på sjø. Som kjent er det Fiskeri- og kystdepartementet som forvaltar staten sin politikk på dette området. Eg kan opplyse om at vi har et nært samarbeid med Fiskeridepartementet for å sikre at vi får eit transportsystem der alle transportformer fungerer godt saman.
Det er kostnadskrevjande å møte desse utfordringane som følgjer av målet om å redusere transportkostnadane til næringslivet. Ambisjonsnivå og prioriteringa av prosjekt må avvegast mot kva ein oppnår med innsatsen. Prioriteringane må og sjåast i forhold til nasjonale mål for konkurranseevne og bustadmønster. Det er naudsynt å sjå alle delar av samferdselspolitikken i samanheng. Også breibandspolitikken er eit viktig verkemiddel i næringspolitikken. Ulike kommunikasjonsformer må fungere saman. Fysisk tilrettelegging og breibandspolitikken er delar av eit samspel. Med eit spreidd produksjonsmønster og stort behov for marknadskommunikasjon blir dette eit viktig element.
Nærare om godstransport
Den geografiske utstrekninga i Noreg med spreidd produksjon fører til låge konsentrasjonar av gods. Hovudansvaret for å få til betre konsentrasjon av godsstraumar ligg på næringslivet sjølv, ut frå prinsippa om lønnsemd. Biltransport er den mest fleksible og tidseffektive transportform for dei fleste innanlandske transportstrekningane. Det er difor naudsynt å styrke både vegtransporten og intermodal transport. Å leggje til rette gjennom å betre infrastrukturen eller stimulere til samarbeid på IKT-området kan styrkje dei intermodale transportane. Val av transportløysning må gjerast av transportbrukar og transportør i samarbeid.
Tiltak som medverkar til å effektivisere godstransporten:
- Betre infrastruktur
- Konsentrasjon av godsstraumar til korridorar og auka bruk av einskapslastar som gir grunnlag for å opprette nye containerruter
- Effektivisere terminalane gjennom betre terminalstyring og integrasjon mellom IKT-systema til aktørane. Ein meir effektiv terminalstruktur kan gi betre tenestetilbod og lågare prisar
Å auke kapasiteten på jernbanenettet vil leggje til rette for auka transportvolum med jernbane. Godstransporten på jernbanen mellom Bergen og Oslo har auka med meir enn 20 prosent dei siste åra. Manglande kapasitet kan snart komme til å hemme vidare vekst. Regjeringa har i sitt budsjettopplegg prioritert å starte opp utbygginga av dobbeltsporet mellom Bergen og Fløen stasjon, med ei løyving på 20 millionar kroner neste år. Utbygginga vil få bort ein flaskehals for transport av gods. Investering i ny godsterminal på Alnabru i Oslo vil òg gi auka effektivitet og kapasitet til stor glede for næringslivet på Vestlandet.
Bygginga av ny godsterminal for bil/jernbane på Ganddal i Rogaland får makismal framdrift med regjeringa sitt forslag til budsjett. Når denne terminalen står ferdig, vil det være mogeleg å sende eit godstog tur/retur frå Stavanger til Oslo i løpet av eit døgn. Effektiviteten aukar vesentleg og kostnadene for næringslivet vil gå ned.
CargoNet har utvikla eit tilbod for containertransport på jernbane og transportvolumet er aukande. Containertog baserte på samlastkonseptet er i sterk vekst, men er heilt avhengig av gode togløysingar som inneber at kapasiteten i infrastrukturen må aukast meir, mellom anna ved å byggje fleire kryssingsspor. Vegtransporten vil uansett være viktig fordi det trengs transport på veg oftast i begge ender av transportkjeda. Samlastnæringa har ein sentral plass og har medverka til meir effektive transportar til lågare kostnad både på veg og bane.
Godstransporten i regionen varierer. Det er dels regional og dels internasjonal transport, med meir vekt på eksport enn import. Næringslivet har difor ulike krav til standard og kvalitet.
Ved å utnytte fortrinna til dei einskilde transportformene og samstundes betre samspelet mellom dei ulike transportane, vil ein kunne auke effektiviteten og redusere kostnadane ved transport. Vår sterke satsing på IKT og forsking er viktig for å få dette til, jf. forskingsprogramma LOGITRANS og PULS.
Vi finansierer no eit prosjekt ved SINTEF og TØI om IKT i transport som skal sjå på:
- Kva vi kan lære av tidlegare erfaringar nasjonalt og internasjonalt.
- Mogleg bruk av IKT for å effektivisere transportsektoren.
- Kva for verkemiddel kan styresmaktene nytte for å leggje til rette for bruk av IKT i transportsektoren for å transportpolitiske mål.
Vi har i haust utlyst eit nytt forskingsprogram i regi av Noregs Forskingsråd om transportane til næringslivet der IKT i transportsektoren er ein viktig del av dette forskningsprogrammet. Det er sett av 20 millionar kroner til det nye forskingsprogrammet til neste år. Programmet blei presentert på Transportbrukernes Fellesorganisasjons store transportkonferanse på Gardemoen i oktober. Dette er ei oppfølging av departementet sin forskingsstrategi, der kunnskap om og for næringslivets transporter er gitt høg prioritet.
Reiseliv
- Reiseliv er ei raskt voksande næring som har mykje å seie for Vestlandet.
- Transportpolitikken er eit viktig verkemiddel for å leggje til rette for næringsutvikling.
- Nasjonale turistvegar er eit landsdekkjande prosjekt som Statens vegvesen har fått ansvaret for å gjennomføre. Satsinga omfattar utvalde strekningar der ein skal leggje særleg til rette for vegfarande turistar gjennom utbygging og tilrettelegging av infrastruktur, marknadsføring og drift av turisttilbod.
- Støtte til Hurtigruta er og eit verkemiddel i reiselivsstrategien som kan gi sterke ringverknader for turistnæringa.
- Tilgjenge med fly både på hovudnettet og kortbanenettet er viktige element i satsing på reiselivsnæringa.
Veg
Kyststamvegen har mykje å seie for busetnad og næringsliv. I tillegg til å vere stamveg av nasjonal nytte, er den ein viktig regional og lokal veg for mange kommunar og lokalsamfunn. Kyststamvegen er viktig for næringsliv og sysselsetting som bindeledd mellom regionar og landsdelar, i tillegg til transporter innanfor regionen.
Utfordringane er ulike sør og nord i regionen. Kyststamvegen går igjennom storbyområde på Nord-Jæren og Bergen. Dei er både innfartsåre til Bergen og eit viktig bindeledd mellom disse områda.
Andre strekningar har lite tilfredsstillende standard, kurvatur, breidd, bereevne og manglande vedlikehald. Det er til dømes strekningar med til dels dårleg standard nord for Sognefjorden. Særleg godstransport har difor store framkomstproblem. Avvegingane mellom høgtrafikkerte og lågtrafikkerte delar av vegnettet stiller oss overfor dilemma i prioriteringane.
Sett frå næringslivet si side er det gjennomgåande standard uavhengig av klassifisering av vegnettet som har noko å seie. Det er difor avgjerande at samarbeidet fungerer godt på tvers av forvaltningsnivåa. NTP-prosessen er viktig her. Dei auka løyvingane til kommunar/fylkeskommunar gjer det enklare å betre standarden på dei delane av vegnettet som ikkje er statlege.
Sjølv om trafikkmengda er låg, kan det likevel vere ønskjeleg å betre dei smalaste strekningane med dårleg standard først fordi det sikrar næringslivet ein gjennomgåande standard. Det er eit stort investeringsbehov. Riksvegnettet har eit vesentleg etterslep når det gjeld løyvingar både til investeringar og vedlikehald. Det er behov for å styrkje det sekundære riksvegnettet og fylkesvegane for å utløyse større vediskaping.
Andre riksvegar og fylkesvegar er svært viktige for mange næringar. Dette gjeld mellom anna fiskerinæringa og delar av industrien på Vestlandet. Gode tilkomstvegar til stamnettet er naudsynt for å få ei rask og effektiv avvikling av transporten. Regjeringa legg difor stor vekt på å prioritere andre riksvegar. Regjeringa satsar og stort på rassikring. Vår satsing på rassikring vil betre framkomst og gjere det enklare å planleggje transportane til næringslivet.
Regjeringa si satsing i statsbudsjettet inneber eit stort løft for å møte desse utfordringane.
I statsbudsjettet for 2007 har vi mellom anna foreslått å prioritere følgjande på veg:
- Stamvegnettet
- E39 ”Kyststamvegen” - det er prioritert prosjekt i alle fire fylka.
- E16 Sandvika i Bærum – Bergen i Borlaug – Voldum (Lærdal)
- E134 Drammen – Haugesund (Haukelitunnelane, Rullestadjuvet, Skåredalskrysset i Haugesund)
- E136 Dombås – Ålesund
- (Rv 70 Oppdal – Kristiansund)
Riksvegnettet elles, medrekna midlar til prosjektet "Oppgåvedifferensiering knytt til samferdsel i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane (Vestlandsrådet)"
- Rassikring, mellom anna Stedjeberget Rv 55 Gotteberg – Kapellneset nord for Måløy, Fatlaberget Rv 55, langs Kjøsnesfjorden og Fresvika – Jordalsgrend.
- Nord-Jærenpakka, Fastlandssambandet Finnøy (Finfast), Jøsendal – Voss, Hafskorberget, Austervollbrua, Eikesundsambandet, Atlanterhavstunnelen, Imarsundprosjektet
- Lokale tilskott til arbeidet med prosjektering og igangsetting av arbeid med tilkomstvegane for Hardangerbrua
Bane
Når det gjeld banetransport er både gods og person viktig for næringslivet. På dei lange transportane konkurrerer godstransport på bane med tungtransport på veg.
Å leggje til rette for smidig omlasting og marknadsretta lasteprofilar (tunnelar, bereevne tømmertog) i godstrafikken, samt meir punktleg transport vil være viktig, i tillegg til dei tiltaka eg tidlegare har nemnt.
Regjeringa si satsing i statsbudsjettet er eit første steg for å møte utfordringane. I statsbudsjettet for 2007 har vi mellom anna foreslått å prioritere følgjande på jernbane, i tillegg til dei tiltake eg har nemnt tidlegare:
- I tillegg til 225 millionar kroner, som går til bygging av ny godsterminal på Ganddal, skal det neste år brukast 300 millionar kroner på utbygging av dobbeltpor mellom Sandnes og Stavanger (270 millionar til investeringar og 30 millionar kroner til vedlikehaldstiltak).
- Arbeid med ombyggingstiltak på Voss stasjon
- Fjellsikringstiltak og fornying av snøoverbygg på Bergensbana.
Andre relevante tiltak er lønningsordninga for kollektivtrafikk som omfattar mellom anna Bergen og Stavanger, og bybane i Bergen
Luftfart
Ein effektiv og føreseieleg flytransport er avgjerande for at bedriftene skal klare seg i den internasjonale konkurransen. Endring i arbeidsmarknaden og næringssamansetting fører til ei auke i yrke som gjer fleire reiser med fly i jobb. Informasjonsyrke med krav om høgt kvalifisert arbeidskraft aukar mest, mens rutineprega yrke i stor grad blir automatiserte og redusert i omfang.
Regjeringa vil framleis prioritere det regionale flyplassnettet og løyvingar til kjøp av flyrutetenester, slik at det kan oppretthaldast eit tilstrekkeleg rutetilbod som er så viktig for Vestlandet.
Finansieringssystemet for lufthamnene er basert på sjølvfinansiering og kryssubsidiering. Det inneber at Oslo (Gardemoen), Stavanger, Bergen og Trondheim finansierer nettet av lufthamner elles. Utviklinga av dei flyplassane som finansierer det regionale nettet (særleg Gardemoen) blir avgjerande i tida framover.
Vi venter sterk vekst i flytrafikken. Høgare standard for andre transportmiddel kan bidra til å dempe denne veksten noko, særleg på kortare avstandar. Flytransport er som nemnt tidlegare viktig for ei turistnæring i sterk vekst. Låge flyprisar har gjort det enklare å skape arbeidsplassar i denne næringa. Oppleving av natur, landskap, ro og stille er svært viktig og vil vere eit konkurransefortrinn i høve til andre land. For mange turistar er også byar ein viktig del av eit besøk i Noreg.
Det trengs oppgradering i store delar av nettet, både for å ta unna trafikkveksten og for å møte auka krav til tryggleik. Vi kan redusere reisetida og betre samspelet med dei andre transportformene ved å betre tilbodet for transport til og frå flyplassane.
Avslutning
Eg vil gjerne takke for meg og håper at eg har synleggjort at næringslivets transporter er viktig for oss. Eg håper eg i mitt første år som samferdselsminister også gjennom konkret handling tydelig har vist at regjeringa har eit engasjement for å sikre transportbehovet til næringslivet. Eg ser fram til ein fortsett god dialog og nært samarbeid med næringslivet og lokale styresmakter i den vidare utforminga av regjeringas politikk.