Historisk arkiv

Seminar om tilgjengelighet og universell utforming

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Åpningstale ved Steinulf Tungesvik

Seminar om tilgjengelighet og universell utforming

Åpningstale ved statssekretær Steinulf Tungesvik

03.10.06

Innleiing

Velkommen til dette seminaret om tilgjenge og universell utforming i kollektivtransportsektoren. Det er ei glede å sjå at så mange har teke seg tid til å komme – det tolkar eg som stor interesse for det som rører seg på dette området.

Regjeringa legg vekt på samfunnsmessig likestilling, og vil arbeide for at menneske som lever med funksjonshemming skal sikrast livskvalitet på line med befolkninga elles. Mobilitet er ein viktig nøkkel til sjølvstende og sosial inkludering, og ein føresetnad for likestilling på dei fleste områda i livet.

Handlingsplan for BRA

Med utgangspunkt i det 5. hovedmål for transportpolitikken: ”Eit transportsystem som er tilgjengeleg for alle og eit transporttilbod som gjer det mogleg for alle å leva eit aktivt liv”, er Handlingsplanen for BRA ein viktig del av regjeringa sitt arbeid for oppfylle dette målet, og for å betre forholda for menneske med nedsett funksjonsevne. Viktige verkemiddel er auka merksemd om tilgjenge, og at prinsippet om universell utforming vert integrert og ivareteke i arbeidet, både i Samferdsledepartementet og i departementet sine underliggjande etatar og verksemder. Planen skal vere med å konkretisere verkemiddel og tiltak som skal setjast inn i arbeidet for eit tilgjengeleg kollektivtilbod. Prinsippa for universell utforming ligg til grunn for arbeidet.

Strategien universell utforming

Som dei fleste her på dette seminaret kjenner til, betyr universell utforming at infrastruktur og transportmiddel skal utformast på ein slik måte at kollektive transportløysingar i så stor grad som mogleg kan nyttast av alle menneske, i alle aldrar og med ulike føresetnader. Saman med andre tiltak for tilgjenge vil strategien universell utforming hjelpe til med å betre reisekvaliteten for alle passasjerar, og i tillegg gi eit kvalitets- og kvantitetsmessig betre tilbod til funksjonshemma.

Heile reisekjeda

Kollektivtransporten handlar i stor grad om den totale reisa frå dør til dør – heile reisekjeda. Det er viktig at alle ledd i reisekjeda er tilengeleg slik at det ikkje oppstår brot i kjeda. Tilpassa bussmateriell vil til dømes ha avgrensa nytteverdi dersom det ikkje er tilgjenge til haldeplassen slik at brukarane kan ta seg til og frå bussen.

Koordinering og samarbeid

Derfor er det like viktig som å lansere nye verkemiddel, å betre samordninga av dei verkemiddel som allereie finst. Koordinering og samarbeid er viktige strategiar i arbeidet med tilgjengeleg kollektivtransport. Det er viktig at alle aktørane som med i utforminga av kollektivtransporten er bevisst si eige rolle og sitt eige ansvar, og legg prinsippa for universell utforming til grunn i alle nye prosjekt og ved utbetring av eksisterande infrastruktur og materiell. Samarbeid og koordinering av tiltak er viktige føresetnader for å oppnå gode resultat. I handlingsplanen har vi lagt vekt på tiltak og verkemiddel som byggjer på heilskapleg tenkning på tvers av forvaltningsnivå og sektorar.

Programmet i dag viser at strategiane heilskapelg tenkning, samarbeid og koordinering på tvers av sektorar og forvaltningsnivå gjer seg gjeldande - både i planarbeid og gjennom tiltak som er sette i verk. Dette er eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet, og for at målet om tilgjengeleg kollektivtransport skal kunne oppfyllast.

Avslutting

Avsluttingsvis vil eg igjen på nytt streke under at arbeidet for betre tilgjenge til kollektivtransport er eit høgt prioritert mål for regjeringa. Eg er svært glad for at så mange deler regjeringa sin ambisjon om betre tilgjenge til kollektivtransporten, og ønskjer lykke til med seminaret.