Historisk arkiv

Snuoperasjon for vegane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Snuoperasjon for vegane

Av samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp)

Publisert i blant anna Hamar Arbeiderblad 29.05.06

Samferdselssektoren i Noreg kan glede seg over dei måla Regjeringa har sett for dei neste fire åra. Folk skal merke at Sp, SV og Ap har overteke. Vegane våre skal rustast opp, og vedlikehald skal få eit etterlengta lyft.

Regjeringa har nett lagt fram revidert nasjonalbudsjett. Dette er ei justering av vedteke budsjett for 2006, og omfattar derfor ikkje dei store endringane eller investeringane. Likevel fann Regjeringa rom for å styrkje aktiviteten på vegsektoren med heile 215 millionar kroner i 2006.

Mykje av pengane skal gå til asfaltering. Dei siste ti åra har midlane til asfaltering blitt halvert av dei sitjande regjeringar. Bondevik-regjeringa kutta heile 235 millionar kroner. Fleirtalsregjeringa ønskjer ein snuoperasjon når det gjeld vegvedlikehald. Det vil ta tid å snu ei skute som har gått feil veg i ti år, men om fire år skal norske vegar vere i vesentleg betre stand enn dei er i dag.

Det blir satsa stort på rassikring, i revidert budsjett er det sett av 40 millionar kroner til dette formålet. Ei rekkje konkrete rassikringsprosjekt har no fått pengane dei treng. Dette har mykje å seie for livskvaliteten til folk i rasutsette område, og det gir næringsutvikling og framtidstrua betre kår i distrikta. I tillegg ønskjer Regjeringa å setje fokus på trafikktryggleik og miljø, gjennom å få fart på utbygginga av gang- og sykkelvegar, og vi har sett av 13 millionar kroner til dette formålet.

Dei langsiktige planane i samferdselssektoren finst i Nasjonal Transportplan, som blir vedteken av Stortinget. For å setje planen ut i livet, må det likevel løyvast vesentleg meir pengar enn i dag. Bondevik-regjeringa mangla heile to milliardar kroner for å fylle rammene i Nasjonal Transportplan. Vårt klare mål er å få pengane på plass i løpet av regjeringsperioden, og vi er godt i gang med å oppfylle lovnaden. I haust starta vi med 460 millionar kroner meir til samferdsel, og i revidert nasjonalbudsjett no i mai aukar vi med ytterlegare 375 millionar kroner til veg, jarnbane og luftfart. I revidert budsjett er det også sett av 11,5 millionar kroner til planlegging og tilrettelegging for større jernbaneprosjekt. Dette er utbygging som styrkjer miljøvennlig kollektivtransport, særlig i storbyområda, og dermed kan være med på å redusere køane på vegnettet.

Eg skjønna godt at mange er oppgitt over samferdselsstandarden mange stader i landet vårt. Eg er også utolmodig. Det er ikkje gjort i ei handvending å ta igjen det forsømde. Men etter ei halvt år ved makta har Regjeringa klart å snu utviklinga.