Historisk arkiv

Strategi for norsk luftfart - møte med ikkje-statlege aktørar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete, Oslo Kongressenter, Folkets Hus, Oslo

Strategi for norsk luftfart - møte med ikkje-statlege aktørar

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Oslo Kongressenter, Folkets Hus, Oslo, 7. november 2006

(Kontrollerast mot framføring)

Velkomen til dette møtet om regjeringa sitt arbeid med ein strategi for norsk luftfart. Luftfarten spelar ei viktigare rolle i transportmønsteret i Noreg enn i dei fleste andre europeiske land. Spesielt har innanriks luftfart stor betyding. Årsaka til dette er store avstandar, spreidd befolkning og ein utfordrande topografi. Eit finmaska nett av flyplassar og flyruter i heile landet er med på å sikre rask og effektiv transport innanlands. Dette reduserer avstandsulempene, og bidreg til å sikre sysselsetjing og busetjing i heile landet. Med ei plassering i utkanten av Europa og ein eksportretta økonomi, er det også viktig at Noreg har gode flyforbindelsar til og frå utlandet.

Utgangspunktet for strategiarbeidet er at det har vore mykje uro i norsk luftfart. Dette har ført til driftsavbrot som har vore til stor ulempe for dei passasjerane og andre brukarar som har vorte råka.

Det er svært liten toleranse i samfunnet for problem knytt til kø, kanselleringar og forseinkingar i luftfarten. Min første haust som samferdselsminister var prega av uro i sektoren. Eg er glad for at vi no har ro og kan sjå framover.

Avgjerda om å utarbeide ein strategi for norsk luftfart er bygd på eit ønskje om å sjå på alle viktige sider av denne transportsektoren. Formålet med strategien er å gi ei oversikt over situasjonen i norsk luftfart og vurdere kva tiltak som eventuelt bør setjast i verk frå myndigheitenes si side.

Slik eg ser det, er hovudkjelda til uroa dei omstillingane luftfarten har vore gjennom dei seinaste åra. Det statleg heileigde aksjeselskapet Avinor er forvaltaren av mesteparten av infrastruktu­ren til luftfarten i Noreg. I dette selskapet har det også vore gjennomført kostnadsreduksjonar. Desse har vore gjennomførde stort sett som planlagt, men det har vore mykje uro blant einskilde grupper av tilsette. Mellom anna på bakgrunn av dette har Regje­ringa sett i verk ei evaluering av organiseringa og tilknytingsforma til Avinor. Resultata frå evaluer­inga skal presen­terast i stortingsmeldinga om verksemda i Avinor som eg tek sikte på å leggje fram om kort tid.

Trass i driftsavbrota er det mange positive trekk ved norsk luftfart. Statistisk sett kjem og går flya stort sett når dei skal. Tryggleiksnivået i norsk luftfart ligg i verdstoppen. Passasjerane har dei seinaste åra fått tilbod om lågare billettprisar og stadig fleire reisemål. Etter ein vanskeleg periode har økonomien i flyselskapa også byrja å utvikle seg positivt.

Eg vil nemne at den danske transport- og energiministeren i fjor la fram ein strategi for dansk luft­fart . Strategien tek sikte på at flyselskapa, i realiteten SAS, framleis skal bruke Kastrup som nav for trafikk til og frå Skandinavia, og at Danmark skal vere base for aktivite­ten. I Sverige la regjeringa i fjor fram ein proposisjon ( Moderna transporter), ein variant av vår nasjonale transport­plan. På luftfartsområdet er drøftingar av regional luftfart gitt brei omtale. Dette speglar at dei svenske utfordringane er meir like dei norske.

Strategiarbeidet vil skje i ein arbeidsgruppe under leiing av Samferdselsdepartementet og med deltaking av ei lang rekkje andre departement. Resultata vil bli dokumentert i ein rapport frå Samferdselsdepartementet, som etter planen vil bli lagt fram i løpet av første halvår 2007.

Aktuelle tema i strategien vil vere:

  • Kva luftfarten har å seie for transportmønsteret, næringslivet og norsk samfunnsliv generelt
  • Presentasjon av ulike aktørar innan luftfarten og deira roller og ansvarsområde
  • Organiseringa av og forholda i arbeidsmarknaden
  • Generelt om rammevilkåra for norsk luftfart
  • Kartlegging av marknadsdelar og konkurranseforhold i marknaden for flyreiser og andre deler av luftfarten
  • Vurdering av om geografisk tilknyting for eit flyselskap har noko å seie for flyrutetilbodet i eit land. Spørsmål om utøving av statleg eigarskap skal behandlast i den kommande eigarskaps­meldinga frå Nærings- og handelsdepartementet
  • Passasjerrettar
  • Den statlege styringa av den statlege infrastrukturen og regulering av dei ikkje-statlege luft­hamnene
  • Lufthamnstruktur og flytryggleik, inkludert forskrift om utforming av lufthamner
  • Luftfartsutdanning
  • Miljøspørsmål

På slutten av dagen vil ekspedisjonssjef Ottar Ostnes seie noko om prosessen rundt strategiarbeidet og korleis de vil bli involvert i det vidare arbeidet.

Det er hyggjeleg å sjå at so mange ønskjer å ta del i drøftingane, og eg håper på mange gode innspel. Det kjem ei rekkje interessante innlegg ut over dagen. Formålet med desse innlegga er å stimulere diskusjonane. Hovudsaken er at de som ikkje-statlege aktørar i norsk luftfart skal kome med innspel og vere med på å forme strategiarbeidet. I tillegg til munnlege innspel her i dag, tek vi gjerne òg imot skriftlege bidrag.

Med dette vil eg få ønskje alle eit godt møte med mange gode innspel.