Historisk arkiv

Turistvegar - eit løft for næringslivet i distrikta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Turistvegkonferansen 2006, Lillehammer

Turistvegar – eit løft for næringslivet i distrikta

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Turistvegkonferansen 27. mars 2006
Lillehammer

Dykkar Majestet. Kjære forsamling. Takk for invitasjonen til Turistvegkonferansen 2006. Eg er glad for at eit viktig område for utvikling av vakre og attraktive reiselivsmål slik vert sett på dagsorden.

I det første møte med Vegdirektoratet i haust blei eg orientert om viktige nasjonale satsingar som leiinga i Statens vegvesen er stolte av. Arbeidet med Turistvegprosjektet og utviklinga av Nasjonale turistvegar blir sett på som svært viktig i ein etat der trafikktryggleik og betra framkomeligheit elles har hovudfokus.

For Regjeringa er reiseliv eit viktig satsingsområde, slik det er slått fast i Soria Moria-erklæringa. Noreg har attraktive ressursar i reiselivssamanheng. Vår unike natur- og kulturarv må ikkje forfalle. Aktiv ivaretaking og utvikling av denne arven er ein føresetnad for ei positiv utvikling av reiselivsnæringa i framtida. Regjeringa vil difor utvikle ein nasjonal reiselivsstrategi bygd på nærleik til natur og norsk kultur, som ivaretek satsinga på grønt reiseliv og reiselivsnæringa som distriktsnæring.

Turistvegprosjektet har slik treft godt – for på nettsida til turistvegprosjektet står det nettopp at Nasjonale turistvegar skal vere ”ei reise langs fjorder, kyst, fjell og fossefall der tida står stille og notid og historie smeltar saman. Ei reise som famnar Noreg og norsk natur og byr turistar frå inn- og utland på naturopplevingar av verdsklasse.”

Utviklinga gjennom mange år viser at Noreg taper i den harde internasjonale konkurransen om turistane. Skal vi greie oss i konkurransen og auke Noreg sin attraktivitet som feriemål, må me utvikle kvalitetsprodukt på internasjonalt nivå som gir gode opplevingar og freistar til besøk og til å kome att.

Noreg har vakker og spennande natur som blir oppfatta som urørt eller i alle fall ekte. Det er fjordane, breane, fjella og kulturlanskapen som trekker turistane. Skal dei kome att er det i tillegg møte med folk som lever i eitt med den storslåtte naturen, formidling av kulturarven gjennom lokal mat, aktivitetstilbod formidla av lokale guidar og hanverksprodukt som er ekte og lokale. Ikkje made in China. Etter mitt syn er det viktig å inkludere lokale og regionale styresmakter og næringsaktørar i utviklinga av dei nasjonale turistvegane til eit heilskapleg reiselivsprodukt. Reiseliv er ei distriktsnæring med mange små og mellomstore bedrifter. Desse har erfaring og kunnskap som er viktig å trekke med i arbeidet. Gjennom den nasjonale politikken må me sikre at dei opne og vakre kulturlandskapa vert haldne vedlike. For kven vil vel køyre langs ein nasjonal turistveg med attgrodde landskap gjennom ”grøne tunnelar” av busker og tre som stengjer utsynet til fjordar og fjell? Heilskap og kvalitet må vere stikkorda for arbeidet på alle plan. Med den storslåtte naturen, varierte aktivitetar og god service langs vegane, trur eg vi kan møte den moderne turisten sine krav og forventingar til Noreg som ferieland.

Noreg treng god profilering og marknadsføring. Ei målretta marknadsføring og profilering av landet slik Norges Turistråd og no Innovasjon Norge legg opp til er grunnleggjande for å marknadsføre kva vi står for og kva vi kan tilby.

Ved å marknadsføre turistvegprosjektet under eit felles visuelt uttrykk, felles logo og felles stoltheit, skal vi freista turistane til å velje akkurat Noreg.

For å oppfylla dei forventingane som blir skapt gjen­nom ei slik synleggjering, må naturopplevinga, tilrettelegginga for opplevingar og aktivitet og vertskapet framstå som eit heilskapleg produkt - med høg kvalitet. Vi må ha som utgangspunkt at gjestene minst får det dei forventar for den prisen dei betalar. Høg kvalitet i alle ledd.

Statens vegvesen har altså teke på seg ansvaret for å tilføre det norske reiselivsproduktet ein ny attraksjon. Stortinget slutta seg til målet om atten strekningar som Nasjonale turistvegar innan 2015 gjennom handsaminga av Nasjonal transportplan for perioden 2006-2015.

Eg har skjønt at både utvalet av strekningar og utviklinga av konseptet for turist­vegsatsinga har vore gjenstand for grun­dige vurderingar. Dette har vore nyttig for å utvikle eit tydeleg konsept med klar ansvars­deling mellom dei mange aktørane.

Arbeidet er no i gang på dei fleste strekningane og turist­vegprosjek­tet er i ferd med setje spor med mange spennande tiltak, slik det vil bli vist på denne konferansen. Eg kan konstatere at forventningane til Turistvegprosjektet er store – og at dette er ei satsing med stor verdi for å skape optimisme, oppretthalde busetting og auke investeringane i næringslivet i distrikta. Deltakinga på konferansen stadfester dette.

Erfaringane viser at gjennomføringa av dei tiltaka som Statens vegvesen har ansvaret for, er viktige for å stimulere lokale næringslivsaktørar og investorar til å satse og følgje opp med utviklingstiltak innafor sine ansvarsområde.

Lokalt engasjement og eigarskap er avgjerande for å få til eit levedyktig turistveg­pro­dukt. Dette krev ressursinnsats frå andre enn Statens vegvesen til ikkje-kommersielle fellestiltak og til lokal næringsutvikling.

For lokale og regionale aktørar er det ei stor utfordring å ta del i ei satsing med inter­nasjonale ambisjonar når det gjeld kvalitet. Her er det og viktig å hugsa på at alle strekningane er ambassadørar for kvarandre. Ein konferanse som denne er eit viktig initiativ for å gi høve til erfaringsutveksling og få dei mange aktørane til å bli solidarisk ansvarlege overfor ein felles logo og eit felles kvalitetsprodukt.

Eg veit at forventningane til Statens vegvesen er høge frå alle dei atten utvalde områda og ser det som viktig at målet om 18 fullverdige Nasjonale turistvegar i 2015 står fast. At dette verkar langt fram i tid for næringsdrivande som skal over­leva på kort sikt, samtidig som dei skal tenkje langsiktig, er ikkje vanskeleg å forstå.

Staten tek sitt ansvar i turistvegprosjektet, og vil til saman ha investert 1,2 milliardar kroner i produktutviklinga når sluttstrek blir sett i 2015. I 2006 er det sett av om lag 50 millionar kroner til prosjektet.

For å gjere satsinga truverdig, motivere til innsats frå alle involverte og sikre inter­nasjonal kvalitet, har eg forstått at det er ønskje om ei viss forsering av satsinga slik at ein alt om nokre få år har eit så sterkt turistvegprodukt at det for alvor kan takast i bruk i internasjonal marknadsføring og profilering av Noreg. At ei slik forsering og vil bety ei effektivisering av prosjekt­arbeidet, er ein gevinst som kan vere verdt å ta med seg. Dette må eg få kome attende til i statsbudsjetta dei næraste åra.

Nærings- og handelsdepartementet har kalla saman til eit breitt møte om reiseliv og arbeidet med utviklinga av nasjonal reiselivsstrategi i starten av april. I den samanhengen vil turistvegsatsinga vere eit spennande produkt Samferdselsdepartementet og Vegdirektoratet kan bidra med.

Turistvegprosjektet er særs viktig i marknadsføringa av Noreg som reisemål, og det medverkar ikkje minst til eit løft for næringslivet i distrikta. Det er noko som eg er oppteken av. Eg vil difor følgja turistvegprosjekta nøye. Eg reknar med at engasjementet på denne konferansen og i tida framover vil visa at dette er ei rett satsing.

Lukke til med konferansen og det vidare arbeidet med Turistvegprosjektet.