Historisk arkiv

Vegopning av E12 i Mo i Rana

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Vegopning av E12 i Mo i Rana

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Mo i Rana 31.10.06

Kjære alle saman

De kan sikkert tenkje dykk at for meg som samferdsleminister finst det knapt noko så hyggeleg som å få markere betringar på vegnettet vårt, så aller først vil eg takke for invitasjonen!

E12 er utan tvil ei av dei viktigaste transportårene for Helgeland generelt og Rana spesielt. Eg bør vel óg nemne svenskane som nyttar vegen... Difor er det ikkje moro når vegen til dømes i 2005 var stengd 18 gonger. Same år talde Vegvesenet 20 nattestengingar og 28 dagar med kolonnekøyring.

Med eit slikt bakteppe synest eg ikkje det er rart at Ranasamfunnet, og særleg industrien, kravde tunnel framfor ei løysing med veg i dagen. Den nye vegen var faktisk så viktig for næringslivet at ein har prioritert å bruke såkalla RDA-middel – det vil seie kompensasjonsmiddel for bortfallet av differensiert arbeidsgjevaravgift – for å få tunnelen realisert. Resten av finansieringa har kome frå det statlege vegbudsjettet, kor ein stor del av rammemidla for stamvegkorridoren Trondheim – Fauske, har gått til prosjektet vi skal opne i dag. Tunnel får de altså, og no reknar vi med at vegen kan vere open nesten alle dagar i året [ikkje sant, Naimak?].

Når eg står her og taler om kor viktig denne vegen er for næringslivet, så vil eg og nemne at akkurat denne vegen er plukka ut til å vere med i ein ny norsk prøveordning –der ekstra store og tunge lastebilar får køyre på E12, slik Rana kommune har bedt om. Eg har forstått kor viktig dette er for den lokale industrien og meiner det må vere fornuftig distriktspolitikk å lempe litt på krava frå EU her.

Men industrien er ikkje den einaste næringa som feirar i dag: Spesielt reindrifta har grunn til å vere nøgd med ein annan del av prosjektet: Vi skal nemleg ikkje berre markere vegopning, men òg at 2,3 kilometer av den gamle vegen blir heilt fjerna for at området skal sjå ut som det gjorde tidlegare. Eg veit ikkje om noko slikt har vorte gjort elles i landet. Truleg er det unikt for norske vegprosjekt.

Til slutt vil eg takke Statens Vegvesen, og spesielt prosjektleiar Bjørn Kjønnås, og hovedentreprenøren Mika AS for godt arbeid. Dessutan har ikkje minst det lokale engasjementet frå politikarar, administrasjon og mange andre vore viktig. Dette kjem òg til uttrykk gjennom alle dei glade menneska eg ser her i dag. Takk skal de ha, alle saman!

Det er ei stor glede og ære for meg med dette å erklære den nye europaveg 12 offisielt for opna!