Historisk arkiv

Digitalt bakkenett gir meir TV til alle

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete i Stavanger Aftenblad, 1. september 2007.

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete i Stavanger Aftenblad, 1. september 2007.

Digitalt bakkenett gir meir TV til alle


Det digitale bakkenettet for tv vert opna 1. september i Stavanger ved at signala vert slått på i første fylke - Rogaland. Resten av landet følgjer fylkesvis i tur og orden utover. Dette er eit viktig telepolitisk og mediepolitisk steg, som vil skaffa meir tv til fleire. Eit sentralt demokratisk og distriktspolitisk mål vert oppfylt: Endeleg får alle like godt tilbod for NRK-lisensen, same kor ein bur.

Det svirrar mykje ulik informasjon om digital-tv for tida, og det er ikkje rart om somme er forvirra. Det nye nettet er eit tilbod til alle, men dei som har anten parabol eller kabelnettilkopling frå før, kan få digital-tv gjennom den tilkoplinga. Alle som i dag nyttar bordantenne eller liknande, kan halde fram med det, og må berre skaffe seg ein digital omformarboks (dekodar) i tillegg.

Dekodar vil finnast i mange ulike utgåver, med ulike kanalpakkar og dermed ulike prisar. Dei billegaste dekodarane vil ta inn gratiskanalane, og dei vil for alle utgjere minst like mange som i dag, for somme mange fleire.

I dag har vi to riksdekkjande gratiskanalar i det analoge bakkenettet, NRK1 og TV2. I tillegg får ein del av folket inn NRK2 og lokal-TV/TV Norge. I det nye bakkenettet blir det minst fire gratis riksdekkjande kanalar: NRKs tre kanalar (inkludert ein ny 3. kanal som NRK lanserer i desse dagar fordi distribusjonen blir digital) og TV2. Det kan også bli endå fleire kanalar som går gratis. I tillegg vil eit tiltals radiokanalar som dels er utan riksdekning i dag bli tilgjengeleg i bakkenettet.

Alle som allereie har skaffa seg satellitt eller kabel vil også få dette utvida gratistilbodet.
Eit avgjerande framsteg med det digitale bakkenettet er at NRKs kanalar for første gong vil nå ut til alle, gratis. NRK2 når i dag berre 53 % av folket. Det er Samferdsledepartementet som har gjeve sendekonsesjon, og kravet til det digitale bakkenettet er at det skal dekkje minst 95 %. I tillegg er NRK pålagt å syte for at dei siste fem prosent også får gratis tilgjenge til NRK kjernetilbod over satellitt, slik at 100 prosent blir dekka. Derfor har NRK inngått avtalar med Viasat og Canal Digital om dette. Sjåarane i desse områda må skaffe teknisk mottakarutstyr på same måte som dei som brukar det digitale bakkenettet.

Selskapet Norges Televisjon (NTV), som skal drive nettet, har lagt ut dekningskart på nettsidene sine. Desse inneheld nokre kvite flekkar. Det er først når digitale signal er slått på at NTV vil sjå kor store dei kvite flekkene er, og tida før gamle, analoge signal blir slått av skal vere minsteitt 1 år, eller lenge nok til å syte for at den enkelte får tilgang på basistilbodet anten ved å endra innstillinga på digitale sendarar, eller ved å tilby satellittmottak.

I ein avtale mellom Kultur- og kyrkjedepartementet og TV2 har TV2 forplikta seg til å vere gratis fram til 2010. Det var ikkje sjølvsagt, men resultat av tøffe forhandlingar. Kva som skjer frå 2010 er ikkje avgjort, men TV2 har då høve til å ta betalt. Det har ingenting med det digitale bakkenettet å gjere, men med at TV2s konsesjon går ut.

Dersom vi ikkje hadde bygt eit digitalt bakkenett hadde TV2 dermed uansett forlate det analoge nettet, og fritt kunna valt å bli betalingskanal. NRK ville ha site igjen med milliardrekninga for å vedlikehalde og drifte det analoge nettet åleine. Samstundes hadde toget gått for mogleg til å få digital-TV ut til hele landet. Det ville heller ikkje vært mogleg for NRK å utvide til tre riksdekkjande kanalar i det gamle analoge nettet. Det er altså ei vidareføring av dagens nett som ville gitt dårlegare og dyrare TV-tilbod.

Gjennom konsesjonen for bakkenettet, NRKs utviding til tre kanalar og den reforhandla TV2-konsesjonen har regjeringa sytt for at gratistilbodet blir betre i det nye digitale nettet enn det ville blitt i det gamle. Alle må ha ein digital TV-boks for å omforme dei digitale signala, men den må ein ha uansett om kanalane sender gratis eller ikkje. Kvaliteten på TV-biletet blir mykje betre, ein får betre tekst-TV og nye tenester vil utviklast. I tillegg blir det moglegheit til å velje mellom fleire betalingskanalar. Dermed blir også Noreg ein del av den framtidige digitale TV-verda.

Så får du sjølv velje om du vil slå på – eller av. Lukke til!