Historisk arkiv

Ingen vegutbygging – utan prioritering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete i Østlendingen 21.022007 og Hamar Arbeiderblad 22.02.2007

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete i Østlendingen 21.02.2007 og Hamar Arbeiderblad 22.02.2007.

Fylkestinget i Hedmark handsama 17. januar sitt innspel til Nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2010-2019, og gjorde vedtak om kva for samferdselsprosjekt som bør prioriterast i tida framover.

I dette møtet gjorde eit av partia framlegg om at Fylkestinget skulle prioritere desse vegane i Innlandet: Rv 2, Rv 3, RV 4, E6 og E16. Endringane i høve til inneverande NTP ligg i at Rv 3 også skulle vere med blant dei prioriterte stamvegane. Dette framlegget oppnådde berre sju røyster (Senterpartiet, Venstre og KrF), medan 32 røysta mot.

Fylkestinget vedtok i staden å oppretthalde Fylkestinget si tidlegare prioritering, der Rv 3 ikkje er med. I tillegg vart denne formuleringa vedteken: ”Fylkestinget krever en framdriftsplan med program for umiddelbar breddeutvidelse av Rv 3 med årlige bevilgninger fra 2008, i samsvar med det igangsatte forsøksprosjektet”.

Eg har registrert at det er ønske om meir pengar til utviding av breidda på Rv 3 frå 2008, men vedtaket seier ikkje noko om prioriteringar og om kvar desse midlane skal takast frå. Eg har òg merka meg at forslaget om å prioritere Rv 3 frå neste planperiode vart klart nedrøysta. Det er difor vanskeleg å sjå korleis departementet likevel skal kunne oppfatte vedtaket som ei prioritering av Rv 3 for bruk av stamvegmidlar i NTP.

I statsbudsjettet for 2007 skriv vi at dersom det blir ressursar til overs frå dei prosjekta som alt er prioriterte frå fylket, så vil desse gå til utviding av breidda på Rv 3. Det er slett ikkje vanleg at ein på førehand bind opp eventuelle frigjorde midlar på denne måten. Men som eg skreiv i budsjettdokumenta til Stortinget: Fylkestinget i Hedmark har ikkje prioritert tiltak på denne vegstrekninga i inneverande planperiode.

Som statsråd legg eg stor vekt på god kontakt med lokale styresmakter og deira tilrådingar. Det skal tungtvegande grunnar til for å gjere om på lokale forslag. Men tydelege vedtak må til for at nødvendige prioriteringar kan gjerast.