Historisk arkiv

Innlegg - God styring for langsiktig verdiskaping

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete i Dagens Næringsliv 23. november 2007.

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete i Dagens Næringsliv 23. november 2007.

Regjeringsskiftet i 2005 gav eit taktskifte i norsk samferdslepolitikk. Regjeringa har auka dei årlege løyvingane til veg og bane med meir enn 2,5 milliardar kronar i høve til det nivået Bondevik II-regjeringa foreslo i sitt siste budsjettframlegg. For første gong i historia løyvar ei regjering meir til samferdsel enn dei rammene som Stortinget har vedteke for Nasjonal transportplan.

Norsk økonomi går svært godt og det samla aktivitetsnivået i økonomien bidreg til klåre presstendensar. Det er bakgrunnen for at Samferdsledepartementet har stoppa oppstart av både av veg og jernbaneprosjekt. Til dømes vart ikkje utbygginga av ny jernbanestasjon på Ski starta i år, og regjeringa informerte sist fredag Stortinget om at høge anbod og uvisse om dei totale kostnadane for bygging av Hardangerbrua gjer at anbodskonkurransen må avlysast og oppstart skuvast noko ut i tid.

Regjeringa brukar ikkje berre vesentleg meir pengar på samferdsel, vi sikrar og at vi får meir ut av kronene gjennom full framdrift på igangsette prosjekt.

Eg meiner denne regjeringa og mitt departement viser stor evne til styring med den pressa økonomien vi no har. Ei kritisk presse som vurderer dei grepa som vert tekne og som gjerne presenterer nye vurderingar og tiltak vil eg helse velkommen.

Men det vert useriøst når Dagens Næringsliv på leiarplass 19. november tek til orde for at underteikna bør sendast på eit ”kurs i økonomi generelt”, ved å visa til at eg som leiar for Senterpartiets programkomite på eit partimøte har teke til orde for at det bør brukast meir midlar til samferdsle og at ein må sjå på alternative løysningar for finansiering.

Som nestleiar i Senterpartiet er det mi oppgåve å bidra til ein debatt om dei viktigaste prioriteringane for Senterpartiet i neste valperiode. Senterpartiet har meint at det bør brukast meir pengar på bygging av vegar i Noreg. Det har vi fått gjennomslag for i regjeringsamarbeidet. Eg meiner det er rett at Senterpartiet for neste valperiode har enda høgare ambisjonar for veg- og banebygging i Noreg.

Betre vegar og betre jernbaner er ei langsiktig investering som gjer økonomien meir effektiv og som betrar konkurranseevna til næringslivet. Det er også årsaka til at samferdselsinvesteringar vart nemnde spesielt i høve til kva det auka økonomiske handlingsrommet kan brukast til då Handlingsregelen vart vedteken av Stortinget i 2001.

Kor store dei årlege statsbudsjetta vil være må sjølvsagt tilpassast den økonomiske situasjonen. Men det må være vera lov å meine at ein større del av oljeinntektene skal kunne nyttast til vegbygging utan å verte stempla som uansvarleg i den økonomiske politikken. Kor stort presset i økonomien vert er ikkje berre avhengige av dei offentlege investeringane, men og av offentleg forbruk og ikkje minst aktiviteten i privat sektor. Det har vore ein enorm vekst i hushaldninganes disponible inntekt, noko som har gjeve ein historisk stor forbruksvekst.

Senterpartiet er opptatt av at det skal være ei god balanse mellom det som nyttast til forbruk i dag og investeringar som legg grunnlaget for langsiktig vekst. Det er spanande om Dagens Næringsliv vil delta aktivt og nyansert i den debatten som går om desse spørsmåla i Senterpartiet frem til framlegginga vår Stortingsvalsprogram.