Historisk arkiv

Eg driv ikkje skeivprioritering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Debattinnlegg i Aftenposten 9. mars 2007

Aftenposten tok feil 2.3. (også i leiaren 5.3.) då avisa skreiv at eg kjempar fram bru over Dalsfjorden som ”bauta over (meg) selv”. Det var vanskeleg å lesa oppslaget som anna enn eit forsøk på å skapa inntrykk av at eg her driv skeivprioritering til fordel for eige heimfylke.

Av samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp)

Aftenposten tok feil 2.3. (også i leiaren 5.3.) då avisa skreiv at eg kjempar fram bru over Dalsfjorden som ”bauta over (meg) selv”. Det var vanskeleg å lesa oppslaget som anna enn eit forsøk på å skapa inntrykk av at eg her driv skeivprioritering til fordel for eige heimfylke.

Omtalen bygde på manglande kjennskap til maktfordelinga i vegpolitikken. I motsetnad til Lærdalstunnelen på stamveg, som avisa samanlikna med, ligg bruprosjektet på riksvegnettet. Staten prioriterer på stamvegane, medan det er fylkestinga som prioriterer dei statlege midlane til riksvegane.

Sogn og Fjordane får ikkje tildelt meir midlar ved å prioritere spesielle prosjekt framfor andre. Riksvegnettet er såleis ein lite tenleg arena for ein statsråd som skulle ønskja å reisa bauta i form av eit konkret vegprosjekt, slik Aftenposten muligens meiner har vore vanleg politisk skikk.

Det hjelper heller ikkje resonnementet at eg i førre periode tilfeldigvis var fylkestingsmedlem og at Sp var del av det breie fleirtalet (Frp/Ap/H/SV/Sp) som prioriterte brua. Prosjektet er vedteke oppstarta i 2009, og fylkestinget har fullt mynde over vidareføringa av det i neste NTP i 2008, utan deltaking frå underskrivne.