Historisk arkiv

Høghastige konklusjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete i Dagsavisen 9. november 2007 om høgfartsbanar.

Høghastige konklusjonar

Innlegg i Dagsavisen 9. november 2007

Onsdag denne veka fekk eg fleire spørsmål i spontanspørjetimen i Stortinget om utgreiinga av høgfartsbanar i Noreg. Dagsavisen var tilstades og trakk sine eigne konklusjonar frå svara eg gav i stortingssalen. I artikkelen med tittelen «Stikker kjepper i hjulene for lyntog» referer avisa at eg ikkje trur det vil bli høgfartsbanar i mi levetid. Redaksjonen slår vidare fast at eg med dette utspelet plasserar meg milevis unna regjeringspartnar SV.

Dette er oppspinn og forfeila konklusjonar. Først og fremst fordi eg aldri har brukt omgrepet «mi levetid». Eg sa at eg «sannsynlegvis ikkje sit i (samferdsleminister)stolen når det eventuelt vert ei satsing på høgfartsbane». Ikkje fordi eg ikkje vil vere minister i mange år, men fordi store infrastrukturprosjekt krev si tid med planlegging.

Høgfartsbanar inneber eit gedigent prosjekt som vil få store konsekvensar. Det vil bli kostbart og det vil mellom anna føre med seg store inngrep i naturen. Difor må vi sjølvsagt utgreie saka skikkeleg og syte for eit godt grunnlag for avgjerda før vi går i gang med å bruke 200-300 milliardar kroner av fellesskapet sine midlar.

Kunnskap, fakta og konsekvensutgreiingar er første steg på vegen, om ein vil ha høgfartsbanar. Laus synsing om kva ein ønskjer seg i framtida fører oss ikkje framover. Utgreiinga som det tyske konsulentfirmaet og Jernbaneverket la fram for meg på ein pressekonferanse i førre veke, tok oss eit viktig steg vidare. Det er både SV og SP heilt einige om.

Eg skal ikkje stikke kjeppar i hjula for nokon, men det er mi plikt som ansvarleg fagstatsråd å syte for at eit så stort prosjekt vert grundig vurdert, og det reknar eg med at også Dagsavisen skjøner at saka er tent med.