Historisk arkiv

Innlegg ved Næringskonferansen 2007, Mongstad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete sitt innlegg under Næringskonferansen på Mongstad, 4. september 2007.

Korleis snarleg få gode kommunikasjonar på Vestlandet


Takk for invitasjonen til denne konferansen. Gode kommunikasjonar er viktige for næringsliv og trivsel i alle landsdelar. I dag ser vi særleg  på tilhøva for næringslivet på Vestlandet.

Det å byggje ut gode kommunikasjonar er eit langsiktig arbeid, kanskje ikkje noko ein gjer ”snarleg”. Det som er viktig her er å satse tungt, og å prioritere klokt, slik at ein får ei god rekkjefølgje av tiltaka.

Eg skal først ta for meg hovudliner i transportpolitikken som denne regjeringa fører. Sidan dette er ein næringskonferanse, blir hovudvekta lagt på næringslivstransportar. Dernest ser eg på viktige utfordringar for næringslivet på Vestlandet. På denne bakgrunnen skal eg omtale konkrete tiltak innan vår politikk på området.

Transportpolitisk bakgrunn
Samferdsel er ein viktig føresetnad for busetting, næringsutvikling og ressursutnytting. Regjeringa ser det difor som ei hovudutfordring å utvikle eit effektivt transportsystem der personar og gods kjem raskt og trygt fram, der det òg skal takast omsyn til miljø og trafikktryggleik.

Transportpolitikken har mykje å seie for lønsemda i næringslivet, både for å kunne tilby varer og tenester og for å sikre tilgang til godt kvalifisert arbeidskraft frå ein større region. Den er og eit verkemiddel for å skape vekstkraftige regionar.

Norsk næringsliv har store utfordringar med lange transportavstandar til marknadene. Transportkostnadene er høge samanlikna med mange andre land, særleg for næringslivet i distrikta. I arbeidet med å betre transportsystemet har vi ei arbeidsdeling mellom næringsliv og styresmakter:

• Den einskilde bedrifta må sjølv finne dei beste opplegga for å løyse sine transportbehov. Gjennom næringsorganisasjonar kan dette utformast nærmare som ønskje og krav til transportsystemet.
• Styresmaktene har som si oppgåve å utvikle transportsystemet slik at ein legg best mogeleg til rette for effektive og rimelege transportar.

I dette arbeidet er vi avhengige av kjennskap til transportbehova i næringslivet, og difor er det viktig med kontakt mellom styresmakter og privat sektor for å få slik kjennskap. Lat meg i denne samanhengen peike på at Samferdselsdepartementet som del av forarbeidet til neste Nasjonal transportplan (NTP) gjennomfører regionvise dialogmøte med næringslivet. Møte med region Vest vart halde den 27. april i vår. Vi får på denne måten fram mange svært nyttige innspel.

Her kan det og vere på sin plass å seie nokre ord om formålet med NTP: Dei årlege budsjetta står sentralt i vår utforming av transportpolitikken. Men vi treng og eit mer langsiktig perspektiv når politikken skal utformast. Difor har vi funne det nyttig med langtidsplanar. Ein samla plan for heile transportsektoren gir oss eit godt grunnlag for den politiske drøftinga av transportpolitikken. Langtidsplanen er òg eit viktig verktøy for styringa dersom vi i framtida får vesentlege endringar i samfunnsøkonomi og andre føresetnader.

Vi er no i godt gjenge med arbeidet med NTP for perioden 2010-2019. Eg kan ikkje i dag seie noko korkje om økonomiske rammer eller andre standpunkt, men kan love at transportsektoren framleis er høgt prioritert av denne regjeringa.

Vår ambisiøse transportpolitikk har alt gitt seg utslag i auka investeringar i infrastruktur. For første gong er vi no oppe på nivået for inneverande NTP-ramme. Statsbudsjettet for 2007 var eit viktig løft i så måte. Eg kan ikkje enno fortelje noko om budsjettet for 2008, men vi tek sikte på å følgje opp den gode trenden.

Viktige utfordringar for næringslivstransportar på Vestlandet
Vestlandet representerer mangfaldet i transportutfordringane. Desse kan kort formulerast slik:

• Lange transportavstandar
• Spreidd busetnad og dermed låg trafikkmengde for delar av transportnettet
• Samansett og til dels eksportretta næringsliv med ulike behov når det gjeld transportkvalitet både for veg-, sjø, fly- og banetransport
• Storbyproblematikk: Avvikling av arbeidsreiser fører til press på transportsystemet, samtidig som byane ofte er knutepunkt for godstransporten
• På grunn av topografi og avstandar er det kostnadskrevjande å forbetre infrastrukturen for transport

Det er òg eit problem at vi har retningsubalanse i transportstraumane, noko som gir dårleg utnytting av materiellet, og dermed høgare transportprisar enn det vi ville hatt med god kapasitetsutnytting. Import kjem i stor grad inn over Oslo og Gøteborg. Dette gjeld gjerne konsumvarer som skal distribuerast derfrå utover landet, og som difor går vestover med tog eller lastebil. På den andre sida går mykje eksport frå Vestlandet til kontinentet med skip. Dette har å gjere med strukturelle forhold i næringslivet, og med kva som er rasjonelle opplegg for transport og distribusjon innan ulike bransjar.

Vegtransporten er svært viktig for Vestlandet, men regionen har og relativt mykje innanlands sjøtransport. Godstransport med jernbane har vakse sterkt dei siste åra. Flytransport har mykje å seie for næringslivet i regionen fordi det ofte er lange avstandar til marknadene for produkta.

Effektiv og god marknadskommunikasjon er ein naudsynt del av det å lykkast på eksportmarknaden. Difor er òg breibandspolitikken eit viktig verkemiddel.

Det er kostnadskrevjande å møte desse utfordringane som følgjer av målet om å redusere transportkostnadane til næringslivet. Ambisjonsnivå og prioriteringa av prosjekt må avvegast mot kva ein oppnår med innsatsen. Prioriteringane må òg sjåast i forhold til nasjonale mål for konkurranseevne og bustadmønster. Det er naudsynt å sjå alle delar av samferdselspolitikken i samanheng. Tilrettelegging for fysisk transport og breibandspolitikken er difor delar av eit viktig samspel.

Vår politikk  -  konkrete svar
Eg vil no gå nærmare inn på kva vi gjer innanfor kvar delsektor.

Veg
Sjølv om mykje står att, er vi komne eit godt stykke på veg når det gjeld samband mellom indre fjordstrøk og hovudstadsområdet. Dei aller mest presserande oppgåvene no framover er å få betre vegnett innan Vestlandet. Her er kyststamvegen, E 39 Kristiansand – Trondheim,  serleg viktig.

Denne er ein stamveg av nasjonal nytte, som vi òg må sjå i samanheng med hamner for transport av eksportvarer. Kyststamvegen er viktig for næringsliv og sysselsetting, som bindeledd mellom regionar og landsdelar, og for transportar innan regionen. Vegen er viktig for mange kommunar og lokalsamfunn.

Utfordringane er mange og ulike. Kyststamvegen går igjennom storbyområde på Nord-Jæren og Bergen, og gjennom lågt trafikkerte område. Ein del strekningar har svært lite tilfredsstillende standard, kurvatur, breidd, bereevne, og manglande vedlikehald. Dette gjeld til dømes strekningar nord for Sognefjorden. Særleg godstransport har difor store framkomstproblem. Avvegingane mellom høgtrafikkerte og lågtrafikkerte delar av vegnettet stiller oss overfor dilemma i prioriteringane. Sjølv om trafikkmengda er låg, kan det likevel vere ønskjeleg å betre dei smalaste strekningane med dårleg standard først fordi det sikrar næringslivet ein gjennomgåande standard. Her ligg det store investeringsbehov.

Det er vidare behov for å styrkje det sekundære riksvegnettet og fylkesvegane for å utløyse større vediskaping. Sett frå næringslivet si side er det gjennomgåande standard uavhengig av klassifisering av vegnettet som har noko å seie. Det er difor avgjerande at samarbeidet fungerer godt på tvers av forvaltningsnivåa. NTP-prosessen er viktig her. Styrking av økonomien for kommunar og fylkeskommunar, ved at vi har auka løyvingane til kommunesektoren, kan gi betre standard på dei delane av vegnettet som ikkje er statlege. 

Andre (øvrige) riksvegar og fylkesvegar er svært viktige for mange næringar. Dette gjeld mellom anna fiskeri- og havbruksnæringa og delar av industrien på Vestlandet. Gode tilkomstvegar til stamnettet er naudsynt for å få ei rask og effektiv avvikling av transportane. Regjeringa legg difor stor vekt på å prioritere andre riksvegar. Regjeringa satsar og sterkt på rassikring. Dette vil gi betre framkomst og gjere det enklare å planleggje transportane til næringslivet.

Regjeringa si satsing i statsbudsjettet inneber eit stort løft for å møte desse utfordringane. Som sagt kan eg ikkje enno opplyse noko om statsbudsjettet for 2008. Eg vil peike på ein del viktige postar i 2007-budsjettet der vi prioriterte mellom anna følgjande på veg:

Stamvegnettet

• E39 ”Kyststamvegen” – der det er prioriterte prosjekt i alle vestlandsfylka.
• Borlaug – Voldum i Lærdal, som del av E16 Sandvika i Bærum – Bergen 
• På E134 Drammen – Haugesund: Haukelitunnelane, Rullestadjuvet, Skåredalskrysset i Haugesund
• E136 Dombås – Ålesund

Riksvegnettet elles 

• Rassikring, mellom anna Stedjeberget og Fatlaberget på Rv 55, Gotteberg – Kapellneset nord for Måløy, langs Kjøsnesfjorden og Fresvika – Jordalsgrend.
• Nord-Jærenpakka, Fastlandssambandet til Finnøy (Finnfast), Jøsendal – Voss, Hafskorberget, Austervollbrua, Eikesundsambandet, Atlanterhavstunnelen, Imarsundprosjektet
• Lokale tilskot til arbeidet med prosjektering og igangsetting av arbeid med tilkomstvegane for Hardangerbrua

Jernbane
Auka kapasitet på jernbanenettet vil leggje til rette for meir godstransport med jernbane. Godstransporten på jernbane mellom Oslo og  Bergen har auka med meir enn 20 prosent dei siste åra. Manglande kapasitet er i ferd med å hemme vidare vekst, og det er viktig å gjere noko med dette. Som kjent er det og eit politisk mål å få meir transport frå veg til bane. Regjeringa har i sitt budsjettopplegg prioritert å starte opp utbygginga av dobbeltsporet mellom Bergen og Fløen stasjon, med ei løyving på 20 millionar kroner i 2007. Utbygginga vil få bort ein flaskehals for transport av gods. Investering i ny godsterminal på Alnabru i Oslo vil òg gi auka effektivitet og kapasitet til stor nytte for næringslivet på Vestlandet.

Bygginga av ny godsterminal for bil og jernbane på Ganddal i Rogaland får makismal framdrift med vårt budsjett. Når denne terminalen står ferdig, vil det være mogeleg å sende eit godstog tur/retur frå Stavanger til Oslo i løpet av eit døgn. Effektiviteten aukar vesentleg og kostnadene for næringslivet vil gå ned.

CargoNet har utvikla eit tilbod for containertransport på jernbane og transportvolumet er aukande. Containertog baserte på samlastkonseptet er i sterk vekst, men er heilt avhengig av gode togløysingar som inneber at kapasiteten i infrastrukturen må aukast meir, mellom anna ved å byggje fleire kryssingsspor. Vegtransporten vil i alle høve vere viktig fordi det trengst transport på veg oftast i begge endar av transportkjeda. Samlastnæringa har ein sentral plass og har medverka til meir effektive transportar til lågare kostnad både på veg og bane.

Elles er vi som kjent i ferd med utgreiingar om bygging av høgfarstsbaner i Sør-Noreg. Dette vil gjelde mest persontransport, og er kome fram i debatten om korleis vi av omsyn til miljø og klimagassutslepp kan redusere flytransporten, og veksten i personbilbruk over lange avstandar. Etter at utgeiingane frå ei tysk konsulentgruppe blir lagd fram i haust, vil det bli gjennomført ei brei høyring.  Regjeringa legg fram sitt syn i stortingsmeldinga om NTP 2010-2019 i desember 2008. Vi er opptekne av å få avklart spørsmålet på ein god måte, og eg vil ikkje no uttale meg meir om dette.

Luftfart
Ein effektiv og føreseieleg flytransport er avgjerande for at bedriftene skal klare seg i den internasjonale konkurransen. Endring i arbeidsmarknaden og næringssamansetting fører til ein auke i yrke som gjer at fleire reiser med fly i jobb. Informasjonsyrke med krav om høgt kvalifisert arbeidskraft aukar mest, medan rutineprega yrke i stor grad blir automatiserte og redusert i omfang.

Regjeringa vil framleis prioritere det regionale flyplassnettet og løyvingar til kjøp av flyrutetenester, slik at det kan oppretthaldast eit tilstrekkeleg rutetilbod som er så viktig for Vestlandet.
Finansieringssystemet for lufthamnene er basert på sjølvfinansiering og kryssubsidiering. Det inneber at lufthamnene for Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim finansierer nettet elles.

Vi venter sterk vekst i flytrafikken. Høgare standard for andre transportmiddel kan vere med på å dempe denne veksten noko, særleg på kortare avstandar. Flytransport er viktig for ei turistnæring i sterk vekst. Låge flyprisar har gjort det enklare å skape arbeidsplassar i denne næringa. Oppleving av natur, landskap, ro og stille vil vere  konkurransefortrinn i høve til andre land. For mange turistar er også byar ein viktig del av eit besøk i Noreg.
Det trengst oppgradering i store delar av nettet, både for å ta unna trafikkveksten og for å møte auka krav til tryggleik. Vi kan redusere reisetida og betre samspelet med dei andre transportformene ved å betre tilbodet for transport til og frå flyplassane.

Sjøfart
Med den geografiske plasseringa av Vestlandet er godstransport til sjøs viktig i denne landsdelen. Transporten står i ein særstilling ved at den har små krav til infrastrukturtiltak. Hamnepolitikken er eit viktig element for å styrke godstransporten på sjø. Dette gjeld hamnemønster, og samanknytinga mellom hamner og landtransport. Risavika og Bergen peikar seg ut som naturlege knutepunkt.

Som kjent er det Fiskeri- og kystdepartementet som forvaltar staten sin politikk på dette området. Vi har eit nært samarbeid med Fiskeridepartementet for å sikre at vi får eit transportsystem der alle transportformer inkludert sjøtransporten fungerer godt saman. Elles er tiltak i skipsleiene Samferdselsdepartementets ansvar, og løyvingar til slike tiltak blir prioriterte saman med andre løyvingar i NTP.

Storbyområde
Dei største byane, på Vestlandet gjeld dette Stavanger og Bergen, står overfor store utfordringar knytt til trafikkavvikling og miljø. I stor grad gjeld dette persontransport, både ved vegløysingar, dobbelspor på jernbanen eller bybane. Men det er og svært viktig for næringslivet at vi har vel fungerande bysamfunn. Smidig samarbeid mellom ulike forvaltningsnivå er sentralt her. I denne samanhengen legg eg stor vekt på tiltak som byforsøk, belønningsordning og oppfølging av lokale areal- og transportplanar.

Eit godt transportsystem er som eg har peika på avgjerande for busetnad og utvikling av næringslivet. Det er difor viktig både at vi satsar store ressursar på denne sektoren, og at ressursane blir disponerte på best mogeleg måte. Her ligg store utfordringar for Regjeringa.

Eg ser fram til ein god dialog vidare, m.a. med næringslivet og lokale styresmakter, i utforminga av politikken.

Eg vil ønskje lykke til med denne konferansen og håpar at den kan vere eit forum for kunnskaps- og erfaringsutveksling, som kan medverke til gode løysingar.

Takk for meg!