Historisk arkiv

Jakta på samarbeidet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Trygg Trafikks inspirasjonsseminar, 18. april 2007

Innlegg ved statssekretær Steinulf Tungesvik, Trygg Trafikks inspirasjonsseminar, Folketeaterbygninga, Oslo, 18. april 2007.

Statssekretær Steinulf Tungesvik
Trygg Trafikks inspirasjonsseminar,
Folketeaterbygninga, Oslo, 18. april 2007

Godtfolk og gode trafikktryggleiksvener!

Fyrst vil eg få takke for innbydinga til Trygg Trafikk sitt inspirasjonsseminar om jakta på samarbeidet. Eg reknar med at  - sidan seminaret vart opna allereie i går ettermiddag - så har mange i løpet av kvelden vorte godt kjende, og ein del var det vel frå før.

Vi treng gode nettverk og samarbeid innan det nasjonale arbeidet med trafikktryggleik. Og vi treng inspirasjon. Sist, men ikkje minst, vi treng å bli endå betre.

Seminaret kjem på eit godt tidspunkt. Det er mykje som skjer innan dette viktige arbeidet.

  • Mellom anna er forslaget frå transportetatane til Nasjonal Transportplan 2010 – 2019 snart ferdig. NTP er den sentrale politiske reiskapen i norsk transportpolitikk, og vil prega arbeidet fram til Stortinget handsamar planen våren 2009.
  • Vi ser og at mykje spanande skjer i samarbeidet mellom justis- og samferdslestyresmaktene, mellom anna om ATK og politiet si verksemd. Resultata frå dette arbeidet herifrå må setjast inn i ein heilskapeleg samanheng.
  • Det er òg ei god tid for ein ny giv i samarbeidet mellom organisasjonane som er opptekne av trafikktryggleik.

Betre trafikktryggleik handlar om å bruke gode og effektive tiltak som vert sette inn i ei fungerande organisatorisk ramme. Tiltaka må òg gjennomførast innanfor ein strategi som peiker mot eit mål og følgjer ein visjon. I departementet er vi opptekne av korleis trafikktryggleiksituasjonen bør bli framover – t.d. i eit 2020-perspektiv, og kva vi må gjere i dag for å få til framtidige forbetringar. Vi veit at det tek tid å innføre mange nye tiltak. Både fordi det kostar pengar og fordi det kan vere vanskeleg å få ei ”offentleg forståing og aksept” for at meir drastiske tiltak er naudsynte.

Det handlar òg om i større grad å leggje til rette for at trafikantane kan velje ei riktig – og meir trygg – framferd i trafikken. Som eit eksempel kan eg her nemne at departementet no har sett trafikkopplæring (og tilhøyrande informasjon) inn i eit livslaupsperspektiv. Det inneber at ein fokuserer på særlege risikofaktorar og kva som må gjerast til kvar tid i livslaupet, mellom anna i grunnskulen og i vidaregåande skule, med eit særleg fokus på dei mest ulukkesutsette aldersgruppene. 

Departementet er oppteke av at alle gode krefter trekkjer i same lei. Det er mange offentlege og private aktørar som arbeider med trafikktryggleik, i tillegg har vi alle trafikantane som har sine og ulike behov, og som vil ha eit ord ”med i laget”.  Dette skaper mange utfordringar. Lat oss inspirere kvarandre til gode løysingar!

Ulukkesutviklinga

Trafikkulukker er eit stort og alvorleg samfunnsproblem. Ulukkene rammar uventa, hard og vilkårleg, og trafikkulukkene er diverre altfor mange.

Den førebelse statistikken hittil i år (t.o.m. mars) viser at 43 personar har mista livet og 1 668 har vorte skadd i trafikken. Tilsvarande tal for dei tre fyrste månadene i fjor var 45 omkomne og 1 463 skadde. Totalt døydde 243 menneske i fjor som følgje av trafikkulukker.

Desse dystre tala er ei grunnleggjande årsak til Regjeringa sitt arbeid for å betre trafikktryggleiken. Regjeringa legg 0-visjonen til grunn som fundament for arbeidet med trafikktryggleik i departement, vegstyresmakter, politi, kommunar og fylkeskommunar, organisasjonar og for den einskilde trafikanten si åtferd. All transportverksemd er forbunde med risiko for ulukker, og 0-visjonen tek utgangspunkt i at det er dei alvorlegaste ulukkene som må førebyggjast.

0-visjonen

Kva er så dei alvorlegaste ulukkene? Reduksjon i talet på møteulukker, utforkøyringsulukker og ulukker med mjuke trafikantar står sentralt i prioriteringane i arbeidet med trafikktryggleik. Færre ulukker kan berre koma som resultat av ein kombinasjon av fleire tiltak; alt frå tiltak på vegnettet til tiltak retta mot trafikant- og køyretøy.

Vi er opptekne av å prioritere ytterlegare tiltak mot møteulukkene, som har hatt ein svært stor relativ auke når det gjeld dødsulukker. Statens vegvesen går no gjennom ulike måtar å byggja meir vegbaneskilje på utover den kjende med betongblokker som krev mykje plass i breidda, og som gjer at det samstundes krevst stor breiddeutviding av vegen. Det er mange alternativ:

  • Midtfelt
  • Fleksible midtskille som kan kryssast
  • Smalare midtskille

Ei systematisk og heilskapleg satsing gjennom mange år har over tid resultert i færre ”trafikkdrap” pr år. Det er ingen tvil om at vi har kome langt i å auke trafikktryggleiken samanlikna med mange andre land, men forbetringspotensialet er framleis stort. Kvar trafikkulukke er ei for mykje. Eg trur at ved å halde eit framleis sterkt og vedvarande fokus på trafikktryggleiken i alt veg- og trafikkrelatert arbeid, vil vi få reduserte tal på drepne og livsvarig skadde i vegtrafikken i åra som kjem.

I statsbudsjettet for 2007 er det avsett om lag 6,8 milliardar kroner til trafikktilsyn, drift og vedlikehald, ein auke på 11,2 prosent frå saldert budsjett 2006. Dette er me stolte av. Ein vesentleg del av auken går til å styrkje vegvedlikehaldet. Etter ei årrekkje med stadig svekka dekkestandard, vil 2007-budsjettet snu den negative utviklinga. Det er på tide! Betre vegvedlikehald og dermed vegstandard er viktig for trafikktryggleiken, både ulukkesførebyggjande og ikkje minst i ein krisesituasjon.

Regjeringa har løyvt om lag 1,2 milliardar kroner til trafikktilsyn i 2007. Formålet med denne løyvinga er å styrkje innsatsen til trafikktryggleik innanfor trafikant- og køyretyområda. Dette inneber mellom anna auka kontrollaktivitet og ulike former for informasjons- og kampanjeverksemd.

Det er avsett om lag 800 millionar kroner til særskilde tiltak for trafikktryggleik og for mjuke trafikantar i 2007. Desse midlane skal mellom anna nyttast til gjennomføring av strakstiltak på grunnlag av ”trafikktryggleiksinspeksjonar” langs vegane. I tillegg blir skulevegar og andre strekningar der det ferdast mange born prioriterte. Eg nemner at Sp frå sitt samferdslepolitiske utval no har sett som mål at det rundt alle skular skal vera gang- og sykkelvegar. Vi trur dette er rett fokus.

Sykkeltrasear skal verte inspiserte og eventuelt forbetra dersom det er behov for det. Det er òg viktig med riktig informasjon som kan føre til eit betre samspel mellom bilistar og syklistar.

Samferdselsdepartementet si overordna oppgåve er å sikre og betre trafikktryggleiken i alle transportsektorane. For å få eit best mogeleg resultat er vi som tidlegare nemnd, avhengige av at alle gode krefter dreg i same retning, og ikkje minst medverkar til at alle som ferdast i vegtrafikken vert endå meir medvitne når det gjeld si eiga framferd. Dei friviljuge organisasjonane spelar her ei viktig rolle, ikkje minst Trygg Trafikk.

Trygg Trafikk si rolle

Trygg Trafikk har ei sentral rolle i arbeidet med trafikktryggleik. Trygg Trafikk er koordinator for det frivillige arbeidet og bindeledd mellom organisasjonane og styresmaktene. Formålet med arbeidet i Trygg Trafikk er å oppnå best mogeleg trafikktryggleik for alle trafikantgrupper, men med særleg fokus på born og unge. Organisasjonen har òg eit særleg ansvar for at trafikkopplæring og informasjon om trafikktryggleik blir gjennomført som eit ledd i ein samordna innsats mot trafikkulukker.

Born og unge

Born og unge som trafikantgruppe er ei svært utsett gruppe. Dette skuldast sjølvsagt mangel på erfaring, men òg mangel på kunnskap og forståing av risiko som igjen kan gi utslag i uønskt åtferd. Vi veit at mykje av grunnlaget for medvit og varige haldningar blir lagt i barneåra. Men gode haldningar må haldast vedlike og forbetrast over tid.

Det er derfor med glede eg ser at dei nye læreplanane som blei introduserte hausten 2006, inneheld spesifikke kompetansemål i trafikk og trafikktryggleik på barne- og ungdomstrinnet. Eg har merka meg at Trygg Trafikk her spelar ei nøkkelrolle ved blant anna utarbeiding av undervisnings- og rettleiingsmateriell.  Dette skal sikre betre kontinuitet og utvikling.

For å vere litt personleg: Det har vore ei glede for meg å sjå kor mykje trafikkforståing vår Sjur (6) allereie har fått inn i første skuleåret på Ruseløkka skule i Oslo.

Det gjer at han allereie er klar for sin første skikkelege sykkel – og eg har merka at det må vera den største dagen til då i ein ung guts liv! Det skal skje på fredag, og det har ikkje vore snakka om anna i det siste!

Blant unge er aldersgruppa 15 - 24 år sterkt overrepresentert blant dei drepne og hardt skadde i trafikken. Kvart år blir om lag 195 ungdomar i denne aldersgruppa drepne eller hardt skadde. Det er eit mål i ”Nasjonal handlingsplan for trafikktryggleik på veg 2006-2009” å redusere dette talet med 25 prosent innan 2010 og halvere talet innan 2016. Her ligg store utfordringar og det må, frå alle aktørane i handlingsplanen si side, jobbast målretta mot denne gruppa.

Trygg Trafikk gjer her ein omfattande innsats. Gjennom kampanjar, opplæring og haldningsskapande tiltak retta både mot barn og ungdom, og mot foreldra deira, lærarar og barnehagepersonell, gjer Trygg Trafikk informasjon og materiell lett tilgjengeleg og fleksibelt i bruk. Samferdselsdepartementet meiner at kunnskap og informasjon er naudsynt for at trafikantane skal kunne gjere medvitne val i trafikken. Eg oppmodar difor Trygg Trafikk å bevare og styrkje det gode arbeidet organisasjonen gjer på opplæringssida, det vil seie særleg den aktiviteten som er retta mot barnehagane og skuleverket.

Informasjon

For å ferdast i trafikken på ein trygg måte må trafikantane ha tilgang til oppdatert informasjon om eit vegsystem som stadig er i endring, både med omsyn til fysisk utforming og regelverk. Haldningar blir skapte gjennom læring og erfaring over tid. Formidling av informasjon, anten dette blir gjord gjennom kampanjar eller meir generell informasjon, er ein viktig del av trafikktryggleiksarbeidet. Trygg Trafikk har ei viktig rolle når det gjeld informasjon som skal minne trafikantane om dei reglar som gjeld i vegtrafikken, til dømes om sikring av born i bil.

Vi ønskjer at Trygg Trafikk held fram med å konsentrere seg om dette viktige området og at organisasjonen og ser på mogligheita til å utvikle seg til å verte eit ”kompetansesenter” - for alle trafikantar, og som har eit særleg fokus på barn og unge.

Koordinator og bindeledd

Trygg Trafikk har ei viktig rolle når det gjeld å gjere den nasjonale handlingsplanen for trafikktryggleik kjend og godt forankra blant dei frivillige organisasjonane som arbeider med trafikktryggleik.

Overfor styresmaktene er Trygg Trafikk ein frittståande samarbeidspartnar og eit fagleg rådgivingsorgan. Organisasjonen er òg ei ”vaktbikkje”, gjerne samen med andre organisasjonar òg næringsliv. Det finst mange interesse- og bransjeorganisasjonar som er engasjert i ulike saker, og dei fungerer som viktige premissgivarar i transportpolitikken, der trafikktryggleik ofte er direkte eller indirekte involvert. Eg trur at det ligg ein stor vinst i å få desse organisasjonane sterkare inn i arbeidet med trafikktryggleik.

Eitt av hovudgrepa framover vil vere å samordne innsatsen til dei sentrale aktørane betre, i tillegg til at andre aktørar og interessentar kjem sterkare med i prosessane. Det er viktig at alle aktørane utviklar sin eigen styrke vidare, samstundes som ein samarbeider på dei områda der det gir best effekt. Vi trur dette vil gi ein slagkraftig innsats som dekkjer alle arbeidsområda. Eg vil leggje til at dei sentrale styresmaktene treng motpartar i arbeidet med trafikktryggleik som kan vere med på å skape opinion for og å drive fram viktige saker. Sakleg offentleg debatt og dialog med konstruktiv kritikk og ein god peikepinn om korleis vegen – bokstavleg tala – bør vere vidare, trur eg vil vere god inspirasjon for å komme vidare. Jo fleir som står saman, jo sterkare står saka.

Eg vil òg påpeike at handlingsplanen legg opp til at frivillige organisasjonar deltek aktivt i trafikktryggleiksarbeidet. Det er registrert eit stort engasjement i ei rekkje organisasjonar og moglegheita for frivillig arbeidsinnsats og bidrag er stort. Med relativt små beløp vil det såleis kunne oppnåast ein monaleg innsats.

Eg vil difor nemne at det i Stortinget i haust vart teke til orde for spørsmålet om ei meir generell og einsarta tilskotsordning for lokale trafikktryggingstiltak. Ei slik ordning vil t.d. kunne gjere det enklare å utnytte lokalt initiativ og engasjement i arbeidet for å auke trafikktryggleiken. Eg kan opplyse at vi er i gang med å vurdere ei slik ordning.

Eg trur og at det er viktig korleis vi organiserer trafikktryggleiksarbeidet. Det er potensiale for å betre samhandlinga mellom alle involverte aktørar og inkluderer nasjonale og regionale styresmakter, frivillige organisasjonar, ulike interesseorganisasjonar og bedrifter, og i forhold til privatpersonar/trafikantane. Vegtrafikken er eit integrert system som krev samhandling etter klåre reglar og kor kvar enkelt trafikant kan bidra til å auke tryggleiken.  

”Delt ansvar” (mellom styresmaktene, andre aktørar og den einskilde trafikant) er ein fundamental del av nullvisjonen. Ein ambisiøs politikk som strekkjer seg etter nullvisjonen, krev ein systematisk og kraftfull innsats frå alle involverte aktørar.

Denne konferansen kan vere starten på ein prosess for å handsame og koordinere trafikktryggleik på ein betre måte. Eg vil difor utfordre Trygg Trafikk og alle involverte aktørar som har trafikktryggleik på saklista, i ein diskusjon der 0-visjonen ligg i botn å stille spørsmåla – ”Kva kan vi bidra med?” og ”Kven bør vi arbeida saman med?”. Særleg på det sist nemnde området er eg glad for å konstatera at Trygg Trafikk ønskjer å ta nye og lange steg for å få til arbeid i lag med mange andre.

Gjennom regjeringa si satsing i statsbudsjettet har departementet og Statens vegvesen no sett større ressursar inn i arbeidet på sektoren, og vi vil framover ta i bruk alle verkemiddel som følgjer av 0-visjonen. Men vi ynskjer innspel og korreksjonar, og å dele ”inspirasjonen” med alle dykk. Vi må heile tida bli betre!  

Takk for meg - og lukke til med seminaret!