Historisk arkiv

KrFs ord og handling på Moss lufthamn Rygge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg av statssekretær Steinulf Tungesvik

Innlegg av statssekretær Steinulf Tungesvik i Moss Avis, 16. juli 2007

Innlegg i Moss Avis, 16. juli 2007 

Dei siste vekene har det vore stor merksemd om den nye flyplassen som skal opnast på Rygge i haust og kravet om såkalla universell utforming. KrF gav konsesjonen saman med H og V i 2004, og avgjorde då at slikt krav ikkje skulle stillast.

Line Henriette Hjemdal Holten er ein av fire stortingsrepresentantar frå Kristeleg Folkeparti som ber Samferdselsdepartementet syte for at Rygge flyplass blir bygd i samsvar med prinsippet om universell utforming, i tråd med ei ny lov som det er lagt opp til at kjem i 2009. Det vil f. eks seie at det skal vere mogleg for funksjonshemma å kunne ta seg heilt inn i flya på eiga hand, utan hjelp frå andre.

Det er Forsvaret som har konsesjon til å drive sivil flyplass på Rygge, som opphavleg er ei militær lufthamn. Forsvaret fekk konsesjon til dette frå Samferdselsdepartementet 19. november 2004. I 2004 sat KrF, H og V i regjering. Dersom KrF hadde vist like stort engasjement for denne saka i praksis som partiet no gjer med ord, burde dei sytt for å ta kravet med i konsesjonen då den vart gitt. Det gjorde dei ikkje, og Samferdselsdepartementet har derfor i dag ingen heimel til å påleggje utbyggaren på Rygge eit krav om universell utforming. At utbyggjaren har planlagt og bygd lufthamn ut frå konsesjonen dei har fått, kan ikkje vere overraskande for nokon.

Vi får sannsynlegvis i løpet av 2009 ei ny lov om antidiskriminering i Noreg. I samband med førebuingane til denne lova har Samferdselsdepartementet lagt til grunn at alle nye innkjøp innan transportsektoren skal følgje prinsippet om universell utforming. Det gjer at vi  står overfor eit omfattande arbeid for å gjere offentleg transport i alle transportgreinene tilgjengeleg for alle i åra framover. Men når det gjeld Rygge flyplass har vi altså ikkje slike moglegheiter no.

Auka tilgjenge og universell utforming i transportsektoren er viktige mål for regjeringa. Vi står overfor store utfordringar på dette området, og vi vil rette blikket framover mot dei utfordringane som kan løysast og ikkje krangle om saker som for lengst er avgjorde – av andre enn sitjande regjering. Eg er glad for det gode samarbeidet vi har med brukarorganisasjonane for funksjonshemma i dette arbeidet.