Historisk arkiv

Nationens tunnelsyn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Innlegg av statssekretær Steinulf Tungesvik (Sp), Samferdsledepartementet. Inntatt i Nationen 16. april 2007

I leiaren 13. april gjorde Nationen seg skuld i fordreiing av fakta for å skapa ein ekstra frisk kommentar til den alvorlege situasjonen med mangelfullt sikra tunnelar på eit anlegg utført på 90-talet på E18 i Vestfold. Leiaren kopla friskt desse feila frå 10 år tilbake til samferdsleministerens påståtte kamp for ei bru utan trafikk, og konkluderte med at gangsynet i departementet var erstatta med tunnelsyn.

Artig. Men det er simpel og ureieleg journalistikk. Etter raset i Hanekleivtunnelen 1. juledag i fjor har vårt fokus vore raskast mogleg utbetring og sikring, undersøking av alle landets tunnelar og etablering av nye og betre rutinar. Ekstern gransking tok til 5. januar og rapport vart levert 15. februar. Samferdsleministeren har tett følgt opp Statens vegvesens gjennomføring av oppryddingsarbeidet, som erkjenner feila og behovet for systemforbetringar.

Etter oppslag i Aftenposten fekk vi i mars ein runde om prosjektet Dalsfjordbrua i Sunnfjord, som Sogn og Fjordane fylkesting prioriterer ein stor del av fylkets vegmidlar til i åra framover. Det vart klårgjort at fylket og ikkje samferdsleministeren er vedtaksinstans. Det vart klårgjort at ikkje berre Sp, men alle parti i fylket støtta prosjektet, og at Frp ønskte å framskunda det aller mest. Det vart klårgjort at trafikken ikkje er 45, men 750 bilar i døgeret. Det vart klårgjort at kostnaden ikkje er 1 milliard, men 595 mill kr.

Alle desse fakta såg Nationen vekk frå og valde å reprodusera dei opphavlege uriktige påstandane. Eg synest det er trist og pinleg, men vonar episoden kan føra til auka medvit i Nationen om den - for det norske folk - viktige samferdslepolitikken.