Historisk arkiv

Nedlegging av grunnstein på Postens Austlandsterminal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved nedlegging av grunnstein på Postens Austlandsterminal på Robsrud.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Nedlegging av grunnstein på Postens Austlandsterminal
Robsrud, onsdag 31.10.07

Kjære alle saman!

Gratulerer med dagen! Det er ei stor glede for meg som samferdselsminister å vere her i dag for å legge ned grunnsteinen til Postens Austlandsterminal. Denne hendinga markerer den offisielle starten på at Posten no byggjer ein ny postterminal. Eg kjenner meg viss på at det blir ein terminal i verdsklasse, ein terminal som vil bli eit løft for postkvaliteten i heile landet.

Posten er særs viktig for landet vårt. Noreg er eit landstrakt land, og postgangen er med på å binde det saman. Den nye terminalen vil vise at postverksemd har blitt ein storindustri der produksjonen skjer ved hjelp av både naudsynte høgteknologiske maskiner, men også av og like naudsynt menneskeleg arbeidskraft. Målet er at når den nye terminalen er på plass, skal den føre til meir effektiv postgang. Leveringskvaliteten skal bli høgare i heile landet.

I dag viser nasjonale tal at over  88 prosent av posten no vert levert over natta. Målet bør vere at ein skal kome opp i 90 prosent. Dei nye regionale kvalitetstala viser at ikkje  alle delar av landet kjem med i denne framgangen. Eg reknar med at den nye terminalen vil bidra til at også dei områda får ei raskare levering av posten sin.

I vårt mobile samfunn sender vi stadig fleire pakkar, og eg er glad for målingane som viser at postomdelinga no fungerer godt i dei fleste delane av landet. Eg er svært nøgd med utviklinga og reknar med at Posten vil fortsette den gode trenden.
Eg er glad for at vi har sikra einerett for Posten Noreg i endå nokre år. Det gjev Posten ei spesiell utfordring i å balansere mellom det kommersielle og samfunnsansvaret.  Eit samfunnsansvar som skal bidra til å sikre at folk i Noreg får gode og rimelege posttenester der dei bur. Det er avgjerande for at vi framleis skal ha spreidd busetnad og eit aktivt næringsliv i heile landet.

Byggearbeidet her på Robsrud skal ta om lag tre år. Når Austlandsterminalen står ferdig i 2010, vil den sortere ca 3 millionar sendingar per dag. Det utgjer om lag halvparten av landets samla postmengde. Her har det vore ei rivande utvikling. Då den gamle terminalen på Brevsenteret i Oslo stod ferdig i 1975 var den totale postmengda på ein million. Det har med andre ord skjedd ei tredobling dei siste tretti åra. Slik vekst krev naturleg nok at ein er i stand til kontinuerleg å tilpasse seg og utvikle seg, og det gjer altså Posten ved å byggje denne storslagne terminalen.

I første omgang vert terminalen arbeidsplass for 1500 menneske. Dersom ein neste byggetrinn vert bygd ein pakketerminal, er det moglegheit for ytterlegare 1500 arbeidsplassar. Dette vonar eg vil gje positive ringverknader for heile regionen.

Posten har vurdert lokaliseringa her på Robsrud som den miljømessig beste løysinga. Vurderinga er gjort ut frå kriterium som omsynet til trafikkbelastning, direkte tilknyting til hovudvegnettet og ein stor marknad. Posten sørgjer også for ei utviding av vegnettet i området. Sjølv om ikkje alle var samde i lokaliseringa, reknar eg med at ein no saman bidreg til at dette blir ei god løysing.

Postens Austlandsterminal vil bli ein topp moderne, funksjonell og effektiv terminal som vil bli ein trygg og god arbeidsplass både for noverande og framtidige tilsette. Eg veit at det i planlegginga er lagt vekt på at terminalen skal vere miljøvennleg og at den skal gli fint inn i landskapet her på Robsrud, og eg gler meg stort til å sjå det ferdige resultatet!

Til slutt vil eg ynskje Posten, utbyggjarane og alle andre involverte lukke til med byggjearbeidet og dette store løftet for posten i Noreg!