Historisk arkiv

Opning - Opplysningen 1881, Otta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete opna 3. oktober 2007 det nye bygget til Opplysningen 1881 på Otta.

Kjære alle saman!

Gratulerer med dagen, og tusen takk for invitasjonen til å kome hit til Otta og opne den nye avdelinga dykkar. Det er veldig kjekt for meg å vere her i det nye og flotte bygget dykkar. Å flytte inn i romslege og spesialtilpassa lokale vil vonleg bli ein ekstra kveik i kvardagen for dykk.

På alle arbeidsplassar er omgjevnadane viktige for at me skal kunne få mest mogleg ut av arbeidsdagen vår. Nok albogerom, lys, lyd, luftkvalitet – alt dette kan høyrast trivielt ut, men er viktig for helse, for arbeidsmiljø og for trivsel. Desse omgjevnadane ser no ut til å vere svært så gode her hjå dykk, og det borgar godt for framtida!

Eg veit det har vore eit spennande år med planlegging av den store flyttinga. Alt gjekk etter planen, og så vidt eg skjønar var de ”oppe og gjekk att” allereie seks timar etter flytting, så no kan de endeleg puste ut og kome i gang med kvardagen att!

Arbeidsplassar i distrikta er noko av det eg personleg brenn aller mest for. For å oppretthalde busetnaden i distrikta, og for å halde fram med å bruke heile landet vårt, er det ingenting som er viktigare enn arbeidsplassar. Når Opplysningen 1881 på Otta no er den nest største arbeidsplassen i Gudbrandsdalen, betyr det at Opplysningen er ein enormt viktig arbeidsplass, ikkje berre for Otta, men for heile regionen. Særleg gledeleg er det at så mange kvinner er sysselsett her, heile 80 % av staben.

De som jobbar her på Opplysningen 1881 på Otta er eit godt døme på at det er råd å lukkast med store og lønsame arbeidsplassar ute i distrikta. Også resten av Opplysningen 1881 og nummeropplysningsbransjen generelt er flotte døme på velfungerande, moderne distriktsarbeidsplassar, som har blitt nye hjørnesteinsbedrifter i lokalsamfunna sine. Sjølv bur eg i Lærdal, der eg har sett på nært hald kor viktig det har vore for bygda å ha Opplysningen 1881 som sentral arbeidsplass.

Mykje har endra seg sidan ein for første gong starta opp med telefondrift i Noreg. Frå å vere noko eksklusivt for dei rike, har telefonen blitt allemannseige, ja dei fleste av oss har opptil fleire telefonar. Telefonen har òg gått frå å vere noko stasjonært til å vere noko me tek med oss overalt, og på grunn av telefonen har me blitt tilgjengelege døgeret rundt, noko eg personleg veit alt om!

Telefonen, saman med e-post og informasjonsutveksling over internett, bind landet vårt saman. Takka vere telefon og e-post kan folk sitje omtrent kvar som helst i landet og jobbe med  kva som helst. Kort sagt: no er det utenkjeleg å sjå for seg eit samfunn utan telefon. Folk er blitt heilt avhengige av telefonen for å få kvardagen til å henge i hop - noko de sikkert merkar kvar dag.  Nummeropplysning er ein viktig del av nettopp dette med å få kvardagen til å hente i hop, ofte i stressa situasjonar med lita tid 

Sjølv har eg alltid opplevd hyggeleg og fin service når eg har ringt ei nummeropplysningsteneste, og det er ei glede å møte levande og hjelpsame menneske i andre enden.

Lenge var sentralbordoperatørane bindeledd i lokalsamfunna. Damene på sentralbordet visste alt om alle - og dei visste gjerne òg å distribuere informasjonen. Slik er det ikkje lenger, og heldigvis for det! Likevel er opplysningssentera kring i landet vårt blitt svært viktige delar av lokalsamfunna.

Som dei fleste av dykk kanskje har fått med seg, har det vore ute på høyring eit forslag til endring i forskrift om fellesfakturerte tenester. Nummeropplysning er per definisjon ei fellesfakturert teneste, og er difor omfatta av forskrifta. Eit av forslaga til endringar går ut på at aktørane skal måtte gje førehandsinformasjon om kva tenesta kostar. Dette har vekt reaksjonar. Her er det viktig for meg å presisere at det i merknadene til forskriftsforslaget er sagt at prisinformasjon skal bli gitt på såkalla ”hensiktsmessig måte”, vurdert i høve til kva type teneste det er snakk om. I dette ligg det at nummeropplysning, som er ei samfunnsteneste, kan vurderast på ein annan måte enn til dømes teletorgtenester.

Departementet jobbar no med å gå gjennom dei meir enn tretti høyringsfråsegnene som har kome inn. Eg skal ta desse innspela med meg vidare i den grundige vurderinga som skal gjerast før endeleg avgjerd blir teken.

No har Opplysningen allereie vore her på Otta i 27 år. Det har skjedd masse på desse åra. Ikkje minst har me sett ei rivande teknologisk utvikling, der me blant anna har fått teknikkar som gjer at vi sjølve kan slå opp nummer på internett, eller få nummeret tilsendt ved å sende ein sms.

Konkurransetilhøva har også endra seg,  i 2002 vart det nummeropplysning konkurranseutsett.. Desto meir imponerande er det at de ikkje berre har ”klort dykk fast” her, men også har klart å vekse. At de no har heile 130 tilsette og stadig tilset mange nye medarbeidarar – eg skjønar det er nye folk på opplæring i desse dagar -  er særs gledeleg. Så vidt eg skjønar er avdelinga her på Otta den avdelinga i Opplysningen 1881 som har hatt størst vekst i talet på årsverk siste tida. Å vidareutvikle seg, finne nye tilleggsverdiar og forbetre tilboda til kundane er svært viktig i våre dagar. Det veit eg at de her på Otta er gode til!

Då gjenstår det berre for meg å ynskje dykk hjarteleg til lukke med dei nye lokala, eg ser at de har fått det skikkeleg fint her. Måtte det bli mange og gode år her på Sagtun! Tusen takk for at eg fekk kome, og lukke til med nytt bygg!