Historisk arkiv

Opning av Austevollsbrua

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

17. november 2007

Samferdsleminister Liv Signe Navarsetes tale ved opninga av Austevollsbrua, 17. november 2007.

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete
Opning av Austevollsbrua
Austevoll, 17. november 2007

Kjære alle saman!

Hjarteleg til lukke med dagen! Det er stas å vere her i denne flotte, opne landskapen og få puste inn den friske havlufta de austevollingar er velsigna med.

Dette er ein stor dag for Austevoll, og eg er glad for å få ta del i den. Desse bruene har lokalsamfunnet jobba for gjennom mange år, og det gir denne dagen ein ekstra dimensjon. Eg veit at dei første vedtaka om bruer i Austevoll vart gjort for ein mannsalder sidan. Først no er endeleg dei fem største øyane knytt saman med bruer. Det gjer dette til ein historisk dag.

Den aller første brua opna i 1980. Likevel er det først dei siste ti åra at  samferdsla i Austevoll verkeleg har endra seg, med heile fire nye bruer. Dei to nye bruene som no står klare, Storholmbrua og Austevollsbrua, gjer at den gamle draumen om å samle Austevoll til eit rike endeleg er fullført. No har alle øyane med større busetnad i kommunen ferjefritt samband med kvarandre. Austevollingane kan no køyre frå Våge eller Kvalvåg og heilt ut til Kalve i den andre enden av kommunen. Dette er eit stort løft for lokalsamfunnet i Austevoll.

For meg har det vore ei stor glede å følgje arbeidet med riksvegprosjektet Austevollsbrua. Prosessen har vore eit godt døme på kvalitetsarbeid og sterk innsats i alle ledd. Eg tykkjer òg den syner kor godt eit lokalt spleiselag kan fungere. Gjennom bygginga av bruene har kommune, fylkeskommune og stat saman sytt for eit svært viktig bidrag til samferdsla i regionen. Det desidert største bidraget til finansieringa har austevollingane sjølve stått for. Dette er ganske spesielt, og det fortener både kommunen, innbyggjarane og andre lokale krefter honnør for.

Det er òg særs gledeleg at prosjektet ser ut til å ha halde kostnadsrammene, og ikkje minst at brua faktisk står klar tidlegare enn planlagt, trass i at det ei stund såg ut til å bli forseinkingar. Det vitnar om god prosjektstyring og høg effektivitet frå alle involverte. Det heile blir ikkje mindre imponerande når ein veit kor krevjande det er å byggje bru så langt ute mot det opne havet, der vinden får så godt tak. Eg las ein stad at det har vore 80 mann i arbeid på anlegget her. I tillegg har mange jobba med eksterne bidrag, til dømes rekkverket. Det er visstnok bygd i Sogn – det gler sjølvsagt sogningen i meg.

Dei to nye bruene er historiske på så mange vis. Eg har høyrt at Storholmbrua kanskje har Noregsrekord ved å vere den brua med djupast fundamentering i landet -  36,5 meter under havoverflata. Dessutan er Austevoll truleg no den kommunen i landet med flest betongbruer av denne typen og storleiken. Det er slett ikkje verst for ein kommune som visstnok kom seint i gang med vegbygging!

Historia vil ha det til at den første verkelege vegutbygginga her i kommunen først kom i gang i 1905. Og det heldt fram med å gå litt trått, i allfall i deler av kommunen. I 1957 vart det i eit skriv til dåverande statsråd Varmann peika på at dei slette kommunikasjonstilhøva var til ”meins for alt arbeidsliv innad i heradet”, og at det var vanskeleg å stable på beina nokon sentraladministrasjon i kommunen.

No er tilhøva heldigvis heilt annleis. Brusambandet vil vere eit viktig tilskot til næringslivet i området, ikkje minst til fiske- og havbruksnæringa. Innbyggjarane vil òg få tilgang til ein større arbeidsmarknad enn tidlegare, og kan no få rask hjelp ved brann eller akutt sjukdom. I storm og uver kan ein no ta i bruk ein trygg landeveg i staden for den meir utrygge sjøvegen.

Dessutan vil brua vere eit viktig bidrag til det sosiale livet i kommunen. Eg tenkjer ikkje minst på at barn og ungdom no kan drive med felles aktivitetar på kveldstid utan å uroe seg for når siste ferja går. Livet vert rett og slett lettare! Som statsråd brenn eg for at samferdsle skal vere med å sikre busetnad og næringsliv, og eg tykkjer Austevollsbrua er eit særs godt døme på nettopp dette!

Det er kjekt å kunne melde at Vegvesenet i desse dagar startar opp planlegging av gang- og sykkelveg frå Haugland til Hufthamar ferjekai, inkludert utvida parkeringskapasitet på kaia. Finansieringsløysinga har kommunen hatt møte med politisk leiing i departementet om - og den skal på plass!

Den nye brua gjer at trekantsambandet ferjene køyrer i, vert eit pendelsamband. Det ligg i bruproposisjonen at det då vert overgang til ei ferje. Dette spørsmålet har kommunen teke stilling til, og Stortinget har velsigna det. Eg skjønar at de då er opptekne av både fart og storleik på denne ferja. Sambandet skal lysast ut om ikkje lenge, og eg har fått klåre oppmodingar frå både ordførar og næringsliv (Magnus) om tidsmessige krav. Det arbeider vi med i departementet no, og eg kan love dykk av vi jobbar under høgtrykk!

På vegne av Samferdselsdepartementet vil eg rette ein varm takk til kommunen, Austevoll bruselskap, Statens Vegvesen, fylkeskommunen, entreprenørar og alle andre som har vore med i planlegginga og bygginga av desse flotte bruene. Eg tykkjer Austevollsbrua beviser at flott arkitektur er kunst på høgt plan. De har alle gjort ein fantastisk jobb, og eg ynskjer dykk hjarteleg til lukke med dagen – og brua!

Eg vil òg rette ein takk og ein gratulasjon til alle lokale eldsjeler som har stått på for å gjere denne dagen mogleg. Framsynte lokalpolitikarar snakka allereie midt på 1970-talet snakke om bru til Austevoll-samfunnet - og no har de fem bruer! Visstnok er initiativrikdom og eigeninnsats blant det som kjenneteiknar austevollingane. Akkurat det har eg ingen problem med å tru på etter å ha følgd arbeidet med Austevollsbrua!

Eg kjenner meg trygg på at alle som trafikkerer dette området vil få mykje glede og nytte av Austevollsbrua i mange år framover, og at prosjektet vil bli ei vitamininnsprøyting for heile lokalsamfunnet. Så vidt eg skjønar har Austevollsbrua allereie gitt inspirasjon til bygging av både bustader, hytter og sjøbuer – så dei positive ringverknadene er tydelegvis allereie i gang!

Gratulerer så mykje med dagen, og til lukke med brua!

Foto: John Levi Weløy, Austevoll kommune