Historisk arkiv

Opning av konferanse om kollektivtransport i distrikta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete, Oslo, 26. juni 2007

I Soria Moria-erklæringa sa vi at vi ville utvikle eit brukartilpassa og kostnadseffektivt kollektivtilbod i distrikta gjennom tilbringartenester og tingingsruter med drosje kombinert med buss, båt og tog langs hovudtrafikkårene.

Opning av konferansen "Kollektivtransporten i distrikta"

Oslo, 26. juni 2007

Innleiing

Først av alt vil eg starte med å ønskje alle velkomen til denne konferansen om kollektivtransport i distrikta.

Landet vårt er spesielt  både geografisk og når det gjeld busettingsmønster. Vi har ein komplisert geografi med fjordar og fjell, og i store delar av landet er det liten busetnad.

Samstundes veit vi at mykje av naturresursane nettopp finst i desse områda. Det same gjeld store delar av den eksportretta industrien.  Skal vi kunne nytte dei føremonene vi har innan eksportretta industri og med store naturressursar, må vi leggje til rette for at desse transportane kjem raskt og greitt  fram til mottakarane. Samferdselspolitikken er difor ein viktig byggjestein i næringspolitikken.

Utvikling i velstand der stadig fleir kjører med bil - og busetting med sentralisering - har ført til at transportilbodet i fleire av distriktsområda har blitt redusert. For meg er det viktig at alle – uavhengig av kvar dei bur -  skal kunne få ta del i den utviklinga av samfunnet som heile tida skjer. Det kan vere gamle som treng transport til lege og handlesenter, eller unge som treng transport til ulike fritidsaktivitetar. Difor meiner eg at kollektivtransporten er ein viktig byggjestein i velferdspolitikken.

I sum kan ein seie at transportpolitikken er viktig for å ta heile landet i bruk og for at alle skal få ta del. I arbeidet framover med Nasjonal transportplan for 2010-2019 vil eg difor legge større vekt på:

  • Effektive transportar for næringslivet i alle delar av landet
  • Transportpolitikk som verkemiddel for regional utvikling

Regional uvikling og sterkare fokus på næringslivet sine transportar

Kva ein får til av næringsutvikling i distrikta er avgjerande for kva ein får til av regional utvikling og busetting.

Transport er viktig for å kunne tilby varer og tenester - til rett tid, for å sikre tilgang til godt kvalifisert arbeidskraft innanfor og frå ein større region, og for å kunne halde kontakt med kundane i Noreg og i utlandet. Som eg har vore inne på har transportpolitikken difor mykje å seie for lønsemda i næringslivet, og er difor også eit viktig verkemiddel for å skape vekstkraftige regionar.

Store delar av landet har ein lang reiseveg til sentra, og store avstandar til viktige marknader. Eg er oppteken av å redusere ulemper og kostnader ved dette, og dermed skape betre vilkår for næringsliv og busetnad i distrikta. I tråd med dette er regional utvikling no teke med i det overordna målet for samferdselspolitikken. Vi har mellom anna formulert eit hovudmål som gjeld betre framkomst og reduserte avstandskostnader.

Eg er klar over dette set store krav til løysingane og verkemidla som Samferdselsdepartementet har ansvar for. Det trengst ei god og felles forståing av behova i åra framover. I arbeidet med neste transportplan har eg difor teke initiativ til ein enda tettare dialog med næringslivet om langsiktige utfordringar og prioriteringar. Mellom anna gjennomfører vi no ein regional møteserie med næringslivet om neste transportplan. Strukturendringar med verknad for behovet for transport i framtida, konkurransevilkår, organisering, og utbyggingsbehov er mellom anna tema som vert diskutert.  Dei tre første møta i Oslo,  Bergen og Tromsø med representantar for næringslivet på Austlandet, Vestlandet og Nord Noreg - er gjennomført med deltaking frå verksemder i ulike næringar. Eg er særs nøgd med interessa, engasjementet og deltakinga så langt. Dialogprosessen vert avslutta med ein landsomfattande konferanse, etter at planforslaget frå transportetatane er lagt fram. I denne konferansen vil òg vi i den politiske leiinga delta.

Det er sjølvsagt for tidleg å trekkje konklusjonar, men i dei første møta vart det mellom anna peikt på fleire endringar som i aukande grad vil påverke lokalisering av verksemder, distribusjonsformer og krav til framkomst både i distrikta og i byområda. For meg og regjeringa som ønskjer å ta heile landet i bruk, styrkjer dette grunnlaget for ein offensiv transportpolitikk i åra framover.

Kollektivtransport i distrikta

Som eg har vore inne på, bur vi i  eit land med krevjande geografi og lange avstandar. Å sikre eit godt kollektivtilbod er difor både utfordrande og kostnadskrevjande i store delar av landet.

I tillegg har det over tid skjedd endringar i busetjingsmønster, alderssamansetjing og bruk av bil som har ført til redusert kundegrunnlag for kollektivtransporten og dermed svekt tilbod  i distrikta. I enkelte område har det i praksis ført til at det er den lovpålagte skuleskyssen som utgjer kollektivtilbodet.

Bilen er viktig for transport i store delar av landet. Med det bilhaldet vi har i dag, er ikkje manglande kollektivtilbod eit stort problem for store grupper. Det er likevel nokon som fell utanfor – i hovudsak dei yngste og dei eldste. I dag er mange av desse avhengig av hjelp frå familie og vener for å komme til og frå fritidsaktivitetar og ulike tenestetilbod som butikk og lege. I Soria Moria-erklæringa sa vi difor at vi ville utvikle eit brukartilpassa og kostnadseffektivt kollektivtilbod i distrikta gjennom tilbringartenester og tingingsruter med drosje kombinert med buss, båt og tog langs hovudtrafikkårene.

Det vil ikkje nødvendigvis seie at fylkeskommunane skal opprette fleire bussruter. Det eg håpar er at det blir etablert fleksible, enkle og kostnadseffektive transportløysingar som så langt som mogleg blir tilpassa transportbehovet til brukarane. I denne samanheng trur eg at det er rom for betre samarbeid mellom fylkeskommunar og andre kjøparar av transporttenester for å bruke resursane til transport i distrikta betre. Eg trur og at det er rom for å sjå dei ulike transportilboda meir i samanheng og dermed gjere det enklare for dei reisande. Mao. vert ”enkelt” og ”samarbeid”   viktige stikkord - for å få til eit godt kollektivtilbod i distrikta.

Med ”enkelt” meiner eg at transportilbodet må vere enkelt å bruke for den reisande. Dvs. at tilbodet må vere synlig, lett å finne og mest mogleg samordna.

Dette er ikkje utan vidare er enkelt å få til for fylkeskommunane, i ein kvardag der det er press for å halde kostnadene nede, og der det er ulike aktørar med ulike interesser som kan vere vanskelege å sameine. På den andre sida - får ein ikkje til å lage eit tilbod som er interessant for brukarane -risikerer ein å bruke mykje pengar til liten nytte. Endå verre – risikerer ein at ein kjem inn i ein ”vond” spiral med mindre bruk av kollektivtransporten, press for å redusere ressursinnsatsen meir, som til slutt vil gje enda dårligare tilbod med dei negative konsekvensane det vil ha for velferda til dei som ikkje har tilgang til bil.

Med ”Samarbeid” tenker eg spesielt på:

  • Samarbeid mellom ulike delar av offentleg sektor om kjøp av transporttenester (Til dømes samarbeid mellom fylkeskommunar og mellom helseføretak og fylkeskommunar)
  • Samarbeid mellom fylkeskommunane og aktørar som opererar utanfor det lokale rutetilbodet, til dømes NSB og kommersielle aktørar som ekspressbusselskap. 

Det offentlege - hovudsakleg fylkeskommunane, lokale aktørar og helseføretaka -  brukar kvart år store summar til kjøp av transporttenester til skuleskyss , TT- transport og pasienttransport mm. Det er fleire gode døme på samarbeid på desse områda. Eg har mellom annar registrert at fleire fylkeskommunar og helseføretak  i den seinare tid har begynt å samarbeide om kjøp av transporttenester, for å bruke dei samla resursane til slike kjøp best mogleg.

Helseføretaka  har sidan 2004  hatt ansvaret for pasienttransporten. Denne transporten utgjer ein stor del av driftsgrunnlaget for drosjene i distrikta, og er difor svært viktig for kva drosjetilbod det er mogleg å oppretthalde i desse områda. Langt på veg kan ein seie at pasienttransporten har medverka til at det har late seg gjere å oppretthalde eit drosjetilbod distrikta.

Bakgrunnen for at helseføretaka fekk ansvar for pasienttransporten var todelt. For det første var det naudsynt å få kontroll med den sterke kostnadsveksten, og at ein ønskte å sjå kostnadane til pasientbehandling i samanheng med kostnadane til pasienttransport. Det var mao. tunge helsepolitiske årsaker til omlegginga som blei gjort.

Ein konsekvens av omleggina er at det i større grad enn tidlegare er tatt i bruk anbod ved kjøp av pasienttransporttenester. Så langt eg er kjent med, har drosjene framleis det alt vesentlege av pasienttransporten. Der er like vel ikkje til å kome bort frå at tap av pasienttransporttenester for dei fleste distriktsdrosjene vil bety tap av driftsgrunnlag, og dermed risiko for at drosjetilbodet kan bli svekt. Eg meiner difor at et godt samarbeid mellom helseføretaka og fylkeskommunane vil vere avgjerande for kva drosjetilbod det er mogelig å halde oppe i distrikta.

Dei kommersielle ekspressbussane har frå slutten av 1980-tallet vore ein viktig del av transportilbodet i distrikta. Eg har og merka meg at det er fylkeskommunar som samarbeider med ekspressbusselskap om stopp i distriktsområde, der det elles ikkje ville ha vore stopp. Eg trur likevel  at det i fleire område, gjennom samarbeid, kan vere rom for å kome fram til ei enda betre samordning og arbeidsdeling mellom det lokale rutetilbodet i regi av fylkeskommunane og det kommersielle tilbodet i regi av ekspressbusselskapa.

Fylkeskommunane er ansvarlege for det lokale kollektivtransporttilbodet. Slik må det etter mitt syn og vere. Det er fylkeskommunane som er nærast og som har best kunnskap om transportilbodet i det enkelte fylket. Eg meiner difor at fylkeskommunane og må ha stor fridom til å finne fram til dei løysingane som er mest tenlege i dei ulike delane av fylket. Fråsegna i Soria Moria-erklæringa betyr difor ikkje at staten på nokon måte skal ta over fylka sine oppgåver. Det vi ynskjer er å leggje forholda til rette for fylkeskommunane, med å gje økonomisk handlingsrom, og med å hjelpe til med formidling av erfaringar mellom fylka.

For å få oversyn over kva som er utfordringar og ikkje minst kva som er mogleg å få til på sikt, har vi hatt møte med Transportbedriftenes landsforening og Noregs Taxiforbund. I desse møta blei mellom anna rammevilkår for transportbedriftane og drosjenæringa drøfta. Det blei og drøfta kva desse næringane sjølve kan gjere for å betre tilbodet i distrikta. Vi har i desse møta fått fleire innspel som eg vil ta  med meg i det vidare arbeidet.

Kva kan så staten gjera på kort sikt?

Som kjent var ei vesentleg styrking av økonomien til kommunar og fylkeskommunar noko av det første denne regjeringa gjorde. Eg legg til grunn at denne styrkinga og kjem kollektivtransporten i distrikta til gode.

For å få til utveksling av erfaring, blei det i fjor, i samarbeid med kontaktutvalet for samferdselssjefane, teke initiativ til å utforme ein rettleiar om kollektivtransport i distrikta. Rettleiaren skal gi døme på enkle og effektive tiltak for å betre kollektivtilbodet i desse områda.

Både nasjonalt og internasjonalt er det gjort fleire utgreiingar og laga fleire rapportar som  dokumenterer erfaringar frå ulike tiltak. Rettleiaren bygger mellom anna på ei oppsummering av desse erfaringane. Meininga er at den skal gi eit samla oversyn over dei tiltaka som er aktuelle for å betre kollektivtilbodet i distrikta.

Rettleiar

Rettleiaren handlar om kva ein må ta omsyn til i planlegginga og utforminga av kollektivtilbod i distriktsområda. Det blir peika på at løysingane må vere så enkle som mogleg å nå for brukarane og byggje på samarbeid – til dømes om offentlig betalte transportar. Mellom anna blir det fokusert på forhold ein bør ta omsyn til:

  • I planleggingsfasen - som å gjere informasjon , marknadsføring, pris og profilering til ein integrert del av produktutviklinga.
  • For å utvikle ein samordna og brukarvennleg tingingstrafikk
  • For å utvikle linjenettet, som til dømes at tidstabellar og ruteplan blir lagt opp slik at dei blir så enkle som mogleg å bruke for dei reisande.

Rettleiaren er utforma av TØI, og arbeidet er følgd opp av ei gruppe med representantar frå departementet og representantar oppnemnd av samferdselssjefanes kontaktutval. Det vil bli gjort nærmare greie for innhaldet i rettleiaren seinare på denne konferansen. Eg vil difor ikkje nå gå nærare inn på dei enkelte punkta i rettleiaren, ut over å seie at eg håpar at den kan vere eit oppslagsverk og ei kjelde til inspirasjon for alle som arbeider med desse problemstillingane dagleg.

Rettleiaren vil bli sendt til alle fylkeskommunar, kommunar og dei viktigaste operatørane.

Demonstrasjonsprosjekt

Som dei fleste her vel er kjent med foreslo regjeringa i revidert nasjonalbudsjett i år ei løyving på 8 mill. kroner for å opprette ei ordning med tilskott til å prøve ut ulike modellar for å organisere og gjennomføre kollektivtransporten i distrikta. Formålet med ordninga er å er å leggje til rette for ei styrking og kreativ utvikling av kollektivtilbodet i distrikta gjennom å prøve ut og formidle erfaringar frå ulike prosjekt. Ved tildeling av midlane ønskjer vi difor å prioritere prosjekt som har overføringsverdi til andre fylke. Det kan til dømes vere prosjekt:

  • Der det blir fokusert på betre samordning mellom dei ulike transportilbod for å gjere det enklare å reise kollektivt.
  • Prosjekt der det blir fokusert på samarbeid mellom ulike operatørar og offentlige instansar o.a.

Det er store variasjonar i dei geografiske føresetnadene i ulike delar av landet . Eg ser det difor som viktig at det blir gjennomført prosjekt under ulike geografiske føresetnader, til dømes prosjekt i kystområda der ferjer og hurtigbåtar er viktige transportmiddel og i område der buss/drosje og tog er hovudtransportmeddel.

For å kome i gang med dette arbeidet så snart som mogleg har eg bedt om forslag til prosjekt frå fylkeskommunane. Frist for å sende forslag er 20. august 2007. Eg tek sikte på å tildele midlar til aktuelle prosjekt så snart som mogleg etter det.

Eg vil nytte dette høvet til å understreke at støtta skal vere i tillegg til, og ikkje til erstatning for, midlar frå lokale styremakter. Vi vil difor og leggje vekt på eigenfinansieringa i vurderinga av forslaga.

Som det er gjort greie for i St. prp. 69 (2006-2007) skal ordninga i første omgang vare i tre år. Ordninga vil etter det bli evaluert, men målet mitt er å få etablert ei permanent ordning.

Avslutning

Som eg har vore inne på har eg stor tru på samarbeid, og på å gjere ting enkelt. Formålet med konferansen er difor å legge til rette for utveksling av erfaring om gode og enkle løysingar og samarbeid mellom dei ulike aktørane.

Eg håper og trur difor at denne konferansen kan bli eit kreativt forum der idear kan bli utveksla og kontaktar kan bli knytte mellom fylkeskommunane, og alle andre aktørar som har ei rolle når det gjeld kollektivtransport i distrikta.