Historisk arkiv

Opning av Lofast, Lofoten, 1. desember 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdsleminister Liv Signe Navarsetes tale ved opning av Lofast, Lofoten, 1. desember 2007.

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete
Tale ved opning av Lofast, Lofoten, 1. desember 2007

Deres majestet, kjære alle,

Hjarteleg til lukke! Dette er ein stor dag for Lofoten, Nordland, og heile Noreg – og det er svært hyggeleg for meg som samferdsleminister å vere her i dag. Fastlandssambandet Lofast er eit uvanleg stort og viktig prosjekt. Samferdsle skal binde landet vårt saman og gje grunnlag for busetnad, ressursutnytting og næringsutvikling. Det gjer Lofast i rikt monn!

I diktet ”Strid for fred” skriv Arne Garborg:

Ja lat oss stride,
og lat oss tru
og byggje med tankar
ei bivre-bru
til den heilage, høge framtid

Eg tykkjer dette rommar mykje av det Lofast representerer. Det er mange menn og kvinner som har stridt for Lofast gjennom mange år, i det store spennet frå dei som teikna ned dei første skissene i 1942, til dei som det siste året har jobba seint og tidleg i kulde og blåst for å få sambandet ferdig. Det er ikkje til å leggje skjul på at det også har vore strid kring dei ulike alternativa, men eg kjenner meg trygg på at det er ei svært god løysing me ser her i dag, ei løysing Lofoten og landet elles vil ha glede av i mange år framover.

Tru, skriv Garborg. Tru er heilt naudsynt for å få til noko. Og tru har det vore mengder av. All ære tildykk alle for at de heile vegen har behalde trua, også når det har butta og ting har teke tid. 

Å byggje med tankar, seier Garborg. Og Lofast har også blitt bygd med edel tankekraft. Det har vore mange år med planlegging og prosjektering på høgt nivå, men no er Lofast eit utstillingsvindauge for det flottaste vi har av ingeniørkunst. Særleg imponerande er det når ein tenkjer på at mykje av arbeidet er gjort i terreng der det ikkje har vore infrastruktur frå før, og under alle slags naturtilhøve - snø, storm, blåst, ja, til og med myggangrep har eg skjønt de har vore plaga med! Når me er inne på dette med natur, må eg elles seie at prosjektet med naturleg vegetasjon som er gjennomført, gjer ein ”grøn statsråd” som meg varm om hjartet.

Lofast gjer Lofoten meir tilgjengeleg. Køyretida blir halvert og ein blir mindre vêravhengig. Kombinasjonen av den storslagne Lofot-naturen og den like storslagne byggjekunsten, utgjer noko av det flottaste landet vårt har å by på. Eg kjenner meg trygg på at fastlandssambandet i kombinasjon med Nasjonal Turistveg vil føre endå fleire turistar til denne vakre landsdelen - og såleis sikre arbeidsplassar og busetnad i regionen. Men vel så viktig: fastlandssambandet vil gjere kvardagen lettare for lofotværingar på veg til og frå arbeid og fritid. Såleis er Lofast med på å oppfylle det viktigaste målet for samferdsle i landet, nemleg velferd!

Eg vil rette ein stor takk til entreprenørane, kommunane, Statens Vegvesen, fylkeskommunen og alle andre som har vore med i planlegginga og bygginga av Lofast. De har alle gjort ein fantastisk jobb!

Ei bivre-bru, slik Garborg talar om, er ikkje korkje bruene her eller resten av sambandet her. Men at sambandet skal vere med på å føre oss over til den heilage, høge framtid, det kjenner eg meg heilt viss på. Gratulerer så mykje med dagen, og til lukke med Lofast!

Sjå også kronikk av samferdselsminister Liv Signe Navarsete: