Historisk arkiv

Opning av Nasjonal turistveg Lofoten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Tale av samferdselsminister Liv Signe Navarsete ved opninga av Nasjonal turistveg Lofoten, Leknes 6. september 2007.

Nasjonal turistveg Lofoten - foto: Jan Dirk OnrustTale av samferdselsminister Liv Signe Navarsete ved opninga av Nasjonal turistveg Lofoten, Leknes 6. september 2007.

Det er ei stor glede for meg å kome hit for å opne nasjonal turistveg i Lofoten i desse storslagne omgjevnadane.

Når det gjeld vakker natur, er vi i Noreg heilt klart i verdsleiinga. Turistvegane syner at også god arkitektur og design er viktig for at Noreg skal vere eit attraktivt reisemål for vegfarande turistar.

Omdømmeutvalet til regjeringa lanserte for ei tid tilbake visjonen ”Norges nyskapende i samspill med naturen”. Dette har Statens vegvesen arbeidd med i fleire år no, gjennom Nasjonal turistvegar. I dag ser vi resultatet. Dei flotte turistvegtiltaka her i Lofoten, med sin nyskapande arkitektur og sitt flotte design er eit konkret døme på at vi har lukkast med å få sett denne visjonen ut i livet. Og slik kan vi styrkje Noregs omdømme i utlandet.
 
Turistvegprosjektet vekkjer interesse internasjonalt. Sist veke viste svensk TV2 eit halv times innslag, der det kom fram at svenskane var aldri så lite misunnelige på turistvegane våre. I oktober vil endå fleire få vite om desse perlene. Då skal vi syne fram turistvegane våre i Berlin med ei vandreutstilling som seinare skal til Frankrike, noko eg som samferdselsminister sjølvsagt gler meg stort over. 
 
Gjennom turistvegprosjektet har vi vald ut nokon av dei 18 finaste vegstrekningane i landet. Lofoten er sjølvsagt blant desse. Målet for turistvegarbeidet er å lage ein spesiell turistattraksjon som skal gjere Noreg meir attraktivt for turistar langs vegen.
Samferdselsdepartementet har sett av 100 millionar kroner til turistvegprosjektet i 2007.
Samla har dei statlege midlane i 2006 og 2007 ein oppfølgingsgrad på 57 prosent i forhold til handlingsprogrammet for 2006-2009, så vi ligg godt an. Totalt skal vi bruke 1,2 milliardar kroner til prosjektet.

Intensjonen har vore å bygge opp attraksjonen jamt og trutt med tilvekst av eit par nye strekningar i året fram til 2015. No er det meininga Statens Vegvesen skal prøve å framskunde arbeidet slik at Noreg tungt skal kunne marknadsføre dei Nasjonale turistvegane som heilskapleg turistattraksjon frå 2011. Slik kan vi få fleire turistar til distrikts-Noreg, og slik kan vi styrkje grunnlaget for busetnad i distrikta.
 
Dei nasjonale turistvegane er noko av det viktigaste som har skjedd innan norsk turisme dei siste åra. Som samferdselsminister er eg stolt og glad over å ha vore med på dette.
Turistvegen her i Lofoten er den første av dei nye turistvegane. Med Nasjonal turistveg Lofoten har Statens vegvesen gjeve turistmagneten Lofoten ein ny og moderne dimensjon. Her viser ein fram noko av det fremste vi har av norsk arkitektur plassert i noko av det fremste vi har av norsk natur. Særleg mykje betre kan det vel ikkje bli?
 
Til lukke med dagen!

Foto: turistveg.no/Jan Dirk Onrust (vegmotiv) og Statens vegvesen (ingress)