Historisk arkiv

Opning av Network Norway sitt nye GSM-mobilnett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Gratulerer med dagen til Network Norway og ikkje minst til alle mobilbrukarar som kan glede seg over eit nytt alternativ i mobilmarknaden!

Opning av Network Norway sitt nye GSM-mobilnett

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete

Oslo, 1. februar 2007

  • Takk for invitasjon til å vere med å markere opninga av eit nytt mobilnett i Noreg. Gratulerer med dagen til Network Norway og ikkje minst til alle mobilbrukarar som kan glede seg over eit nytt alternativ i mobilmarknaden!
  • Eg vil byrje med å gi eit par overordna vurderingar om marknadene for elektronisk kommunikasjon, og det regelverket vi som styresmakt er sette til å forvalte.
  • Innan elektronisk kommunikasjon er det ei rivande teknologisk og marknaddriven utvikling:
    • Digitalisering, til dømes det digitale bakkenettet for fjernsyn
    • Konvergens/samansmelting av teknologiar, jf. mobil-TV, kabel/fiber til TV, internett og telefoni m.m.
    • Prisane på utstyr er sterkt reduserte
    • Internasjonalisering, store kapitalsterke aktørar, men óg mange små aktørar
  • Marknaden for elektronisk kommunikasjon er regulert i ekomlova. Målet for ekomlova er mellom anna å leggje til rette for gode og rimelege tenester i heile landet gjennom berekraftig konkurranse. For å oppnå berekraftig konkurranse i denne marknaden har ekomlova særskilte konkurranseregulerande føresegner, som kjem i tillegg til den generelle konkurransereguleringa. På sikt bør vi kunne klare oss utan desse særskilte føresegna, men førebels er det naudsynt med regulatoriske grep i store delar av ekommarknaden for å sikre seg at denne marknaden fungerer.
  • Post- og teletilsynet gjer ein svært viktig jobb med markedsanalyser og verkemiddelvedtak innan dei delmarknadene. PT utpeikar tilbydarar med sterk marknadsstilling (SMP) og fastsetter kva type forpliktingar tilbydarane med SMP skal påleggast.
  • SMP-vedtaka har store prinsipielle og økonomiske verknader for tilbydarar og brukarar av elektronisk kommunikasjon. Eg viser i denne samanhengen til dei prinsipielt viktige vedtaka om fastsetjing av framtidige termineringsprisar- og prinsippa for prisregulering av tilgang til mobilnett. Også innan marknadene for breiband og kringkasting blir det fatta viktige vedtak. Då er det ikkje til å undrast over at fleire av desse sakene også hamnar på bordet mitt som klagesaker til departementet.
  • Departementet si oppgåve som klageorgan for Post- og teletilsynet sine vedtak er å vere ein nøytral og uavhengig dommar i det som ofte er mykje komplekse klagesaker. Det er både fagleg - og i høve til ressursar - ei svært krevjande oppgåve for departementet, sjølv om den også sikrar og utviklar kompetansen i departementet. I tillegg er fleire av sakene prega av trykk frå media. Det er slik det skal vere, og det viser at telebransjen engasjerer og spelar ei viktig rolle i samfunnet.
  • I Soria Moria- erklæringa har Regjeringa uttalt at det skal leggjast til rette for utbygging av mobilnett i dei områda av Noreg der dekninga i dag er for dårleg. Sjølv om GSM-mobildekninga i Noreg er blant dei beste i Europa, er tiltak for utbygging av mobilnett og basestasjonar i grisgrendte strøk der dekninga er for dårleg, noko eg aktivt støttar. Eg er difor i løpande dialog med tilbydarane og kommunar/tettstader som ønskjer betre mobildekning for innbyggjarane sine.
  • Network Norway si opning av eit nytt GSM-nett i dag er eit positivt bidrag til mangfaldet i telebransjen på fleire måtar: Etableringa vil gi større breidde i tenestetilbodet for GSM-telefoni, medrekna auka konkurranse når det gjeld bedriftskommunikasjon. Eit nytt mobilnett vil kunne føre til ei meir innovativ tenking i telebransjen. På sikt håper eg også at Network Norway si nettutbygging kan bidra til å gi betre mobildekning i Noreg.
  • Samtidig er opninga av Network Norway sitt nye mobilnett eit eksempel på ei meir fleksibel haldning frå frekvensstyresmaktane når det gjeld handel med frekvensar i ”annanhandsmarknaden”. GSM 900-løyvet Network Norway no disponerar har levt eit omskifteleg liv sidan løyvet opphavleg vart gitt BaneTele i ein mobilauksjon i 2001. Departementet har samtykt til eigarskifta, sist ved at vi tillét Network Norway å overta aksjane til konsesjonen i januar 2006. Det gler meg at frekvensane no kjem til nytte for mobilbrukarane i Noreg.
  • Eg ønskjer Network Norway lukke til med mobilsatsinga, og eg seier gratulerer med dagen til alle mobilkundar som no får eit nytt alternativ! Eg vonar det skal bli ein skuv for betre dekning i område med dårleg eller inga dekning. Dét ville vere litt av ein konkurransefordel!