Historisk arkiv

Opning av ny terminal på Svalbard lufthamn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opning av ny terminal på Svalbard lufthamn, 10. desember 2007.

Tale ved opning av ny terminal på Svalbard lufthamn
Svalbard, 10. desember 2007

Kjære sysselmann, kjære alle!

Hjarteleg til lukke med dagen! Dette er ein stor dag for Svalbard lufthamn – og det er svært hyggeleg for meg som samferdsleminister å få ta del i den. Då lufthamna skulle opne i 1975 måtte ei rekkje gjester, med Kong Olav i spissen, gjere vendereis på grunn av dårleg vêr. Det slapp heldigvis eg! Dette er første gongen eg vitjar Svalbard, og eg må seie det er ei makelaus oppleving å få vere her og oppleve denne unike delen av landet vårt. Kombinasjonen av mørketid og lyset frå dei kvite fjella gjer det heile magisk.

Eg er dessutan svært glad for å sjå kor flott og funksjonell den nye lufthamna er. Det var eit enormt framsteg for lokalsamfunnet her på Svalbard då lufthamna vart opna på andre forsøk i 1975. Då hadde Braathens Safe sine fly sidan 1959 landa på permafrosten i Adventdalen. Før den tid var det ikkje flytrafikk til og frå Svalbard i det heile, postsekkar vart slept ned i dropp frå lufta, men det var aldri aktuelt for postflya å lande.

I dag er det vanskeleg å førestille seg kva vinterisolasjonen innebar for dei 900-1000 menneska som kvart år overvintra her, og som var totalisolerte frå november til mai. Det er spesielt å tenkje på at dette var på eit tidspunkt då resten av Noreg stort sett hadde hatt godt utvikla lufthamn-infrastruktur. Men om flyplassen kom seint er det likevel viktig å hugse på at Svalbard har ei lang og ærerik luftfartstradisjon. Det er nok å nemne namn som Roald Amundsen og Umberto Nobile, viktige menn i polarflyginga si historie.

Eg plar ofte seie at luftfarten er viktigare for Noreg enn for alle andre land. Eg plar òg seie at luftfart på grunn av dei store avstandane og den spreidde busetnaden er for kollektivtransport å rekne i Noreg. Sjeldan stemmer vel dette betre enn her på Svalbard. Det er flytrafikken som bind Svalbard saman med resten av landet. Flytrafikken gir dei fastbuande moglegheit til å dra innanlands og utanlands på arbeidsreiser eller fritidsreiser, og flytrafikken gir oss andre moglegheit til å vitje denne unike staden. Flyrutetilbodet er heilt avgjerande for å oppretthalde den viktige forskinga og den blømande turistnæringa som har utvikla seg på Svalbard 

Det finst eigentleg ikkje betre prov enn Svalbard lufthamn på kor viktig det nettet av lufthamner og flyruter er for å oppretthalde næringsliv, ressursutnytting og busetnad i landet vårt. Sjølv bur eg i nærleiken av ei av dei regionale lufthamnene, eg pendlar fram og tilbake kvar veke – så eg veit kor viktige dei regionale lufthamnene er for å få kvardagen til å gå opp.

Infrastrukturen som vart bygd i 1975 var historisk. Alle bygningane vart plassert på permafrost, noko som gav utfordringar. Hangaren var den første bygningen i verda som var frosen fast i bakken. Men trass i avanserte løysingar; flytrafikken til og frå Svalbard voks fort, bygningane vart raskt for små – og i samband med Svalbard lufthamn sin 30-årsdag i 2005 bestemte styret i Avinor at det skulle byggjast ny ekspedisjonsbygning.

Budsjett og framdriftsplan har blitt etterlevd på førebiletleg vis, no står bygningen klar, og det har blitt ein moderne, tidsriktig, flott og funksjonell bygning, som i tillegg til publikumsareal inneheld blant anna bagasjehall og kontor for Sysselmannen. Eg veit at tilhøva var vanskelege både for reisande og tilsette før den nye terminalen kom på plass – det ser ein jo elles berre ein tittar på biletet på invitasjonen til denne opninga – og det er ingen tvil om at dette er eit nybygg som er heilt på sin plass. Dette bygget har de verkeleg fortent, og det vil gjere kvardagen lettare både for reisande og tilsette. 

Det er spesielt å tenkje på at berre ein halvtimes flytur nordover herfrå ligg Ny-Ålesund, som jo nærast er sivilisasjonens siste utpost. Samstundes er me berre nokre få timar med fly frå byar som Amsterdam og London. Det er lett for oss som reiser mykje og ofte å gløyme spennande det kan vere å ta fly.

Eg tykkjer Sigmund Skards dikt Flyplass på ein god måte illustrerer kor mykje spenning og forventning det kan liggje i det å vere på ein flyplass:

Så enkelt lykkeleg
når dei tusen tilvære-ting
er av deg lyfte,
og du sit i ventehallen,
ferdabudd
og dine er sagde farvel til
og godset ditt siglt bort i rommet
på lydlause transportband,
og berre du er etter,
naken inne i kleda,
einsleg med deg sjølv,
med alt unnagjort,
i rette båsen,
med helsekortet stempla,
og boarding-passet i neven,
fluktnummer, klokkeslett
og utgangsdør.
Litt forseinka blir flyet kanskje,
men sjeldan mykje.
Og du veit du blir oppropt.

Slike høgtidsstunder er det nok mange som vil ha her på Svalbard lufthamn i tida framover. Eg kjenner meg heilt viss på at dette nybygget er ei investering som reisande til og frå Svalbard vil ha stor glede og nytte av i mange år framover.
Gratulerer så mykje med dagen, og til lukke med den nye terminalen!