Historisk arkiv

Opning av Oslo-Stockholms togtrafikk 7. januar 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister liv Signe Navarsete

Opning av Oslo-Stockholms togtrafikk 7. januar 2007

Samferdelsminister Liv Signe Navarsete

07.01.07

Det er ei stor glede for meg å vere mellom dei første som på ny kan ta Stockholmstoget frå Oslo. Det er eit godt togtilbod vi kan ta i bruk frå i dag av: med fire avgonger daglig, og sjølv om det tek noko lenger tid enn med flyet, trur eg mange vil sette pris på å reise over grensa på denne miljøvenlege måten.

I tillegg til dagleg persontogsamband Oslo – Stockholm får vi – på begge sider av grensa – eit langt betre regionalt og lokalt togtilbod: På den norske sida vil talet på avgangar mellom Kongsvinger og Oslo bli nesten dobla med ein auke frå fire til ni avgangar. På den svenske sida vil det, i tillegg til dagens tilbod, bli to daglege dobbeltturar mellom Karlstad og Charlottenberg og ein dobbeltttur mellom Karlstad og Charlottenberg

Eg trur den satsinga SJ (uttales SI)og NSB gjer med å rette tilbodet mot dei som reiser regionalt har gode moglegheiter til å lukkast. Vi veit at så mange som 15.000 nordmenn og svenskar pendlar kvar dag over den norsk-svenske grensa. 33.000 svenskar og nordmenn har arbeid i nabolandet. Samtidig veit vi at 28.00 menneske kryssar den same grensa i personbil. Det betyr at det nye togtilbodet, både vil gjere kvardagen lettare for ei stor mengd pendlarar, men det betyr og at vi har eit stort miljøpotensial her, ved å få flytta noko av denne trafikken over frå vegen til jernbana.

Det betra tilbodet i tall avgangar vil gjere at toget vert styrka i konkurransen med andre transportforma, og det er viktig dersom ein verkelig vil ta innover seg dei store miljø- og klimautfordringane innanfor transportsektoren.

Dette er eit godt eksempel på regional medverknad, initiativ og samarbeid mellom svenske og norske styresmakter og trafikkselskap.

Dei mange og sterke røystene har gjort inntrykk - og har vore med på å løfte denne saka opp på den politiske dagsorden. I Noreg har dette mellom anna gitt seg utslag i at det i plattforma for det noverande regjeringssamarbeidet er teke inn eit eige punkt om at regjeringa skal arbeide for gode togsamband mellom hovudstadene i Skandinavia.

Takk til alle som har vore med på det gode samarbeidet mellom Samferdselsdepartementet i Norge, Hedmark fylkeskommune, Rikstrafiken i Sverige, Värmlandstrafikk AB, Länstrafiken i Ørebro, NSB og SJ.

Samarbeidet mellom desse aktørane vil fortsette, i første omgang i løpet av den treårsperiode som avtalen no omfattar.

I tillegg er dette eit resultat av eit sterkt press og klare meldingar frå næringsliv, organisasjonar og einskildpersonar, altså frå Ola og Kari og frå Medel Svensson. Eit slikt breitt og folkeleg engasjement er viktig og nødvendig for å få til betre og meir miljøvenlege trafikktilbod.

Til dei mange som har engasjert seg vil eg seie: Takk for at de bryr dykk og seier ifrå, og bruk det nye tilbodet!