Historisk arkiv

Opning av Polarsirkelkabelen, Bodø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opninga av Polarsirkelkabelen, Bodø, 6 september 2007.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale ved opninga av Polarsirkelkabelen, Bodø, 6 september 2007.

Eg er svært glad for invitasjonen til å opne Polarsirkelkabelen i dag. Eg har lenge vore oppteken av elektronisk kommunikasjon - telekommunikasjon, kringkastingsoverføring og breibandspolitikk. Ekom-tenester er ein viktig føresetnad for å kunne vidareutvikle eit kunnskapsbasert næringsliv i alle delar av landet.

Polarsirkelkabelen er eit særs godt døme på korleis kraftselskap med lokal forankring og lokalt nedslagsfelt kan samarbeide både med kvarandre og med nasjonale aktørar for å etablere ny infrastruktur. Denne infrastrukturen vil ein ikkje berre få glede av lokalt, den vil også styrkje overføringskapasiteten i det nasjonale transportnettet vårt.

Regjeringa vil at marknadsaktørane skal byggje breibandsinfrastruktur, medan styresmaktene skal leggje til rette for konkurranse i marknaden, og vere ein krevjande etterspørjar av breiband og breibandstenester. Styresmaktene skal også understøtte breibandsutviklinga i område der ein ser at det ikkje vil kome noko marknadsbasert breibandstilbod. Regjeringa har sidan regjeringsskiftet løfta ambisjonsnivået for breibandsutbygginga. I 2006 blei det løyvt 119 millionar kroner til breiband. Med forslaget frå regjeringa i revidert nasjonalbudsjett vil det i 2007 bli brukt heile 377 statlege millionar for å sikre breibandsdekning i heile landet.

Som samferdselsminister er det mi oppgåve å føre tilsyn med og regulere marknaden for elektronisk kommunikasjon. Slik skal vi skape gode rammevilkår for dei som driv verksemd i denne marknaden. Etableringa av Polarsirkelkabelen er eit gledeleg døme på at private selskap og investorar finn det interessant å investere i ekommarkedet.

Tilgang til breiband og digital allemannsrett er viktig for regjeringa, og vi har sett oss høge mål i Soria Moria-erklæringa. Desse er vi no i ferd med å nå. Eg meiner IKT er ein nøkkelteknologi i det moderne samfunnet, ein teknologi som skapar grunnlaget for det globale informasjonssamfunnet. Evna til å utvikle og bruke IKT er avgjerande for å kunne ta vare på og utvikle eit konkurransedyktig næringsliv og ein velfungerande offentlig sektor over heile landet. Ved sida av digital allemannsrett er det viktig å byggje opp under den vidare utviklinga av dagens teknologi, også for dei som har eit godt breibandstilbod i dag. Polarsirkelkabelen her i Bodø er eit godt døme på nettopp dette. Eg ønskjer å gjere mitt for at Noreg skal vere i tet når det gjeld utvikling og bruk av teknologi, samstundes med at vi sikrar ein reell, digital allemannsrett.

Tilgang til breiband gjev betre balanse mellom distrikta og byane, ved å gjere informasjon, kulturtilbod og underhaldning lettare tilgjengeleg for alle. Dette vil vere viktig både for sosial kontakt og demokratisk deltaking, kanskje særleg for unge menneske. Undersøkingar viser at ungdom i dag bruker meir tid på nettet enn dei bruker til å sjå TV. Nettet gir store høve for sosial kontakt og blir stadig viktigare for oppfølging av skule, fritidsaktivitetar og venner.

Eg ønskjer dykk lukke til med den vidare drifta av kabelen og håpar de vil halde fram arbeidet med å etablere framtidsretta infrastruktur for elektronisk kommunikasjon sjølv om kabelen jo er meint å vare dei neste 30 åra.

Til lukke med dagen!

Polarsirkelkabelen

Polarsirkelkabelen er den lengste fiberoptiske sjøkabelen i Noreg, og strekker seg 1005 km frå Trondheim til Narvik. Den går innom i alt 25 tettstader og byer langs kysten, mellom anna Narvik, Lødingen, Bodø, Nesna, Sandnessjøen, Brønnøysund og Trondheim. Med denne kabelen vert fiberkabelkapasiteten mellom Sør-Noreg og Nord-Noreg dobla. KystTele AS eig og er ansvarleg for drift av kabelen.