Historisk arkiv

Opning av Post- og teletilsynets nye bygg i Lillesand

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Tale av samferdselsminister Liv Signe Navarsete ved opninga av det nye bygget til Post- og teletilsynet i Lillesand, 5. september 2007.

Navarsete under opninga av nybygget til Post- og teletilsynetTale av samferdselsminister Liv Signe Navarsete ved opninga av det nye bygget til Post- og teletilsynet i Lillesand, 5. september 2007.

Først og fremst – takk for invitasjonen til å vere til stades her ved opninga av Post- og teletilsynet sitt nye bygg i Lillesand. Dette er ei hending vi har venta lenge på, og no veit vi at ventinga ikkje har vore forgjeves.

I dag feirar vi ikkje berre slutten på ein langvarig flytteprosess som har brakt Post- og teletilsynet frå Oslo til Lillesand. Vi feirar også tilsynet sitt 20-års jubileum.

Eg vil difor også nytta høvet til å gje alle mine beste gratulasjonar til Post- og teletilsynet på 20-årsdagen.

Vi har i dag både fått høyre og sjå glimt frå utviklinga av Post- og teletilsynet frå den spede byrjinga for 20 år sidan, då under namnet Statens teleforvaltning, og fram til i dag.

Mykje har skjedd, særleg når det gjeld utviklinga av tilsynet sine oppgåver. Tidlegare dreiv tilsynet mest med typegodkjenning av terminalutstyr, tilsyn med kabelfjernsynsnett, autorisasjon av leverandørar og installatørar og frekvensforvaltning.

No har tilsynet - i takt med liberaliseringa og marknadsutviklinga - utvikla seg til også å vere marknadstilsyn for den kanskje mest dynamiske marknaden i Noreg, nemlig telemarknaden, det som i vår regulering heiter marknaden for elektroniske kommunikasjonsnett og -tenester. I tillegg har ansvaret for tilsyn med postverksemda kome til.

Post- og teletilsynet representerer den offentlege bindelekken mellom departementet og post- og telemarknaden. Tilsynet sine oppgåver er mangfaldige og varierte, på eit samfunnsområde som så lenge tilsynet har eksistert, har vore prega av sterk dynamikk, både politisk og teknologisk, nasjonalt og internasjonalt.

I løpet av dei to tiåra som har gått sidan Post- og teletilsynet blei oppretta, har vi gått frå ein situasjon prega av eit langt på veg uregulert monopol på telemarknaden, til ein marknad sterkt prega av regulert konkurranse. I ekomlova sitt formål er det slått fast at det skal leggjast til rette for berekraftig konkurranse, og dette har stor praktisk tyding for den daglege verksemda i tilsynet.

Post- og Teletilsynet står i fremste rekkje når det gjeld å meisle ut regelverk og vedtak som har stor innverknad på konkurranseforholda på post- og teleområdet. Ikkje alle avgjerder er like populære hos alle, så her gjeld det for dei tilsette å fatte avgjerder på eit godt og grundig, fagleg fundament. Tilsynet har så langt gjort mykje godt og viktig arbeid, og eg er overtydd om at det vil halde fram også her i Lillesand.

Tilsynet driv også viktig informasjonsarbeid overfor både tenestetilbydarar og publikum, ikkje minst ved å opprette og drive nettstader som skal gjere det enklare for publikum å orientere seg i informasjonsstraumen.

Vi er i dag samla i det første skreddarsydde kontorbygget til Post- og teletilsynet, og eg trur vi alle er samde om at det har blitt et flott og moderne bygg på ei flott tomt, i ein hyggeleg by, i eit vakkert område av landet.

Bygget er eit verdig og tidsriktig uttrykk for statleg byggeskikk, men viktigast av alt - det skal fungere godt for dei som skal arbeide med viktige tele- og postfaglege oppgåver i tilsynet. De kan vere stolte over resultatet av byggeprosessen, dette er eit stasbygg vel verdt å syne fram  til dei som kjem på besøk.

Ikkje alle som skal arbeide her har vore med gjennom heile flytteprosessen. Av om lag 150 medarbeidarar som var i tilsynet då ein vedtok flyttinga, har 25-30 personar tatt utfordringa ved å flytte på seg, og er no etablert i Lillesand-området. Fem av desse har våga spranget fullt ut og blitt bufaste sørlendingar, mens resten førebels har pendlarstatus.

Samstundes har tilsynet drive ein aktiv rekrutteringspolitikk for å bøte på fråfallet av mange gode og trufaste medarbeidarar. Det er godt å vite at tilsynet kan tilby så spanande og utfordrande oppgåver og eit så godt fagleg miljø at ein har kunna velje blant mange gode søkjarar. Desse har ein mangfaldig fagleg forankring, og vil utgjere ein svært god stab.

Mykje historie og kunnskap sit, om ikkje i veggane i det nye huset, så i ryggmergen og den kollektive hukommelsen hos dei medarbeidarane som har vore tilsette i tilsynet i lengre tid. Denne kunnskapen er det viktig å ta med seg i arbeidet framover. Den må også bli overført til dei tilsette med noko kortare fartstid, slik at ein er sikra god kvalitet på arbeidet i tilsynet også i tida framover.

Det faglege miljøet er sjølvsagt avgjerande, men det er også viktig at nyetableringa fører med seg eit godt sosialt miljø for dei tilsette, noko eg er viss på at det blir lagt stor vekt på i den nyoppbyggingsfasen tilsynet no står oppe i.

Eg vil difor avslutte med mine aller beste gratulasjonar til Post- og teletilsynet. Eg er viss på at Post- og teletilsynet med base i dette nye, fine bygget vil halde fram med å spele ein viktig rolle i utviklinga av post- og telemarknadene i åra framover!

Takk!

Foto: Post- og teletilsynet, Vanja Grut-Johnsen (Navarsete) og Åslaug Mostad (bygg).