Historisk arkiv

Rassikring – eit velferdstiltak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp), Firda og Sogn Avis 27. og 28.01.2007

Tysdag 30. januar deltek eg på ein konferanse om rassikring, i regi av Nasjonal rassikringsgruppe. Denne gruppa, som har representantar frå dei mest rasutsette fylka, gjer eit viktig arbeid med å løfte rassikring fram i det offentlege ordskiftet.

Både som samferdselsminister og privatperson kan eg skrive under på kor viktig rassikring er. Som busett i Sogn og Fjordane, er eg vel kjent med korleis det er å ferdast på rasutsette vegar. Eg kjenner personleg foreldre som må sende borna sine langs ein utrygg skuleveg under høge fjell.  

Med statsbudsjettet for 2007 har regjeringa fått til eit kraftig løft for løyvingane til vegføremål, i tråd med Soria Moria-erklæringa og Nasjonal transportplan. Innanfor den auka satsinga på vegføremål er det òg blitt rom for vesentleg auke i midlane til rassikring: I år skal 560 millionar kroner nyttast til prosjekt og tiltak som er med på å sikre mot ras på vegnettet. Av dette beløpet er om lag 320 millionar kroner løyvingar over den særlege budsjettposten ”rassikring”, om lag 160 millionar kroner blir dekt ved midlar frå løyvingane til riksveginvesteringar, medan det ved hjelp av bompengar blir nytta omkring 80 millionar kroner til rassikring.

Like etter at eg kom inn på departementskontoret bad eg Statens vegvesen og Jernbaneverket å gjere nærmare greie kva for følgjer  klimaenderingar og meir ekstremver kan få for utbygging, drift og vedlikehald av veg- og jernbanenettet, med vekt på mellom anna ras- og flaumsikring. Dei statlege transportetatane er no i gang med utgreiings- og forskingsprosjekt, som Samferdselsdepartementet så vil nytte som ein del av grunnlaget for å vurdere om rassikring skal få større vekt i ei ny stortingsmelding om Nasjonal transportplan.

Den auka satsinga på rassikring er med på å gjere det tryggare å ferdast i dei områda av landet der det er mange rasutsette vegar, og fører til at både liv og helse kan bli spart.

Vegar som er stengde på grunn av ras eller rasfare fører dessutan til dårlegare og meir upåliteleg transport. Gods som skal til og frå verksemder kjem ikkje fram i tide. Dette fører igjen til ekstra kostnader for mange verksemder i distrikta. Ei målretta og sterkare satsing på rassikring er difor eit viktig tiltak for å redusere avstandskostnader og –ulemper for folk og næringsliv.

I tillegg til å hindre ulukker og stenging av vegar, har rassikring òg ein annan viktig verknad: God rassikring tek bort noko av den uvissa som mange  opplever når  skulebarn dagleg må ferdast langs rasutsette vegstrekningar. Rassikring er difor – i vid forstand – eit viktig velferdstiltak, som mange stader er avgjerande for å oppretthalde og styrkje næringsliv og busetting.