Historisk arkiv

Regjeringa satsar på rassikring!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete, Nasjonal konferanse om rassikring av vegnettet

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete, Nasjonal konferanse om rassikring av vegnettet

Nasjonal konferanse om rassikring av vegnettet , Grand Hotel Oslo, 30. januar 2007

Først vil eg få takke for invitasjonen til denne konferansen om rassikring på vegnettet, og rose Nasjonal rassikringsgruppe for det arbeidet dei gjer med å løfte rassikring fram rasssikring i det offentlege ordskiftet.

Både som samferdselsminister og privatperson kan eg skrive under på kor viktig rassikring er. Som busett i Sogn og Fjordane, er eg vel kjent med korleis det er å ferdast på rasutsette vegar. Eg kjenner personleg foreldre som må sende borna sine langs ein utrygg skuleveg under høge fjell.  

Samferdsel er ein viktig føresetnad for busetjing, næringsutvikling og ressursutnytting. Spreidd busetjing og store avstandar stiller store krav til transportsystemet. Difor ønskjer regjeringa å satse meir på samferdsel.

Regjeringa har ein ambisiøs transportpolitikk – vi ønskjer å gje heile transportsystemet eit løft. Kvaliteten på infrastrukturen er ikkje tilfredsstillande alle stader i landet. Dette er ei utfordring for næringsliv, alle reisande og heile samfunnet – ei utfordring som regjeringa skal ha fullt fokus på i det vidare arbeidet.

Noreg er eit langstrakt land, med ein spennande og varierande topografi, noko som også gjenspeglast i vegnettet vårt. Vi finn breie og store motorvegar rundt byane, samtidig som det er smale veger som snor seg langs fjordarmar og innover dalbotnar. Det er heilt klart vi står overfor ulike utfordringar innafor tryggleik på vegen, avhengig av type veg og kor vi er i landet. Men det overordna målet er det same, uansett kvar vi er: størst mogleg tryggleik på og langs vegen!!.

Det er utfordring nummer ein for regjeringa å betre kvaliteten på infrastrukturen vi brukar i Noreg. Og vi har med statsbudsjettet for 2007 teke eit skikkelig steg i riktig retning. Regjeringa har auka løyvingane til veg- og jernbaneføremål med i overkant av 2,1 milliardar kroner frå saldert budsjett 2006, og 2,5 milliardar meir enn det Regjeringa Bondevik føreslo.

Denne regjeringa ønskjer å byggje landet og ta landet i bruk. Samferdsel er ein viktig føresetnad for busetting, næringsutvikling og ressursutnytting. Det er ei hovudutfordring å utvikle eit transportsystem med god framkomst, der det òg skal takast omsyn til miljø og trafikktryggleik. Transportpolitikken skal utformast i skjeringspunktet mellom lokale, regionale og nasjonale interesser.

Transportpolitikken har mykje å seie både for private hushald og for næringslivet. Regjeringa legg vekt på å utvikle ein transportpolitikk som tek vare på alle transportbehova til privatpersonar og næringslivet i alle delar av landet. Vi er opptekne av å leggje til rette for trygg og effektiv samferdsel. Samstundes er det viktig at infrastrukturen rundt om i landet skal vere tilgjengeleg for alle.

Dette har alt gitt seg utslag i nivået på investeringane i infrastruktur. Eg er særs nøgd med det nivået som regjeringa har fått til på budsjettet. I budsjettframlegget for 2007 foreslår regjeringa å løyve 23,6 milliardar kroner til samferdselsføremål. Det er første gong noka regjering innfrir NTP-nivået for eit årsbudsjett etter at ordninga med NTP vart innført.

Auka løyvingar til rassikring

Til rassikringsposten vert det løyvd 321 millionar kronar i statlege midlar. Dette er ein auke på 55,8 millionar kroner eller 21 prosent frå saldert budsjett 2006. Vidare vert det lagt til grunn at det skal brukast til saman om lag 160 millionar kroner i statlege midlar til prosjekt og tiltak med rassikringsgevinst på andre budsjettposter (post 30 Riksveg-investeringar, og post 60 Forsøk). Samla statlege løyvingar til rassikringsinnsats i 2007 vil da altså utgjere om lag 480 millionar kroner. I tillegg kjem ekstern finansiering, slik at det totalt vert nytta om lag 560 millionar kroner til rassikring i 2007.

Regjeringa har foreslått fleire større prosjekt med rassikringsgevinst som vi meina bør prioriterast i 2007. Dette er store prosjekt fordelt over heile landet: Vest-Agder, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Nordland og Troms.

  • Rv 43 Aunevik - Bukkesteinen, Lyngdal kommune i Vest-Agder
  • E39 Gammelseter - Nipetjørn, Lindås kommune i Hordaland
  • Rv 5 Langs Kjøsnesfjorden (Hammarsgrova - Stølsneset) i Jølster kommune i Sogn og Fjordane
  • Rv 55 Fatlaberget, Leikanger/Sogndal kommuner i Sogn og Fjordane
  • Rv 55 Stedjeberget, Sogndal kommune i Sogn og Fjordane
  • Rv 617 Gotteberg - Kapellneset, Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane
  • Rv 62 Fresvika - Jordalsgrenda, Nesset/Sunndal kommuner i Møre og Romsdal
  • E10 Gjennom Fjøsdalen, Flakstad kommune i Nordland
  • Fv 347 Arnøya, Skjervøy kommune i Troms                                  

Skred og klima

Det er viktig å nemne at regjeringa tek dei overordna skredproblema svært alvorleg. Desse problema gjer seg gjeldande ikkje berre innafor samferdselssektoren. Våren 2005 vart det satt ned ei interdepartemental arbeidsgruppe som skulle skaffe til veie naudsynt grunnlagsmateriale for å kunne ta stilling til omfanget av og kva som trengs av statleg engasjement opp mot store fjellskred.

Arbeidsgruppa skal i løpet av vinteren komme med vurderingar og forslag til tiltak knytt til skredproblematikken. Det avslutta arbeidet skal brukast inn i statsbudsjettet for 2008. Gruppa ser på alle typar fjellskred, ikkje bare dei som konkret går på rassikring mot veg og bane.

Klimaforskinga konkluderer med at vi vil få mildare vintre, varmare og tørrare somrar, og vesentleg auke i nedbøren, særleg haust og vinter.

Vesentleg meir nedbør fører til auka fare for flom og erosjon og i tillegg til høgare grunnvatnnivå. Dette må det takast omsyn til ved å oppdimensjonere dreneringsforholda for vegnettet, og stille strengare krav til sikring av potensielt ustabile skråningar.

Vi må rekne med å få auka frekvens av sørpeskred og flomskred, og at disse vil kunne skje på nye stader. Dette betyr at det historiske materialet omkring skredfrekvens og skredtypar sannsynligvis ikkje vil stemme med forholda i framtida. Skredsikringsplanane med prioritering av tiltak må revurderast med omsyn til forandring i klima. Vidare må retningslinene for dimensjonering og utforming av skredtiltak tilpassast dei nye verforholda.

Det vil bli auka behov for beredskap i samband med uønskt stenging av trafikken. Det må vidare leggjast vekt på at vi har alternative vegruter med naudsynt bæreemne i fall det skjer brot grunna flom, skred eller utglidingar.

Basert på omfattande forsking, mellom anna for å finne klimaendringanes karakter og transportsektorens kjensle for endringar, vil nye retningsliner for vegbygging vil bli aktuelle.

Å vere trygg på vegen burde vere sjølvsagt, men det er det diverre ikkje i heile landet vårt. Distrikts-Noreg er utsett for mange alvorlege rasulukke, både sumar som vinter, for mange rasulukker. Ei forbetring av dei rasutsette vegane, kanskje særleg dei viktigaste vegane som bind landet saman, er viktig for oss alle. Og næringslivet i distrikta treng stabile og gode vegar å køyre på. Ikkje bare aukar det tryggleiken til sjåførane, det reduserer også transportkostnadene mellom distriktsområde og bynære strok, som er svært viktig for næringslivet i distrikta.

For mange i salen er nok frykt for ras eit velkjent problem. Regjeringa ønskjer eit sterkare fokus på rassikring, og sikring av rasutsette område er høgt prioritert. Vi hugsar nok alle den stygge rasulukka i Hanekleivtunnelen på E18 i Vestfold i romjula. Tunnelsikringsarbeid er svært sentralt i Statens vegvesen sitt arbeid, men ein kan diverre ikkje totalsikre seg mot alle naturforhold. Ein granskingskommisjon arbeide no hardt for å finne svar på kvifor ting blei som dei blei i denne trafikkutsette tunnelen. Vi hugsar også uvêr og ras som råka landets viktige stamvegnett i fleire landsdelar i 2006 (Voss, Vågå, Moskenes). Dette demonstrerte nok ein gong behovet for å ha eit sterkt fokus på flaum og rassikring.

Vedlikehald og investeringar

Stamvegane skal vera effektive transportkorridorar mellom landsdelane og ut i resten av Europa. Regjeringspartia har i Soria Moria-erklæringa framheva behovet for å styrkje det sekundære riksvegnettet og også fylkesvegane, nettopp for å utløyse større verdiskaping. Riksvegnettet i Noreg har diverre eit vesentleg etterslep når det gjeld løyvingar, både til investeringar og til vedlikehald.

På investeringsbudsjettet er det svært store bindingar i 2007. Dette har ikkje minst samanheng med at den førre regjeringa starta opp ein del store prosjekt mot slutten av perioden, da med små oppstartsløyvingar. Det er difor viktig å leggje vekt på rasjonell anleggsdrift i staden for å starte opp endå fleire prosjekt. Når bindingane på stamvegnettet vert redusert, får regjeringa større rom for prioriteringar.

Ein relativt stor del av vegnettet har for dårlig standard, mellom anna på grunn av for liten vegbreidd og dårleg kurvatur. Om lag halvparten av transportarbeidet skjer på stamvegnettet. Regjeringa meiner det er viktig med eit godt utbygd stamvegnett i alle delar av landet. Tofelts veg med midtstripe bør tilstrebast på heile stamvegnettet, og utbygging til firefelts veg på dei mest trafikkerte delane av stamvegnettet er viktig både for framkomst og trafikktryggleik.

Trafikktryggleik er eit heilt overordna mål i samferdselspolitikken, og regjeringa vil styrkje arbeidet for å betre tryggleiken og dermed nærme oss nullvisjonen. Sjølv om stygge ulukker hender, vi hugsar tragiske hendingar rundt jule- og nyttårstidar, må vi halde fram. I budsjettet for 2007 ligg det mange tiltak som vil medverke til ei slik utvikling, mellom anna løyvingar til nye og sikrare vegar, auka satsing på rassikring og eit meir effektivt og målretta arbeid med å kontrollere trafikkantar og køyretøy på vegane.

Det er svært mange utfordringar å handtere. Regjeringa vil arbeide for eit sikrare, meir miljøvennleg, meir effektivt og tilgjengeleg transportsystem. Vi er klar over utfordringane som ventar, og vi har enno mange mål som skal nås!

Drift og vedlikehald av vegnettet kjem alle til gode. Vi kan ikkje nyinvestere oss ut av høge transportkostnadar over heile landet. Ein brukbar standard på alle vegane som allereie er bygd er difor svært viktig. Det er dette vi ynskjer å gjere noko med.

Dei auka løyvingane til drift og vedlikehald skal i all hovudsak gå til å styrkje vegvedlikehaldet. Driftsoppgåver som tek vare på trafikktryggleiken har høgste prioritet.

Vi starta opptrappinga av vegløyvingane i statsbudsjettet for 2006 ved å plusse på 460 millionar kroner, følgde opp i Revidert nasjonalbudsjett, og haldt fram den svært så positive utviklinga i budsjettet vårt for 2007. Denne regjeringa står på for å oppnå dei solide måla vi har sett oss i Soria Moria-erklæringa.

Nullvisjonen er den berande fana for trafikktryggleiksarbeidet. Nullvisjonen har ført til at styresmaktene sitt arbeid med å betre trafikktryggleiken, deriblant rassikring, har vorte meir målretta.

Samferdsel er ein av dei viktigaste politiske reiskapane når regjeringa vil styrkje det norske næringslivet si konkurranseevne. Næringslivet etterspør bustad- og arbeidsmarknadsregionar som kan utvikle seg vidare. Gode transportløysingar er ein viktig føresetnad for utviklingspotensialet, og trygge og rassikre vegar, er høyst sentral i dette arbeidet.

Vi har som eg tidlegare har nemnt, samstundes teke tak i dei utfordringane som endra klimatilhøve generelt kan gi for samferdslesystema. Statens vegvesen arbeider med eit etatsprosjekt (med mellom anna Statens vegvesen, Jernbaneverket, Avinor og Kystverket) for å vurdere om ein skal endre krava til skredsikring, nyanlegg, vedlikehald og drift av vegar, bruer og ferjekaier som følgje av endring i klimatiske tilhøve. Dette kjem inn i neste Nasjonale transportplan (NTP) som ein ny og viktig dimensjon.

NTP

Når vi ser litt lengre fram i tid er arbeidet med neste Nasjonale transportplan (NTP) heilt sentralt i vårt arbeid. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei Stortingsmelding om NTP 2010-2019, ved årsskiftet 2008/2009. Den nasjonale transportplanen skal leggje grunnlaget for politiske prioriteringar i transportsektoren der ulike mål og omsyn skal vegast. Det er høgst viktig med heilskapelege og langsiktige rammevilkår innan samferdselspolitikken, og NTP er eit viktig verktøy for å få dette til.

Det er eit mål å styrkje samspelet mellom transportformene. Hovudmåla i transportpolitikken er som sagt auka tryggleik, meir miljøvenleg transport, regional utvikling og eit effektivt og tilgjengeleg transportsystem for næringslivet og befolkninga i heile landet. Vi vil arbeide vidare med ei betre framstilling av dei transportpolitiske måla.

Skredsikring kjem inn som ein viktig og ny dimensjon i NTP.

Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok i si handsemjing av nasjonal transportplan like før jul, å krevje at skredsikringspotten på statsbudsjettet vert auka til ein mrd. kr. Fylkestinget seier der at behovet for at folk i skredtrua område skal kjenne seg trygge, er så stort at Møre og Romsdal må stå fremst i kravet om meir pengar til skredsikring. Eg set pris på slike initiativ for ein svært viktig sak, men at potten til rassikring skal komme opp i 1 mrd. kr kan eg diverre ikkje love.

Avslutting

Vegane har ei avgjerande rolle med å knytte landet saman, sikre tilkomsten til distrikta og halde Noreg i gang. At all ferdsel på og langs vegane våre i heile dette landstrakte landet er trygge, burde som tidlegare sagt vere ei sjølvfølgje. Dette er eit overordna mål for regjeringa.

Den auka satsinga på rassikring er med på å gjere det tryggare å ferdast i dei områda av landet der det er mange rasutsette vegar, og fører til at både liv og helse kan bli spart.

Vegar som er stengde på grunn av ras eller rasfare fører dessutan til dårlegare og meir upåliteleg transport. Gods som skal til og frå verksemder kjem ikkje fram i tide. Dette fører igjen til ekstra kostnader for mange verksemder i distrikta. Ei målretta og sterkare satsing på rassikring er difor eit viktig tiltak for å redusere avstandskostnader og –ulemper for folk og næringsliv.

Det er ikkje alltid regjeringa kan gjere noko for å hindre tragiske hendingar langs vegane, veret og naturen spiller ein avgjerande part og er sterke krefter. Men eg kan love denne forsamlinga at eg som samferdselsminister skal gjere det eg maktar for at arbeidet med rassikring skal stå høgt på prioriteringslista.

I tillegg til å hindre ulukker og stenging av vegar, har rassikring òg ein annan viktig verknad: God rassikring tek bort noko av den uvissa som mange  opplever når  skulebarn dagleg må ferdast langs rasutsette vegstrekningar. Rassikring er difor – i vid forstand – eit viktig velferdstiltak, som mange stader er avgjerande for å oppretthalde og styrkje næringsliv og busetting.

Vi skal arbeide aktivt for å få meir midlar til viktige og nødvendige vegprosjekt, ikkje minst skal vi arbeide for auka trafikktryggleik og rassikring.

Takk for meg.