Historisk arkiv

Regjeringa satsar på rassikring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete, Tidens krav, 05.02.2007

Rassikring er eit emne – som med rette – har ein stor plass i ordskiftet om vegtrafikk og vegutbygging. Frå folk og næringsliv får eg klåre meldingar med ønske om meir midlar til rassikring, samtidig som eg får ønske som gjeld til dømes  midtdelarar på smale vegar med mykje trafikk og mange ulukker. Nasjonal rassikringsgruppe er mellom dei som med tyngde fører fram synspunkt og krav når det gjeld rassikring. 

Det er flott at så mange er utolmodige og har så gode og sterke meiningar om kva som må til for å få til eit enda tryggare, meir miljøvennleg og betre vegnett i heile landet. Men skal ein nå fram med sine synspunkt og krav er det viktig at iveren ikkje tar overhand, og at ein ikkje gløymer at det faktisk er noko som heiter ”å prioritere”. I den verkelege verda må ein vurdere løyvingar til samferdselsføremål i samanheng med ønske og behov innanfor sektorar som til dømes omsorg, helse og skole. Og innanfor samferdselssektoren må midlar til rassikring vurderast i samanheng med løyvingar til andre tiltak for å gjere vegtrafikken tryggare.

Dei fleste som deltar i ordskiftet skjønar kva ”prioritere” tyder i praksis. Det er difor leit at somme viser seg å ha så lita innsikt i politiske prosessar at dei ser bort frå alt som heiter prioritering, og at dei endatil ventar at samferdselsministeren skal møte opp på konferansar for å ”dele ut milliardbeløp” på statsbudsjettet i åra framover.

Eg vil ikkje vere med på eit slikt lettvint spel og konkurranse om mest mogeleg jubel og applaus. Eg vil heller handtere rasskring i budsjett og planarbeid på ein måte som fører fram til resultat som monnar.

Og eg kan love dette: Regjeringa kjem til å prioritere rassikring høgt. Det skal vi vise gjennom budsjettframlegg og Nasjonal transportplan.

Ein del avisoppslag gir dessutan inntrykk av at mange ikkje heilt har fått med seg dette vesentlege punktet i statsbudsjettet for 2007:

Regjeringa har i budsjettet for i år fått til eit kraftig løft for løyvingane til vegføremål, i tråd med Soria Moria-erklæringa og Nasjonal transportplan. Innanfor den auka satsinga på vegføremål er det og blitt rom for vesentleg auke i midlane til rassikring: I år skal 560 millionar kroner nyttast til prosjekt og tiltak som er med på å sikre mot ras på vegnettet.