Historisk arkiv

Tiltak for trygge tunnelar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete, Tønsberg Avis 13. juni 2007

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete i Tønsberg Avis, 13. juni 2007

Kort tid etter raset i Hanekleivstunnelen på E 18 den 25. desember i fjor avgjorde Samferdselsdepartementet og Vegdirektoratet at det skulle setjast ned ei uavhengig undersøkingsgruppe, med tre geologar. Gruppa skulle klarleggje moglege årsaker til raset på E18 og foreslå eventuelle forbetringstiltak når det gjeld utbygging, vedlikehald og drift av vegtunnelar. Rapporten vart lagd fram i midten av februar, og eit tillegg kom i mars.

Stortinget er, gjennom omtale i ein stortingsproposisjon som vart lagt fram den 15. mai, blitt orientert om konklusjonane og tilrådingane frå arbeidsgruppa. I denne orienteringa gjer Samferdselsdepartementet også greie for oppfølging av rapporten frå arbeidsgruppa. Her blir det vist til at mellom anna ei eiga ekspertgruppe, med medlemmer frå heile ”tunnelbransjen”, skulle sjå på moglege forbetringstiltak og at også internrevisjonen i Vegdirektoratet skulle ta for seg ulike sider ved handteringa i Statens vegvesen når det gjeld utbygging og sikring av Hanekleivtunnelen og andre vegtunnelar.

Rapportane frå ekspertgruppa og frå internrevisjonen vil bli lagde fram om svært kort tid.

For meg er tryggleiken i vegnettet prioritet nr. ein. Det er bakgrunnen for at det no er sett i gang eit omfattande forsterkings- og utbetringsarbeid i tunnelar på E18 i Nordre Vestfold.

Undersøkingane og rapportane som alt er lagde fram eller som er i kjømda skal også først og fremst tene tryggleiken, og gi oss alle eit betre grunnlag for å svare på mellom anna dette spørsmålet:

Kva for lærdommar kan vi trekkje av hendingane i tunnelane på E18, når det gjeld tekniske løysingar, ressursbruk, organisering, oppgåve- og ansvarsfordeling og leiing av arbeidet på fleire plan, både i Statens vegvesen og hos entreprenørar, konsulentar og andre?

For meg er dette hovudspørsmålet som vi må ha klart for oss når det om kort tid blir lagd fram nye rapportar og vurderingar om tunnelsikring.

Trafikktryggleik i tunnelar og på resten av vegnettet er for viktig til å ende opp i lettvint polemikk. Med det materialet som no vert lagt fram vil vi ha grunnlag for eit framtidsretta og offensivt offentleg ordskifte om dei rette tiltaka for enda tryggare vegtrafikk.