Historisk arkiv

Debattinnlegg om rassikring i Oppdølsstranda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Romsdals Budstikke, 29. august

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes debattinnlegg i Romsdals Budstikke 29. august 2008, i samband med raset i Oppdølsstranda.

Rassikring i Oppdølsstranda

Stortingsrepresentant Åsmund Kristoffersen tar i eit innlegg i Romsdals Budstikke 28. august for seg raset på riksveg 70 i Oppdølsstranda. Han nyttar mellom anna avisinnlegget til å oppmode samferdselsministeren til ”raskt å få satt ut i livet planene om ei tunnelløsing for hele den rasutsatte strekningen”.  

Det er god grunn til å vere utolmodig når det gjeld rassikring i Oppdølsstranda. Men å kome med altfor raske konklusjonar og ferdige løysingar ”i ein fei”, er noko som ikkje tener saka og er ikkje er min arbeidsmåte.

Eg kan ikkje utan vidare gje lovnad om løyvingar til ny tunnel, og eg kan heller ikkje seie noko om når ein eventuell ny tunnel kan vere ferdig. Det er avhengig av  at nye løyvingar kjem på plass, og det er eit regjeringsspørsmål som ikkje ein enkelt statsråd kan avgjere. Det høyrer også med i biletet at fylket har prioritert dette prosjektet etter to andre rassikringsprosjekt.

Det er no viktig at ein får på plass mellombelse transportløysingar i området, samstundes som ein får avklart kva som på kort og noko lengre sikt må gjerast for å rassikre vegven gjennom Oppdølsstranda. Ei slik avklaring må vere grundig og skje på ein forsvarleg måte, i eit nært samarbeid med lokalsamfunnet og lokale styresmakter.

Raset i Oppdølsstranda har gjort eit stort inntrykk på meg. Auka løyvingar for å gjere vegane betre og tryggare for folk og næringsliv i distrikta, i Oppdølsstranda og andre stader, er ei oppgåve eg tek alvorleg. Eg er takksam for dei mange gode innspel og den støtte eg har fått i dette arbeidet.