Historisk arkiv

Meir pengar til rassikring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Romsdals Budstikke, 16. oktober 2008

Debattinnlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete, publisert i mellom anna Romsdals Budstikke, 16 oktober 2008.

I mange lokalsamfunn skapar faren for ras dagleg frykt og uro blant folk. Rassikring er difor ei oppgåve denne regjeringa prioriterer høgt. I budsjettframlegget vårt for 2009 har me auka tilskotta til rassikring med 130 millionar kroner frå i år. For at folk skal kome seg fram og tilbake frå jobb, skule og fritidsaktivitetar – og kunne halde fram med å bu der dei aller helst vil bu, må rassikring prioriterast endå høgare enn tidlegare.

Nokre vil innvende at det er få som blir drepne av ras i løpet av eit år. Til det vil eg svare at den belastinga det er å stadig skulle vere redd for eit ras som kan kome, den går det ikkje an å setje nokon prislapp på. I tillegg påfører stengde vegar og jernbane næringsliv og samfunn store kostnader. Rassikring blir endå viktigare på grunn av klimaendringane. Meir nedbør vil kunne medføre at det går fleire ras og at dei går på nye stader – noko me har sett døme på siste tida. Regjeringa går difor inn for at det neste år skal brukast i alt om lag 650 millionar kroner til prosjekt og tiltak som er med på å sikre mot ras på vegnettet. Dette er ein auke på 25 prosent frå 2008. Med dette framlegget vil dei statlege løyvingane til rassikring vere 100 millionar kroner høgare enn det Nasjonal transportplan for perioden 2006-2009 la opp til.

Satsinga på rassikring skal trappast ytterlegare opp. Eg har som utgangspunkt at det skal brukast ein milliard kroner årleg på rassikring når eg no arbeider med ein ny Nasjonal transportplan, som skal leggast fram på nyåret. Ein rassikringsmilliard årleg dei neste ti åra vil gjere vegane våre klart tryggare til glede for folk og næringsliv.