Historisk arkiv

Eit skikkeleg samferdselsløft

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Oppland Arbeiderblad, 3. november 2008

Debattinnlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete, publisert i Oppland Arbeiderblad, 3. november 2008.

At vegane er gode og trygge og at toget går i rute og når ein treng det, er viktig for kvardagen til folk i heile landet. Folk skal fram til jobb og barnehage, og næringslivet skal fram med varene sine. Gode transportsystem er heilt avgjerande. I statsbudsjettet for 2009 har regjeringa føreslått ei historisk satsing på samferdsle. Vi vil bruke 28 milliardar kroner til tryggare, meir miljøvennleg og effektiv samferdsle. Det er ein auke på 3,2 milliardar kroner frå 2008. Med dette forslaget tek regjeringa eit nytt stort løft for utbygging, drift og vedlikehald av veg- og jernbanenettet vårt, og vi meir enn oppfyller dei økonomiske rammene for Nasjonal transportplan 2006-2009.

Framlegget vårt til statsbudsjett for 2009 har sterk vekt på klima- og miljøtiltak og løyvingar som styrkjer kollektivtrafikken. Rassikring og andre tiltak som fører til tryggare trafikk er mellom anna dei områda som har fått størst auke. Løyvingane til målretta trafikktryggleikstiltak blir nær dobla og passerer no ein milliard kroner. Til vegføremål er det sett av 17 milliardar kroner. Vi har blant anna føreslått anleggsstart på seks større vegprosjekt på stamvegnettet og åtte større prosjekt på øvrig riksvegnett – i tillegg til anleggsstart på ei rekkje mindre prosjekt. Det vil bli mykje anleggsarbeid rundt i heile landet neste år.

Til jernbaneføremål er det sett av bortimot 9 milliardar kroner, blant anna 3,2 milliardar kroner til investeringar i jernbanenettet. Det er ein auke på 36 prosent frå i år, og såleis tidenes satsing på jernbane. Regjeringa har teke grep på jernbaneområdet og sørgjer for at jernbanen kan gå inn i ei ny tid.

Eg er stolt over å være samferdselsminister i ei regjering som peikar ut ein annan og langt meir offensiv kurs for å byggje heile landet. Budsjettet for 2009 er eit viktig skritt på vegen. Etter jul vil Samferdselsdepartementet leggje fram ein ny nasjonal transportplan for dei neste 10 åra. Her vil vi følgje opp satsinga i statsbudsjettet med eit ytterlegare løft på samferdselsområdet i nord, sør, aust og vest.