Historisk arkiv

Festtale ved jubileumsfest for Christine Leigh`s legat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes festtale ved jubileumsfest for Christine Leigh`s legat, Sogndal 22. november 2008.

Kjære sambygdingar, kjære alle!

Det er hyggeleg å vere her saman med dykk for å feire hundreårsjubileet til eit viktig legat som kanskje ikkje alltid har fått så mykje merksemd som det burde fått. Eg har lyst å starte med ein hjarteleg takk til Anders Timberlid for ei interessant gjennomgang av historia til legatet. Takk til arrangørane som har skipa til ein slik fantastisk kveld. Og takk til alle dykk som har gitt oss åndeleg påfyll. Å høyre og sjå dykk spele, synge og danse, å sjå alt talentet og all kreativiteten som finst i denne bygda, gjer meg veldig stolt over å vere sogndøl. For det er eg. Rett nok er det i dag Lærdal eg bur, men det er i Sogndal eg er fødd og oppvaksen, det er i Sogndal eg har budd mesteparten av livet – og sogndøl kjem eg til å vere så lenge eg lever.

Christine Leigh`s legat legat handlar for meg om to ting. Det handlar om å ta vare på kvarandre, og det handlar om kvinner. Som Anders fortalde, legatet er oppretta av ei kvinne, til minne om ei kvinne og i hovudsak til bruk for kvinner. Når eg høyrde Anders fortelje, slo det meg at dette huset har eigentleg romma heile livssyklusar. Her har vore alt frå fødestove til eldretrim. At huset i dag rommar alt frå studenthyblar til pensjonisttreff, frå leilegheiter for flyktningar til fotpleie, tykkjer eg viser det store spennet i det å ha omsorg for kvarandre. Og det kan då knapt finnast noko legat her til lands som femnar vidare enn dette legatet.

Det er ikkje berre kvinner som bryr seg, eller som tek vare på folk rundt seg, det gjer menn òg, i fullt mon. Opp gjennom historia er det likevel mange sterke, flinke kvinner som har vore viktige i samfunna kring seg, og som kanskje ikkje har tedd så godt att i historiebøkene. Åse Marie Nesse skreiv eit flott dikt, ”Dei gamle kvinnene”, som eg tykkjer skildrar dette godt:

Dei gamle kvinnene
Sterkare enn alle
er dei gamle kvinnene
dei kan bere sju vaksne søner
på strakt hjarta
løfte opp ein fallen sjømann
med sine krokete fingrar
falda i bøn

og utan å klage
kan dei vake under vekta av
ein gjennomsnitts småby
med blytunge sorger
som søv

sterkare enn alt i verden
er dei gamle kvinnene
dei lever av luft og einsemd
riv av kalenderen med stor ro
og greier nesten
å overvinne døden

Berre tenk på dei mange små samfunna oppover langs kysten der mennene nesten alltid var på fiske og det var kvinnene som dreiv både gard og familie og lokalsamfunnet elles. Mange av dei måtte til slutt oppleve den dagen då mannen ikkje kom heim meir. Eg har sjølv opplevd å bli enke, og korleis folk då brydde seg og stilte opp for meg. Mor mi, venninnene mine, sterke, flotte kvinner som var der og hjelpte meg. Men også grannar og andre kjenningar.

Både denne erfaringa og fleire andre har gjort at eg er heilagt overtydd om at folk er betre ”enn sitt rykte”. Eg trur at dei fleste av oss verkeleg bryr oss om kvarandre, både her i Sogndal og i Noreg elles, og at det er heilt andre ting enn stadig større materiell velstand som avgjer om folk er tilfredse med liva sine eller ei. Eg trur det er viktig at me prøver ta med oss den omsorga me kjenner for familiemedlemer, naboar, venner og kjende ut i samfunnet, ut til alle dei me ikkje kjenner, ut til sambygdingar me aldri har snakka med, ut til folk i andre landsdelar, ut over landegrensene, at me gjer som Arnulf Øverland oppmoda oss om – og ikkje tåler så inderleg vel den urett som ikkje rammar oss sjølve, at me tek omsuta vår med ut  til land og folkeslag som i det daglege møter tøffare utfordringar enn dei fleste av oss. 

Me er nemleg heldige som bur i Noreg. Eg meiner også det er heilt feil, det som ein av og til kan få inntrykk av blant anna i media: at det står så dårleg til med alt her i landet. Eg er djupt, djupt usamd med dei som framstiller Noreg som ”ein politisk jammerdal” der det meste er mislukka, gale eller på skakke. Lat oss slå det fast ein gong for alle. Me er eit privilegert folk, og me lever i eit privilegert land, rikt på naturressursar. Kloke og framsynte folk som kom før oss har sikra oss nasjonal råderett over viktige ressursar som fisk, vasskraft, olje og gass, noko som har gjeve grunnlag for eit variert næringsliv og store verdiar på fellesskapet si hand.
Likevel er det mykje att å gjere. For meg er den viktigaste oppgåva no å byggje landet og investere i framtida. Eg har lyst å ta med endå eit lite dikt av Åse Marie Nesse:

Nedover-dalen
er det farleg glatte bakkar
med motsett forteikn
altfor lett å kome på gli
berre strake vegen, strykande
her er ingen motstand
berre fargelaus medvind
eit makeleg flog
i ingen himmelretning
og utan veger

På Oppover-fjellet
er det alltid ein ny avsats
å hake seg fast i
stå der i si fulle høgd
eit gjennomblåst sekund
før neste etappe
utsyn på utsyn opnar seg
alt er fridom og valg
alt er vilje og veg.

Eg tykkjer dette diktet høver så godt av fleire grunnar. For det første: det buttar litt i mot for tida, med finanskrise, klimakrise og matkrise, men det er som kjent nettopp i motbakke det går oppover! Dessutan, ja, me har store ressursar og stor handlefridom. Likevel må me ta val, me kan ikkje gjere alt på ein gong. Me må ta ein og ein avsats, ein og ein etappe. Difor må me gjere det viktigaste først. Noreg har ein historisk moglegheit – no før eldrebylgja slår inn – til å investere i infrastruktur og kunnskap som vil gje velferd og velstand for framtidige generasjonar.

Eg tykkjer me må ta grep for å pusse opp og vedlikehalde fellesskapsinstitusjonane våre – som skular, kyrkjer og kulturhus. Me må ta grep for å vedlikehalde jernbanen, vegane og hamnene våre – men me må også samstundes bygge meir nytt. Me må tenkje rettferd og at heile landet skal med. Alle har rett til dei same goda – uansett kvar dei bur. Det er det som er distriktspolitikk i praksis. For meg ligg dette i botn i alt eg gjer: bygge landet, ta heile landet i bruk – og dei same goda uansett kvar ein bur.

Det er ikkje berre som sogning eg er her i dag, det er nok også som samferdselsminister. Gode transportsystem og god kommunikasjon – gode og trygge vegar, ferjer og fly som går når dei skal, mobildekning nesten overalt, breiband sjølv på ”den ytterste nakne ø”, post som kjem fram – alt dette er limet i tilveret både for folk og næringsliv. Eg er stolt over det løftet regjeringa har fått i stand for samferdsla, og ikkje minst av at eg fekk eg motbevist det Kjell Opseth sa til meg i 2005, at det eg ikkje fekk til første året, det kom eg aldri til å få til. I budsjettet for 2009 satsar me på rassikring, me doblar potten til trafikktryggleikstiltak, og me har sidan me overtok løyva mange friske milliardar ekstra til både veg og jernbane. Likevel – det er mykje som gjenstår og me set oss stadig nye mål. Eg trur det trengs ein del nye grep, nærast ein samferdslereform, for å få gjort dei store viktige tinga raskast råd. Tidleg neste år skal eg leggje fram ny Nasjonal Transportplan for åra fram mot 2020. Det gler eg meg til.

Den andre grunnpilaren i framtida vår, trur eg er forsking og utdanning. For å kunne bygge landet, ikkje minst for å kunne utnytte naturressursane våre betre, treng me folk med kunnskapar og ferdigheiter på høgt nivå. For å få til det, treng me betre utdanningsinstitusjonar over heile landet – her er jo Sogndal eit glitrande føredøme – og me må tore å bruke midlar på forsking og utdanning. Dette er noko eg vil kjempe for.

Me politikarar kan likevel ikkje skape vekst og utvikling. Eg kan ikkje få sagt det mange nok gonger: det er ikkje politikarane som driv verda framover. Korkje regjering, fylke eller kommune kan vedta utvikling. Me er avhengige av einskildpersonar og grupper som vil noko, folk med kreativitet og skapartrong og energi. Vår jobb er å legge til rette, lage gode rammevilkår. Sjølve jobben må gjerast lokalt. Her i Sogndal har me så mykje å vere stolte av. Me har verdas vakraste natur i fylket vårt, det har me Unesco-bevis på, me har eit godt fotballag, me har suksessrikt næringsliv, det er Lerum eit glitrande døme på. Me har eit blømande kulturliv, det ser me her i dag. Me har eldsjeler som står på og skipar kveldar som dette. Hald fram slik, men hugs å ta vare på kvarandre midt i strida! Eg har lyst å avslutte der eg byrja, og minnast søstrene Leigh og omsuten deira med eit vers av Jan Erik Vold:

TA VARE
på vennene, ta VARE
på vennligheten, vis gjerne
litt selv om du kan, dagen er blå
og dagen er grønn, dagen
er hvit - det er ikke annet
enn livet det her, vi er alle borte – nå
eller om litt, take it easy menneske
but take it, det er ikke
annet enn virkelighet
vet du, snart er 101 inne snart
er 101 ute - jeg sier:
Vennlighet varer lenger, ta VARE
på vennligheten, ta VARE
på vennene - HEI - HEI! ta nå
vare på hverandre.