Historisk arkiv

Første spadestikk for Bybanen i Bergen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

7. januar 2008

Samferdselsminister Liv Signe Navarsetes tale i høve første spadestikk for Bybanen i Bergen, 7. januar 2008.

Kjære alle saman!

I dag går startskotet for det som vil bli den største samferdslesatsinga i Bergen på lang tid, eit viktig kollektivprosjekt både på nasjonalt og lokalt nivå. Det er ei stor glede for meg å få ta del i denne oppstarten, og eg ser fram til byggetrinn 1 står klart om to år.

Bergensarane er eit engasjert folkeferd, òg når det gjeld samferdsla i byen. Det er bra at diskusjonen går livlig kring Bybanen. Sjølv føler eg meg viss på at den valde løysinga vil gjere Bergen til ein endå hyggelegare og betre by å bu i. Når første del av bana opnar for trafikk i 2010 vil luftkvaliteten i byen bli betre, og støyplagene mindre. Dermed blir Bybanen eit viktig bidrag til auka trivsel og betra helse for innbyggjarane. Dessutan vil bilkøane bli mindre og trafikkavviklinga raskare – slik at Bergen vert ein enklare by å ferdast i.

Det er viktig, i ei tid med stadig trafikkvekst. Vi kan ikkje lenger byggje oss ut av kapasitetsproblema i dei største byane med stadig nye vegar, no må vi finne alternative løysingar, og nettopp det er Bybaneprosjektet eit døme på.

Bybanen er òg viktig med tanke på det globale miljøet. Klimaendringane har ført oss inn i ei brytningstid, noko som gjer at vi no gjennomfører ei gradvis grøn vriding av transportpolitikken. Difor vil vi flytte mest mogleg av persontransporten i byane over frå biltrafikk til kollektivtransport. For å kunne gjere det, må kollektivtransporten få auka kapasitet, og tilbodet må bli meir føreseieleg og høgfrekvent enn i dag.

Moderne løysingar som Bybanen i Bergen er førebilete for vidare byutvikling òg i dei andre store byane våre. Eg er glad for at byggherrane har vald løysingar som vil fungere òg om 20 og 50 år. Langsiktig tenking er heilt naudsynt ved ei så stor investering.

Bybanen er eit ambisiøst prosjekt. Planen er som kjent at bana skal gå frå Sentrum til Flesland. Det er lagt til grunn ei etappevis utbygging, i første omgang frå Sentrum til Nesttun. Det er arbeidet med dette byggetrinnet som no startar opp. Sjølvsagt vil nytteverdien bli større for kvart byggetrinn, men første byggetrinn er ein viktig og god start.

Bybanen er ein del av Bergensprogrammet for transport, byutvikling og miljø. Finansieringa er løyst som eit spleiselag mellom Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune, Staten og innbyggjarane. For meg som samferdselsminister er det gledeleg å sjå at det verkar som Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune no samarbeider godt om Bybanen.

I eit kollektivprosjekt er det viktig at ein finn løysingar som ikkje berre er teknisk gode, men glir godt inn i bybiletet. Det er flott å sjå at arbeidet med design involverer alt frå landskapsarkitektur og leskur til uniformer. Eg trur Bybanen etter kvart vil bli nok ein turistattraksjon for Bergen.

Det er òg viktig at løysingane er brukarvenlege. Eg er oppteken av at kollektivtransport skal vere tilgjengeleg for alle, og er glad for at det er vald vogner med låggolv, slik at både rullestolbrukarar, reisande med barnevogn og andre kan bruke Bybanen.

Mange av dykk som ferdast i byen til dagleg vil få endra reisevanar allereie no i byggeprosessen. Kapasiteten på vegnettet langs traseen blir redusert, og delar av hovudvegnettet blir stengt i periodar. Heldigvis er det lagt ned mykje arbeid i å finne gode alternative løysingar, blant anna mellombelse busstrasear, slik at det oppstår minst mogleg ulemper for dei reisande i byggeperioden. Så gjeld det å vise litt tålmod medan arbeidet står på, og hugse at Bybanen skal bidra til at bergensarane snart kan reise raskt, lettvint, komfortabelt – og miljøvenleg – i lang tid framover.

Med dette vil eg ynskje Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune, Statens vegvesen, entreprenørane og alle andre involverte lukke til med Bybanen i Bergen. Det er ei stor ære og glede for meg å ta det første spadestikket for dette prosjektet!