Historisk arkiv

Ikkje ny praksis for informasjonsflyt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Aftenposten, 20. desember 2008

Debattinnlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete om informasjonsflyten mellom Samferdelsdepartementet, statlege selskap og Stortinget, publisert i Aftenposten 20. desember 2008.

Aftenpostens leiar 14. desember fastslår at eg vil hindre statlege selskap å uttale
seg til Stortinget utan representant frå Samferdselsdepartementet til stades, og kallar dette eit anslag mot dei folkevalde si plikt til å granske forvaltinga.

Eg vil presisere at utkastet til retningsliner ikkje representerer ny praksis, men er eit forslag om å nedfelle mange års praksis skriftleg for å medverke til ryddig og greitt
samarbeid mellom departement, selskap og storting. Som statsråd og generalforsamling er eg ansvarleg overfor Stortinget for eigarskapsutøvinga i selskapa, og bør difor vere orientert om det som kjem fram i kontakten mellom Stortinget og selskapa. Departementet nektar sjølvsagt ikkje Stortinget informasjon, og gir heller ikkje selskapa munnkurv.

Det går tydeleg fram av utkastet at departementet skal informerast om kontakt
– ikkje hindre eller forby den. Eg trur Stortinget har nytte av klare rollar og samarbeidsformer. Korleis det å halde eigar uvitande om kontakten mellom selskapa og Stortinget skulle bidra til å «granske hva forvaltninga
driver med», er for meg uklart.