Historisk arkiv

Innlegg - "Hurtigruta er viktig"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Avisinnlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete om Hurtigruta. Innlegget har stått på trykk i Bladet Tromsø, Nordlys og Troms Folkeblad, 1. november 2008.

Avisinnlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete om Hurtigruta. Innlegget har mellom anna stått på trykk i Bladet Tromsø og Nordlys, 1. november 2008.

Hurtigruta er viktig!

Hurtigruta speler ei viktig rolle for transport av folk og gods langs kysten og er eit fyrtårn på reiselivsområdet. Det har difor vore svært viktig for meg som samferdselsminister å ta grep for å sikre framtida til Hurtigruta.

Tidlegare har regjeringspartia sikra Hurtigruta nettolønsavtale verd 100 millionar kroner. Måndag denne veka vart det klart at Hurtigruta får 125 millionar kroner ekstra i 2008. Med denne tilleggsløyvinga vil Hurtigruta få 413 millionar kroner over statsbudsjettet i år. Det tykkjer eg tilbodet til Hurtigruta er verdt.

Tilleggsløyvingane er dels kompensasjon for auka Nox-avgifter i 2007 og første halvår 2008, og dels ein generell kompensasjon som skal bidra til å sikre at Hurtigruta kan yte gode tenester i tråd med avtalen som er inngått med staten. Den generelle kompensasjonen blir vidareført ut avtaleperioden.

Samferdselsdepartementet set samstundes i gang arbeidet med nytt anbod som har som mål å få ut konkurransegrunnlag før sommaren. I utarbeidinga av anbodet vil eg leggje vekt på eit tett samarbeid med fylka langs kysten. Samferdselsdepartementet godtek også at selskapet kan ta ut eitt skip i vintersesongen for resten av avtaleperioden.

Eg gjer dette fordi eg ønskjer å bidra til at Hurtigruta også i framtida skal vere eit godt tilbod til folk og næringsliv langs kysten. Ikkje minst vil eg at Hurtigruta skal spele ei enda viktigare rolle for reiselivet i Nord-Noreg, slik det er lagt opp til i regjeringas reiselivsstrategi.

Reiselivsnæringa, staten og Hurtigruta har felles interesse av å gjere Hurtigruta endå meir attraktiv for nordmenn og for utanlandske turistar som ynskjer å oppleve alt det fantastiske Vestlandet og Nord-Noreg har å by på. Dei grep regjeringa no har teke vil vere med på å gjere Hurtigruta betre rusta til å møte framtida.